In Your Eyes av Niamh Kavanagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«In Your Eyes»
Song av Niamh Kavanagh

Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 1993
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:07
Selskap Artista[1]
Låtskrivar(ar) Jimmy Walsh

«In Your Eyes» (norsk 'i augo dine') er ein engelskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 1993 for Irland. Songen vart framført av Niamh Kavanagh og var skriven av den irske musikaren Jimmy Walsh. Dette var den femte sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og den andre på rad etter at «Why Me?» med Linda Martin vann tevlinga året før. «In Your Eyes» toppa singellista i Irland og tok seg inn på listene i eit par andre land. Utanom dette fekk songen liten kommersiell suksess etter sigeren.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«In Your Eyes» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Dublin 14. mars 1993. Der kåra ti regionale jurygruppar «In Your Eyes» til ein klar vinnar med 118 poeng. «In Your Eyes» vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest på heimebane i Millstreet laurdag 15. mai 1993.[2] «In Your Eyes» var komponert av den irske songaren Jimmy Walsh. Korkje han eller Kavanagh var særleg kjende namn i Irland. Deltakinga på lydsporet til filmen The Commitments var den einaste profesjonelle musikkjobben Kavanagh hadde gjort før den irske finalen.[3]

I den internasjonale finalen var «In Your Eyes» det 14. bidraget ut på scena av 25 bidrag. På førehand var Storbritannia også dette året favoritt, men utover i den spennande avrøystinga tok Irland etter kvart leiinga og vann til slutt med 187 poeng23 poeng framfor Storbritannia. Sigeren var ikkje klar før dei aller siste poenga vart gjevne. Hadde den siste tolvaren gått til Storbritannia, ville Storbritannia ha vunne med eitt poeng. Irland fekk 12 poeng frå sju land, blant anna frå den norske juryen. Dette var fyrste gongen sidan 1980 at Noreg gav 12 poeng til vinnarlåten i Eurovision Song Contest.[4][5]

Sigeren var den andre på rad for Irland, og den femte totalt for Irland. Året etter skulle Irland vinne Eurovision Song Contest for tredje året på rad.

Utgjevingar og sal[endre | endre wikiteksten]

Som med dei fleste andre Eurovision-vinnarane i 1990-åra fekk «In Your Eyes» begrensa kommersiell suksess etter sigeren. Men heime i Irland vart den ein stor suksess, og den toppa singellista og vart den mest selde singelen i Irland i 1993.[6] Sigeren sparka også i gong ein stor musikalsk karriere for Niamh Kavanagh, og Kavanagh deltok i Eurovision Song Contest igjen i 2010.[3][7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1993) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
 Irland (Irish Singles Chart)[8] 1 15 13. mai 1993
 Nederland (Single Top 100)[9] 42 3 31. juli 1993
 Storbritannia (UK Singles Chart)[10] 24 5 12. juni 1993
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[11] 83 2 23. august 1993

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Niamh Kavanagh ‎– In Your Eyes». Discogs.com. Henta 25. februar 2017. 
  2. «Irish National Final 1993». National Finals Pages. Henta 25. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «About Niamh Kavanagh». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1993». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  5. «Eurovision Song Contest 1993 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 25. februar 2017. 
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). Guinness World Records Limited. s. 297. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. Mike Halterman (7. april 2010). «The Best Singer You've Never Heard Of». OMG! Magazine: 20–21. Arkivert frå originalen 25. mai 2010. 
  8. «'In Your Eyes' på den offisielle irske singellista (skriv 'niamh' i søkefeltet)». The Irish Charts. Henta 25. februar 2017. 
  9. «'In Your Eyes' på nederlandsk singelliste». dutchcharts.nl. Henta 25. februar 2017. 
  10. «'In Your Eyes' på den offisielle britiske singellista». Official Charts Company. Henta 25. februar 2017. 
  11. «'In Your Eyes' på den tyske singellista (skriv 'niamh' i søkefeltet)». Offizielle Deutsche Charts. Henta 25. februar 2017.