In My Defence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In My Defence
av Freddie Mercury
Utgjeve 1986 (Original)

1992 (remix)

Innspelt Oktober 1985
Sjanger Pop rock, soft rock
Lengd 3:48 (original)

3:52 (remix)

Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Dave Clark, David Soames, Jeff Daniels, Freddie Mercury

«In My Defence» er ein powerballade framført av Queen-vokalisten Freddie Mercury. Songen var frå musikalen Time av Dave Clark og vart gjeven ut på albumet Time. Songen vart ikkje ein hit medan Mercury levde, men vart det i 1992 etter Mercury døydde. Singelen nådde då åttandeplassen på UK Singles Chart i Storbritannia.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Dave Clark, David Soames og Jeff Daniels for musikalen Time. Under musikalen framførte Mercury songen som ein duett med Cliff Richard. Dette var siste gongen Mercury song på ein konsert. Den siste framsyninga hans var i Barcelona i 1988 med Montserrat Caballé, men under denne framsyninga vart det berre mima. Songen vart innspelt som eit soloprosjekt, og spelt inn i Abbey Road i oktober 1985, kring seks månader etter Mr. Bad Guy kom ut. Produsentane forventa at Mercury ikkje var nøgd med den endelege songen, og dei ville la han spele inn med resten av Queen. Men Mercury likte godt den endelege versjonen. «In My Defence» vart først gjeven ut på albumet Time i 1986. Andre versjonar var ein Ron Nevison Mix, som kom ut på The Freddie Mercury Album og ein instrumentalversjon (med vokal for den siste linja) som finst på The Solo Collection. Ron Nevison-miksen er særs lik originalen, men har anna bass og anre trommer, medan somme strykarar vart lagt til og andre fjerna. 2000-remixen er ein remastra versjon av Ron Nevison-miksen, men har dei same instrumentspora miksa annleis.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen, som vart laga etter Mercury døydde i 1991, vart regissert av Rudi Dolezal og var ein montasje av forskjellige unytta opptak av tidlegare musikkvideoar, private bilete og høgdepunkt frå karrieren til Mercury. Dolezal ønskte at videoen skulle vise at Mercury var glad og hadde det fint. Mange av klippa vart òg nytta i den tidlegare videoen til «The Show Must Go On». It

Innhald[endre | endre wikiteksten]

UK 7"/kassett[endre | endre wikiteksten]

  • A. In My Defence
  • B. Love Kills (Wolf Euro Mix)

UK CD1[endre | endre wikiteksten]

  1. In My Defence
  2. Love Kills (Wolf Euro Mix)
  3. She Blows Hot And Cold (singel)
  4. In My Defence (original)

UK CD2[endre | endre wikiteksten]

  1. In My Defence
  2. Love Kills (Original Wolf mix)
  3. Mr. Bad Guy
  4. Living On My Own (Underground Solutions Mix)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Freddie Mercury - solovokal
  • Michael Moran - piano
  • Paul Vincent - gitarar
  • Graham Jarvis - trommer
  • Andy Pask - bass
  • Peter Banks - synthesizerar
  • John Christie - korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Roberts. British Hit Singles & Albums. Guinness rekordbok Limited