In the City av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
In the City
Song av Joe Walsh
frå albumet The Warriors
Utgjeve April 1979
Innspelt MRI Recording Studio, Hollywood, California
Sjanger Rock
Lengd 3:54
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Barry De Vorzon, Joe Walsh
Produsent Barry De Vorzon, Joe Walsh
In the City
Song av Eagles
frå albumet The Long Run
Utgjeve 24. september 1979
Innspelt 1979
Sjanger Rock
Lengd 3:46
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Joe Walsh, Barry De Vorzon
Produsent Bill Szymczyk

«In the City» er ein rockesong skriven av Barry De Vorzon og Joe Walsh. Han vart først spelt inn av Walsh og gjeven ut i filmen The Warriors i 1979.[1] Ein annan versjon av songen vart spelt inn av Eagles på albumet The Long Run, som kom ut same året.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn av gitaristen Joe Walsh for filmmusikken til filmen The Warriors i 1979. Eagles likte songen og ønskte å ta han med på det neste albumet deira, The Long Run.

Det vart laga ein video for songen. Han syner ei innspeling av songen, der Joe Walsh spelar ein Gibson dobbelthalsa gitar og nyttar 12-strengshalsen for rytmen og 6-strengshalsen for slidegitaren. Timothy B. Schmit spelar ein Fender bass; Don Felder spelar ein Fender Stratocaster; Don Henley på trommer, Glenn Frey på piano og Joe Vitale på congatrommer.

Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut som singel, vart han ein album-orientert rock radiofavoritt i USA og vart mykje spelt av Walsh på konsertane hans. Songen finst òg på konsertalbumet Hell Freezes Over frå 1994.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av rapparen Anybody Killa i 2003 på debutalbumet Hatchet Warrior, som kom ut på Psychopathic Records.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic.com