In My Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In My Life
Song av The Beatles
frå albumet Rubber Soul
Utgjeve 3. desember 1965
Innspelt 18. og 22. oktober 1965, EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 2:28
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«In My Life» er ein song av The Beatles gjeven ut i 1965 på albumet Rubber Soul, hovudsakleg skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney. George Martin skreiv pianosoloen i mellomspelet. Songen er rangert på 23. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene og femteplassen på lista deira over dei 100 beste Beatles-songane.[3][4] Mojo kåra songen til den beste gjennom tidene i 2000.[5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I følgje Lennon kan opphavet til songen sporast attende til då den engelske journalist Kenneth Allsop kom med ein merknad om at Lennon burde skrive songar om barndomen sin.[6] Etter dette skreiv Lennon eit langt dikt om minner frå barndomen. Den originale versjonen av teksten er basert på ei bussrute han pleidde å ta i Liverpool, og namngav fleire stader langs vegen, som Penny Lane og Strawberry Field.[7] Den originale teksten er på utstilling på The British Library.

Originalteksten til John Lennon sin «In My Life»

Men Lennon meinte han var «latterleg» og kalla han «den mest keisame 'Kva eg gjorde i ferien min'-type song». Han arbeidde for å skrive om teksten og erstatta spesifikke minne med meir generelle tankar om fortida.[8] Berre få linjer av originalen er med i den ferdige songen.[7] I følgje venen og biografen til Lennon, Peter Shotton, syner linjene «Some [friends] are dead and some are living/In my life I've loved them all» til Stuart Sutcliffe (som døydde i 1962) og til Shotton.[6]

I eit intervju frå 1980 kalla Lennon songen «den første verkelege songen» han hadde skrive, fordi det var første gongen han skreiv ein personleg tekst om livet sitt.[9]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 18. oktober 1965, og var ferdig utanom det instrumntale mellomspelet.[10] På denne tida hadde ikkje Lennon avgjort kva instrument han skulle bruke, men bad til slutt George Martin om å spele ein pianosolo, og føreslo «noko barokk-aktig.[1] Martin skreiv ein Bach-liknande stykket han fann ut han ikkje klarte å spele i tempoet til songen. Den 22. oktober vart soloen spelt in med lydbandet på halv snøggleik, slik at når det vart spelt av med normal snøggleik, så gjekk pianoet dobbelt så fort og ein oktav høgare. Dette skapte òg ein unik klang, som minna om ein cembalo.[7][10]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald [11]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hertsgaard, Mark (1996). A Day in the Life: The Music and Artistry of the Beatles. New York: Delacorte Press. s. 156. ISBN 0-385-31517-1. 
  2. Doyle Greene (10. mars 2014). The Rock Cover Song: Culture, History, Politics. McFarland. s. 161–. ISBN 978-1-4766-1507-3. 
  3. «The Rolling Stone 100 Greatest Beatles Songs». Rolling Stone. August 2010. Henta 12. mars 2018. 
  4. «5. In My Life». 100 Greatest Beatles Songs. Rolling Stone. Henta 21. mai 2013. 
  5. «Mojo lists». Rocklistmusic. Henta 13. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 Everett, Walter (2001). The Beatles as Musikars: The Quarrymen Through Rubber Soul. Oxford: Oxford Press. s. 319. ISBN 0-19-514105-9. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Spitz, Bob (2005). The Beatles: The Biography. New York: Little, Brown and Company. s. 587–91. ISBN 1-84513-160-6. 
  8. Sheff, David (2000). All We Are Saying. New York: St. Martin's Press. s. 152, 178. ISBN 0-312-25464-4. 
  9. Sheehan, Ivan (3. desember 2015). «Finding John Lennon's «first real major piece of work»». Rock and Roll Hall of Fame. 
  10. 10,0 10,1 Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 64–5. ISBN 0-517-57066-1. 
  11. MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). s. 169. ISBN 1-84413-828-3. 
  12. Kids Incorporated Fans (23. mai 2012). «Kids Incorporated - In My Life» – via YouTube. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]