In Dreams av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå In Dreams)
Hopp til navigering Hopp til søk
In Dreams
Singel av Roy Orbison
frå albumet In Dreams
B-side «Shahdaroba»
Utgjeve Februar 1963
Innspelt Tidleg 1963 i Monument Records studio, Hendersonville i Tennessee
Sjanger Pop
Lengd 2:48
Selskap Monument
Låtskrivar(ar) Roy Orbison
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
«Working for the Man»
(1962)
In Dreams «Falling»
(1963)


«In Dreams» er ein song skriven og framført av Roy Orbison. Det er ein opera-aktig ballade om tapt kjærleik som vart gjeven ut som singel på Monument Records i februar 1963. Han vart tittelsporet på albumet In Dreams, som kom ut i juli det same året. Songen har ein unik struktur i sju satsar, der Orbison syng gjennom to oktavar, som er utafor rekkjevidda til dei fleste rockesongarar.

Songen nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista og låg inne på lista i fem månader i Storbritannia medan Orbison turnerte med The Beatles. Songen vart kjend igjen i 1987 då Orbison gav ut eit album med nyinnspelingar av dei største hittane sine. Året før hadde David Lynch nytta songen i den mørke thrilleren Blue Velvet, og var med på å bringe karrieren til Orbison på fote att. Rolling Stone førte «In Dreams» opp på 312. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

But just before the dawn
I awake and find you gone
I can't help it, I can't help it if I cry
I remember that you said goodbye

Roy Orbison (1963)

Orbison heva at opphavet til «In Dreams» kom til han i ein draum, slik mange av songane hans gjorde. Han høyrte ofte musikk medan han la seg til å sove.[2] For denne songen var han halvvaken når han kom på songen, og morgonen etter skreiv han heile songen på 20 minuttar.[3]

Som så mange av songane til Orbison, følgjer ikkje «In Dreams» den vanlege vers-refreng-vers-refreng-vers-mellomspel-refreng-strukturen som mange rockesongar gjer. I staden for følgjer strukturen det å sovne og gå djupare og djupare inn i fantastiverda.[4] Han byrjar som ein voggesong med lett akustisk gitarklimpring, medan Orbison introduserer lyttaren til «A candy-colored clown they call the sandman» halvt talt, halvt sungen i ein Sprechgesang-stil som var vanleg i opera og musikalar. Sandman får han til å sovne, og han byrjar å synge om ein draum om kjærasten sin. Trommene plukker opp rytmen og følgjer teksten til Orbison djuparen ned i undermedviten, og eit piano kjem inn medan Orbison syng om tida han hadde med kjærasten. Korsongarar og eit strykeorkester kjem så inn.[5]

Med eit sprang på fem til åtte notar, stig stemma til Orbison då han vaknar og skjøner at kjærasten har forlate han. Songen snublar, musikken stoppar og ei stakkato tromme kjem inn, medan han gret då han hugsar at ho har reist frå han. Klimakset er eit kraftfullt crescendo medan han ropar «It's too bad that all these things / Can only happen in my dreams», etterfølgd av ein siste tone ein oktav under medan han syng «Only in dreams / In beautiful dreams», medan alle instrumenta og songarane avsluttar songen brått.[5] Ingen av seksjonane i songen vert repetert. I to minuttar og førtiåtte sekund går sognen gjennom sju satsar med distinkte melodiar og akkordprogressjonar Dei første to seksjonane er 16 taker kvar, medan resten berre er åtte taktar. Til samanliknan er ein standard popsong i AABA — der A er eit vanleg vis, og B er ein variasjon, vanlegvis kalla eit mellomspel. «In Dreams», med kvar variasjon, kan skrivast som Intro-A-B-C-D-E-F.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den forpinte forteljinga i Orbison-songen «In Dreams» snor seg uroleg mellom melankolsk tenåringsromanse og morbid vaksen besettelse. Å høyre den særeigne, reine stemma syngje «I can't help it! I can't help it!» tyder at du forstår at du heller ikkje kan hjelpe for det. Hint av ranchera-musikk gjev bittersøte kontrapunkt frå den søvndyssande introen, gjennom eit verkande vers til ein slutt som verka å berre fordampe.

