Hopp til innhald

In Your Eyes av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In Your Eyes
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Fever
B-side

«Tightrope»
«Good Like That»
«Harmony»
«Never Spoken»

Utgjeve 21. januar 2002 (Australia)
18. februar 2002 (Storbritannia)
Innspelt 2001
London i England
Sjanger Dansepop
Lengd 3:18
Selskap Parlophone
Tekstforfattar Kylie Minogue
Låtskrivar(ar) Kylie Minogue
Richard Stannard
Julian Gallagher
Ash Howes
Produsent Richard Stannard
Julian Gallagher
Kylie Minogue-kronologi 
«Can't Get You Out of My Head»
(2001)
In Your Eyes «Love at First Sight»
(2002)


«In Your Eyes» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue, skriven av Minogue, Richard Stannard, Julian Gallagher og Ash Howes. Han fekk ei god mottaking frå kritikarar då han vart utgjeven som den andre singelen frå hennar åttande album Fever (2001).

Utgjeving og listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]

«In Your Eyes» vart utgjeve den 18. februar 2002 i Storbritannia. Han var opphavleg planlagt for utgjeving i januar, men vart utsett på grunn av populariteten til «Can't Get You Out of My Head».

Songen debuterte som tredjeplassen på UK Singles Chart, og vart hennar tjueandre Top 10-singel. Songen vart på listene i sytten veker. Singelen vart ein hit i Europa og nådde Top 5 i Kroatia, Hellas, Ungarn, Polen og Slovenia. «In Your Eyes» vart utgjeven i Canada, der han toppa på ellevteplass på salslistene, men ikkje i USA, der «Can't Get You Out of My Head» hadde vorte utgjeven.

«In Your Eyes» vart utgjeven som planlagt den 21. januar 2002 i Australia. Songen vart sertifirert gull og debuterte som fyrsteplass på den australske hitlista og vart den fjerde singelen frå Minogue til å nå toppen sidan 2000.

Komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

«In Your Eyes» er musikalsk ein dansepopsong som inneheld innverknader av disco og europop.

Format og sporliste

[endre | endre wikiteksten]
Britisk CD 1
  1. «In Your Eyes» – 3:18
  2. «Tightrope» – 4:28
  3. «Good Like That» – 3:35
Britisk CD 2
  1. «In Your Eyes» – 3:18
  2. «In Your Eyes» (Tha S Man's Release Mix) – 7:34
  3. «In Your Eyes» (Smoothie Mix) – 6:23
Australsk CD
  1. «In Your Eyes» – 3:18
  2. «Never Spoken» – 3:18
  3. «Harmony» – 4:15
  4. «In Your Eyes» (Tha S Man's Release Mix) – 7:34

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «In Your Eyes» (Extended Mix) – 5:55
  2. «In Your Eyes» (Extended Instrumental) – 5:55

Topplisteplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Toppliste (2002) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 22
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 18
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 11
Danmark (Tracklisten) 10
Finland (Suomen virallinen lista) 7
Frankrike (SNEP) 24
Tyskland (Media Control Charts) 18
Irland (Irish Singles Chart) 6
Italia (FIMI) 7
Nederland (Dutch Top 40) 14
Nederland (Mega Single Top 100) 15
New Zealand (RIANZ) 18
Spania (PROMUSICAE) 7
Sveits (Schweizer Hitparade) 20
Sverige (Sverigetopplistan) 8
Storbritannia (UK Singles Chart) 3

Sertifisering

[endre | endre wikiteksten]
Land Sertifiseringar
Australia (ARIA) Gull[1]
Storbritannia (BPI) Sølv[2]
  1. «2002 Accreditations». Australian Recording Industry Association. 2002. Henta 31. juli 2010. 
  2. «BPI Certified Awards (searchable database)». British Phonographic Industry. 8. mars 2002. Henta 31. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]