In Too Deep av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
In Too Deep
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
B-side «Do The Neurotic»
Utgjeve 23. august 1986 (UK), 18. januar 1987 [1] (USA)
Innspelt The Farm i Surrey; 1985-1986
Sjanger Softrock
Lengd 4:58
Selskap Atlantic, Virgin
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi
«Land of Confusion»
(1986)
In Too Deep «Tonight, Tonight, Tonight»
(1987)


«In Too Deep» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1986 på albumet Invisible Touch. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia (og den femte singelen i USA). Eit konsertopptak av songen vart òg gjeven ut på konsertalbumet The Shorts.

Tekstne til songen var skriven av songaren Phil Collins etter at han vart beden om å skrive ein song for filmen Mona Lisa.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Songen nådde tredjeplassen på den amerikanske poplista i 1987 og 19. plass på den britiske singellista.[2] Han vart den siste hitten til bandet før «No Son Of Mine» i 1991. «In Too Deep» låg òg tre veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista i 1987 [3].

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen syner dei tre medlemmane som speler i nokre minimalistiske trapper og platformer. Tony Banks spelar på eit flygel, sjølv om innspelinga vert spelt inn på eit elektrisk piano, medan Mike Rutherford og Phil Collins mimer høvesvis akustisk gitar og vokal.

Kids Incorporated-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen vart spelt inn av barneprogrammet Kids Incorporated, der teksten var endra frå synspunktet til ven i staden for ein kjærast («love» vart erstatta med «like»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://genesis.wikia.com/wiki/Genesis_Discography
  2. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 101.