Robert Goldstein, National Public Radio (2011)[6]

«In Dreams» nådde sjuandeplassen på Billboard's Hot 100 og låg 13 veker på den amerikanske lista.[7] Dei fem månadane songen var på listene, erstatta Orbison gitaristen Duane Eddy på ein turné i England. Han var enormt populær i England og delte plakaten med the Beatles, som han ikkje hadde høyrt om før. Konsertane var utselde kveld etter kveld.[2] Sjølv om Orbison stod øvst på plakaten, var Beatles no i ferd med å slå gjennom og fekk meir merksemd enn Orbison fekk. Orbison valte derfor å gå på scenen først av dei to, sidan den mest populære artisten vanlegvis gjekk på scenen til slutt.[8] Den første kvelden reagerte publikum med vill jubel på balladane til Orbison då han avslutta med «In Dreams». Philip Norman, som skreiv biografi om Beatles, skreiv seinare «Medan Orbison spelte, utan ryggrad og tragis, stod the Beatles på sida og lurte på om dei turte å spele etter han.» Etter å ha ropt på Orbison så mange gonger at konserten vart dobbelt så lang, ropte publikum på eit femtande ekstranummer. Lennon og Paul McCartney måtte då halde Orbison attende bak scenen, slik at dei fekk lov å gå på.[9][10]

Ei samling med nyinnspelingar av dei mest kjende songane til Orbison kom ut i 1987, kalla In Dreams: The Greatest Hits. Dette kom ut samstundes med den mørke og surrealistiske thrilleren Blue Velvet, regissert av David Lynch. Orbison var sjokkert over måten Lynch brukte songen på i filmen.[11] I filmen er ein morderisk psykopat kalla Frank Booth (spelt av Dennis Hopper) besett av songen og krev at han vert spelt om att og om att, og kallar han «Candy Colored Clown». I ein scene mimar ein glorete, kvinneaktig person, spelt av Dean Stockwell, songen før Booth vert rasande og bankar opp hovudpersonen. Lynch sa seinare «det er eoin vakker song og han var skriven av Roy... Den teksten, den kjensla tydde noko for han. Og det er berre slik at songen i ein viss situasjon kan bety noko heilt anna. Og det er på den måten Frank Booth nyttar songen to forskjellige stader, og det vert på ein måte utruleg. Men eg kan sjå kvifor Roy vart lei seg, fordi for han tydde songen ein tredje ting.»[12]

Orbison hadde avslått forslaget til Lynch om å bruke songen i filmen, men Lynch nytta han likevel, og dette viste seg å gjere godt for karrieren til Orbison, som hadde stagnert i 1970-åra. BAM kalla songen «det kjenslemessige episenteret i filmen».[11] Orbison-biografen Ellis Amburn kalla «In Dreams» villeiande enkel og at han vart nytta til stor effekt i Blue Velvet fordi han indikerer at draumar er å føretrekkje framfor å vakne opp, og at makt og kontroll er det verkeleg teamet i songen, og ikkje kjærleik, lengsel og tap.[11] Filmen gjorde songen til ein kult-favoritt, og etter å ha sett filmen nokre gonger, endra Orbison standpunkt.[13] Bilete frå filmen vart nytta i musikkvideoen til «In Dreams» i 1987, i lag med bilete av Orbison.

Medan han lytta til filmmusikken til Blue Velvet om att og om att ei søvnlaus natt, skal Bono frå rockegruppa U2 ha blitt fiksert på «In Dreams». Då han omsider sovna, vakna han opp att morgonen etter med ein annan song i hovudet, som han først trudde var ein Orbison-song. Dette vart «She's a Mystery to Me», ein song skriven av Bono saman med The Edge for Orbison. Denne er med på det siste albumet til Orbison, Mystery Girl, som kom ut i 1989.[14]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Pointy Shoe Factory gav ut ein meir livleg og fiolinbasert versjon av «In Dreams». Denne versjonen er med på debutalbumet til gruppa, The «Unforgettable» Sound Of The Pointy Shoe Factory.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 500 Greatest Songs of All Time, Rolling Stone. Henta 12. september 2012.
  2. 2,0 2,1 Amburn, s. 114.
  3. Clayson. s. 107–108.
  4. Creswell, s. 601.
  5. 5,0 5,1 Lehman, s. 181.
  6. Roy Orbison: Songs We Love, National Public Radio (27. april 2011). Henta 19. februar 2015.
  7. Roy Orbison, Rolling Stone. Henta 15. mai 2009.
  8. Clayson, s. 110.
  9. Amburn, s. 117.
  10. Clayson, s. 111–112.
  11. 11,0 11,1 11,2 Amburn, s. 192.
  12. Lehman, s. 63–64.
  13. Lehman, s. 62.
  14. Hall, Mark. (director) In Dreams: The Roy Orbison Story, Nashmount Productions Inc., 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]