In the Air Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In the Air Tonight
Singel av Phil Collins
frå albumet Face Value
B-side The Roof Is Leaking
Utgjeve 5. januar 1981[1]
Innspelt 1980
Studio Townhouse Studios
London
Sjanger
Lengd
  • 5:34 (album)
  • 4:57 (singel)
Selskap
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent
Phil Collins-kronologi
In the Air Tonight «I Missed Again»
(1981)
Phil Collins-kronologi
«Separate Lives»
(1985)
In the Air Tonight «A Groovy Kind of Love»
(1988)
Phil Collins-kronologi
«You Touch My Heart»
(2005)
In the Air Tonight «(Love Is Like a) Heatwave»
(2010)

«In the Air Tonight» er ein song av Phil Collins som først kom ut på albumet Face Value i 1981. Han vart spelt inn i 1979 og var den første singelen Collins gav ut som soloartist og er framleis ein av dei mest kjende hittane hans. Musikkvideoen vart regissert av Stuart Orme og kom ut i 1981.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga er særleg kjend for den atmosfæriske produksjonen og det makabre temaet. Singelen kom ut i januar 1981 i Storbritannia og vart ein umiddelbar hitt og klatra raskt til andreplassen på singellista. Han vart òg ein internasjonal hit, og nådde Topp 20 på Billboard Hot 100 sommaren 1981, med ein 19. plass om høgaste plassering.

Collins skreiv songen om sinnet han følte etter å ha skild seg frå den første kona Andrea i 1979.

«In the Air Tonight» er framleis mykje spelt på radiostasjonar som spelar classic rock. Det er ein av songane som kanskje vert oftast assosiert med solokarrieren til Collins og har vorte spelt ved fleire høve, som på Live Aid, der han spelte songen på piano på same kalenderdag i både Philadelphia og London.[2] Han framførte òg songen ved The Secret Policeman's Balls, den første spelejobben til Collins som soloartist.

Teksten i songen har form som ein mørk monolog retta mot ein namnlaus person:

I was there and I saw what you did
Saw it with my own two eyes
So you can wipe off that grin
I know where you've been
It's all been a pack of lies

Musikalsk består songen av ei rekkje stemningsskapande akkordar spelt over ein enkel rytme frå ein trommemaskin (Disco-2 rytmen på ein Roland CR-78, samt noko programmering); handsama elektrisk gitar og vocoder-vokal på enkelte viktige ord. Stemninga gjev ei kjensle av tilbakehalden sinne som fram til det siste refrenget der ekte trommer eksploderer inn i lydbiletet og slepp laus den musikalske spenninga, og instrumenta byggjer seg opp mot mot eit tordnande siste refreng.

Collins skreiv songen etter at det første ekteskapet hans var over. Collins improviserte teksten under låtskrivinga i studio. I følgje Collins kom 99 % av teksten sponant.[3]

Songen vart særleg populær i 1980-åra då nesten heile songen vart nytta i pilotepisoden av den amerikanske serien Miami Vice og han vart ein av dei første pop/rock-songane som vart nytta i ein serie på denne måten. Det var denne spesifikke scenen som gjorde at publikum og kritikarar forstod at Miami Vice kunne tilby noko som få andre TV-program i 1984 kunne matche, i følge The A.V. Club i 2012.[4] Han vart då populær igjen og missa berre så vidt Billboard Hot 100. Collins vart assosiert med showet og fleire av songane hans vart nytta i serien. Collins spelte òg ei rolle i ein episode som «Phil the Shill».

Trommelyden[endre | endre wikiteksten]

« Musikalsk er det ei særleg påfallande innspeling, fordi det skjer nesten ingenting ... Det er særleg trommelyden som er fantastisk. Du høyrer han ikkje i det heile dei første to minutta av songen ... så kjem den flotte doo-dom doo-dom doo-dom inn, og trommene inn halvvegs i songen, og danna malen for alle trommesongar i 1980-åra etter det. »

Stuart Maconie[5]

Korleis Collins hadde fått denne trommelyden på innspelinga var lenge eit mysterium. Den eksakte prosessen var, som så ofte skjer, heilt tilfeldig: utilsikta bruk av studioteknologi gav uventa gode resultat.

