In the Light

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In the Light
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Hardrock
Lengd 8:47
Selskap Swan Song
Låtskrivar(ar) Page/Plant/Jones
Produsent Jimmy Page

«In the Light» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti frå 1975. Det meste av songen vart skriven av bassist/klaverspelar John Paul Jones på synthesizer. Det var basert på ein tidlegare song bandet hadde skrive kalla «In The Morning» (eller «Take Me Home»).[1]

Den unike lyden i introen vart skapt av Jimmy Page som nytta ein fiolinboge på ein akustisk gitar. Dette var ein av tre Led Zeppelin-songar der Page nytta ein slik boge. Dei andre var «Dazed and Confused» og «How Many More Times» (begge desse på elektrisk gitar).

«In the Light» vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.[1]

Plant har sagt at songen var eit av dei «finaste augneblikka» til Led Zeppelin.[2] Page har sagt at det var den personlege favoritten hans på Physical Graffiti.[1] Han spela songen på turneen sin med The Black Crowes i 1999, men han kom ikkje med på albumet Live at the Greek, bortsett frå som bonusspor på den japanske utgåva.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings.