In Memory of Elizabeth Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Memory of Elizabeth Reed
Song av The Allman Brothers Band
frå albumet Idlewild South (Studio)
At Fillmore East (Live)
Utgjeve 23. september 1970 (Studio)
July 1971 (Live)
Innspelt Februar - juli 1970 (studio)
12. til 13. mars 1971, Fillmore East, New York City (Live)
Sjanger Jazzfusion, instrumental rock, jamrock
Lengd 6:54 (Studio)
13:04 (live)
Selskap Capricorn Records
Låtskrivar(ar) Dickey Betts
Produsent Tom Dowd

«In Memory of Elizabeth Reed» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Allman Brothers Band. Han kom først ut på det andre studioalbumet deira, Idlewild South (1970), gjeve ut på Capricorn Records. Songen er ein jazzinspirert instrumental og vart skriven av gitaristen Dickey Betts, som ein av dei første songane han skreiv for gruppa. Betts kalla songen etter ein gravstein han såg på Rose Hill Cemetery i heimbyen til bandet, Macon i Georgia. Det er blitt spelt inn fleire versjonar av songen, mellom anna på det populære konsertalbumet At Fillmore East frå 1971, som generelt vert rekna som den definitive utgåva.

Gravsteinen til Elizabeth Reed på Rose Hill Cemetery.

The Rolling Stone Album Guide kalla «In Memory of Elizabeth Reed» i den originale studioinnspelinga for «blåkopien for ein konsert-krigshest, og fanga the Allmans på sitt mest eventyrlystne»[1] The New York Times skreiv at «dei skrivne riffa og dei jazzaktige harmoniane tillet rom for improvisasjon.»[2] «Elizabeth Reed» vart derfor nettopp spelt på mange av Allman Brothers-konsertane og kunne stundom strekkje seg ut til ein halvtime eller meir,[3] og finst på fleire konsertalbum. I 2007 kåra Rolling Stone «In Memory of Elizabeth Reed» til ein av dei femti beste songane som er lengre enn sju minuttar[4] – og vart nemnt som ein av songane som nesten nådde lista deira over dei 100 beste gitarlåtane gjennom tidene i 2008, der Rolling Stone kalla versjonen frå At Fillmore East «transcendent».[5]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av jazzfløytisten Herbie Mann i 1973 på albumet hans Turtle Bay.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]