I dette tilfellet hadde miksebordet av typen Solid State Logic 4000 ein «reverse talk-back»-krins. Normal «talkback» er ein knapp som lydteknikaren må trykke for å snakke med dei som sit inne i sjølve studioet, sidan desse vanlegvis er lydisolerte. Reverse talkback er ein krins, der lydteknikaren kan lytte til musikarane i studio. For å kompensere for at folk i studioet kan sitte langt borte frå mikrofonen som fangar denne lyden, har han ein kompressor på seg, som minimerer skilnadane i lydnivået. Medan dei spelte inn «Intruder» for den tidlegare bandkollegaen Peter Gabriel sitt soloalbum, starta Collins ved eit høve å spele trommer trommer medan denne «reverse talkback»-knappen var aktivert. Teknikar Hugh Padgham og venen Jeffrey vart overraska over den gode lyden dei fekk. I løpet av natta kopla dei om pulten slik at dei kunne ta opp denne lyden.[6]

Då lydteknikaren Hugh Padgham vart henta inn for å hjelpe til med å utvikle demoane til Collins som vart til Face Value gjenskapte dei «Intruder»-lyden. Hugh Padgham heldt fram å arbeide med GenesisAbacab seinare i 1981 og nytta same teknikken der (generalt kalla gated reverb).

Den originale singelversjonen av «In the Air Tonight» har med ekstra trommer som speler i bakgrunnen av songen fram til det kjende trommepartiet startar. Desse vart lagt til etter forslag frå sjefen for Atlantic Records, Ahmet Ertegun.

Vandresoge[endre | endre wikiteksten]

Det har oppstått ei vandresoge kring «In the Air Tonight» om at teksten er basert på at Collins var vitne til ei drukningsulukke. Vandresoga er referert i songen «Stan» av Eminem med teksten:

You know this song by Phil Collins, «In the Air of the Night" [sic]
About that guy who coulda saved that other guy from drowning
But didn't, then Phil saw it all, then at a show he found him?

Bruk i reklamar[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte mykje nytta i fjernsynsreklamar, mellom anna for bryggjeriet Anheuser-Busch og øletMichelob og Mountain Dew. Cadbury nytta songen i ein reklame for ein mjølkesjokolade der ein gorilla spelar den kjende trommesekvensen. Etter denne reklamen kom ut gjekk songen til 14. plass på singellista i Storbritannia og var den niande mest nedlasta songen i Storbritannia den veka. I New Zealand gjekk songen heilt til topps då reklamen byrja å gå.

Samplingar av songen[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte sampla av mange artistar, som Shaquille O'Neal i songen «Edge Of Night», Nas i songen «One Mic» og Tupac Shakur på «Starin' Through My Rearview» og «Letter to the President». Andre songar som inneheld samplingar frå «In the Air Tonight» er DMX sin «I Can Feel It», Krayzie Bone sin «Silent Warrior», Joe Budden sin «Rest in Peace (In the Air)», Sean Kingston sin «Can You Feel It», Young Buck sin «New York City», Big Audio Dynamite sin «Innocent Child» og Lil' Kim sin «In the Air Tonite».

Andre referansar[endre | endre wikiteksten]

«In the Air Tonight» har vorte mykje nytta i filmar, seriar og videospel, ofte for å vektlegge eller skape ein skummel eller illevarslande stemning.

Av filmar og seriar ein finn songen i er mellom anna Risky Business (1983), Bravo Two Zero, Big Trouble (2002), , The New Guy, Aqua Teen Hunger Force Colon Movie Film For Theaters, American Psycho, Paid in Full, The Hangover, Miami Vice, Days of Our Lives, Tru Calling, Fastlane, Family Guy, Carpoolers, Criminal Minds, Charmed, Ashes to Ashes, CSI: NY og Skins.

Songen finst òg i videospelet Grand Theft Auto: Vice City Stories på stasjonen «Emotion 98.3».

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[7] 3
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[8] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 3
Canadian RPM Top Singles 2
Nederland (Mega Single Top 100)[10] 2
Tyskland (Media Control AG)[11] 1
Irland (IRMA)[12] 2
New Zealand (Recorded Music NZ)[13] 6
Noreg (VG-lista)[14] 4
Spain (AFYVE)[15] 7
Sverige (Sverigetopplistan)[16] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 1
UK Singles Chart[18] 2
US Billboard Hot 100[19] 19
US Mainstream Rock (Billboard)[20] 2
Zimbabwe Singles (ZIMA)[21] 4
Liste (1984) Plassering
U.S. Billboard Bubbling Under the Hot 100 102
Liste (1988) Plassering
Den nederlandske singellista 17
Tyskland (Media Control Charts)[22] 3
UK Singles Chart[18] 4
Liste (1989) Plassering
Australia (ARIA)[23] 47
Liste (2007) Plassering
UK Singles Chart 14
Liste (2008) Plassering
New Zealand (RIANZ)[24] 1
Liste (2012) Plassering
Frankrike (SNEP)[25] 102
Liste (2017) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[26] 39

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1981) Passering
New Zealand (Recorded Music NZ)[27] 35
Liste (2008) Passering
New Zealand (Recorded Music NZ)[28] 23

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[29] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[30] Platina 20 000*
New Zealand (RMNZ)[31] Gull 25,000*
New Zealand (RMNZ)[32] Platina
Storbritannia (BPI)[33] Gull 500 000^
Storbritannia (BPI)[33] Platina 600 000^
USA (RIAA)[34] Gull 3,500,000^
USA (RIAA)[34] 3× Platina

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Cuban Link, Mr. Methane, Gregorian, Lostprophets, Stahlhammer, Nonpoint, Naturally 7, Axel Rudi Pell, Northern Kings, godheadSilo, Takka Takka, Rocksolid, Exilia, Bertie Blackman, Undecided, DMX, Sean Kingston, Holly McNarland, Majandra Delfino, Three Days Grace, Gary Flanagan, Will Martin, FiL Straughan, Lil' Kim, Lights, Daughtry og Philip Phillips.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 3)». British Phonographic Industry. Henta 17. mars 2020. 
  2. «BBC News: Stars recall Live Aid spectacular». 8. november 2004. 
  3. Thompson, Dave (. november 2004). Turn It On Again: Peter Gabriel, Phil Collins, and Genesis. Backbeat Books. s. 182. ISBN 978-0-87930-810-0. 
  4. Murray, Noel (August 2, 2012). «How Miami Vice launched the ’80s on TV, then died with its decade | TV | A Very Special Episode». The A.V. Club. The Onion. Henta 6. februar 2013. 
  5. Sold on Song - Song Library - In the Air Tonight
  6. «Mix Magazine - Classic Tracks: Phil Collins' "In the Air Tonight"». 
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 71. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. "Phil Collins – In the Air Tonight – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  9. "Ultratop.be – Phil Collins – In the Air Tonight" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. "Dutchcharts.nl – Phil Collins – In the Air Tonight" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  11. "Phil Collins - In the Air Tonight". Charts.de. Media Control. Henta 13. februar 2019.
  12. "The Irish Charts – Search Results – In the Air Tonight". Irish Singles Chart.
  13. «Charts.org.nz – Phil Collins – In the Air Tonight». Henta 14. juni 2016. 
  14. "Norwegiancharts.com – Phil Collins – In the Air Tonight". VG-lista. Hung Medien.
  15. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  16. "Swedishcharts.com – Phil Collins – In the Air Tonight". Topp 60. Hung Medien.
  17. "Phil Collins – In the Air Tonight – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  18. 18,0 18,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet uk
  19. "Collins?f=379&g=Singles Phil Collins Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Phil Collins. Prometheus Global Media.
  20. "Phil Collins – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for Phil Collins.
  21. * Zimbabwe. Kimberley, C. Zimbabwe: singles chart book. Harare: C. Kimberley, 2000
  22. «Offizielle Deutsche Charts > Phil Collins – In the Air Tonight ('88 Remix) (single)» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 17. mars 2020. 
  23. «australian-charts.com > Diskografi Phil Collins». Hung Medien. Arkivert frå originalen 5. desember 2019. Henta 17. mars 2020. 
  24. "Charts.org.nz – Phil Collins – In the Air Tonight". Top 40 Singles. Hung Medien.
  25. "Lescharts.com – Phil Collins – In the Air Tonight" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  26. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV. Henta 16 Oktober 2017.
  27. «Top Selling Singles of 1981». Recorded Music NZ. Henta 14. juni 2016. 
  28. «Top Selling Singles of 2008». Recorded Music NZ. Henta 14. juni 2016. 
  29. «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'In The Air Tonight')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 2. februar 2016. 
  30. «Italian single salstrofé – Phil Collins – In The Air Tonight» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 3. juni 2019.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Phil Collins in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  31. «New Zealand single salstrofé – Phil Collins – In The Air Tonight». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 2. februar 2016. 
  32. «Latest Gold / Platinum Singles – RadioScope New Zealand». Recording Industry Association of New Zealand. RadioScope New Zealand. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 2. februar 2016. 
  33. 33,0 33,1 «British single salstrofé – Phil Collins – In The Air Tonight». British Phonographic Industry. Henta 2. februar 2016.  Enter In The Air Tonight in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «United KingdomPhil CollinsIn The Air TonightsingleCertRef» er definert fleire gonger med ulikt innhald
  34. 34,0 34,1 «American single salstrofé – Phil Collins – In The Air Tonight». Recording Industry Association of America. Henta 2. februar 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]