Hopp til innhald

In the Pocket av James Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
In the Pocket
Studioalbum av James Taylor
Utgjeve Juni 1976
Innspelt 1975–76 i Warner Bros. Recording Studios, North Hollywood og The Burbank Studios, Burbank
Sjanger Folkrock, rock, softrock, R&B
Lengd 45:04
Selskap Warner Bros, Rhino, Flashback
Produsent Russ Titelman, Lenny Waronker
James Taylor-kronologi 
Gorilla
(1975)
In the Pocket Greatest Hits
(1976)


Singlar frå In the Pocket
  1. «Shower the People»
    Utgjeve: Juni 1976
  2. «A Junkie's Lament»
    Utgjeve: 1976
  3. «Everybody Has the Blues»
    Utgjeve: 1976
  4. «Daddy's All Gone»
    Utgjeve: 1976

In the Pocket er det sjuande studioalbumet til den USA-amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor og det siste han gav ut under Warner Bros. Records før han signerte for Columbia. Albumet kom ut i juni 1976 og vart spelt inn med mange kollegaer og vener av Taylor, som Art Garfunkel (i ein duett med han på «A Junkie's Lament» og vokal på «Captain Jim's Drunken Dream»), Carly Simon (kona til Taylor, som song harmonivokal med han på «Shower the People»), Stevie Wonder (som skreiv «Don't Be Sad 'Cause Your Sun Is Down» i lag med Taylor, ein song der han òg spelte munnspel) og David Crosby, Linda Ronstadt og Bonnie Raitt, blant fleire.

Resultatet av øktene, som fann stad mellom slutten av 1975 og byrjinga av 1976, var eit veldig melodisk album og eit av hans mest varierte og polerte, framheva med singelen «Shower the People», som gjennom åra vart ein Taylor-standard og konsertfavoritt. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 22. plassen på Billboard den 18. september 1976, og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista i USA. Trass i suksessen nådde ikkje In the Pocket opp til suksessen til det førre albumet til Taylor, Gorilla, og nådde berre 16. plassen på Billboard si albumliste (det var den lågaste plasseringa til Taylor på 1970-talet og den lågaste sidan debutalbumet). Likevel klarte det til slutt å selje til gullplate hos RIAA og vart ein fanfavoritt.

I 2008 vart albumet gjeve ut på ny på Rhino sitt lågbudsjettselskap Flashback.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[2]
MusicHound2/5[3]
Rolling Stone(highly unfavorable)[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[5]

Alle songar av James Taylor, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Shower the People»4:32
2.«A Junkie's Lament» (duett med Art Garfunkel)3:27
3.«Money Machine»4:35
4.«Slow Burning Love»3:43
5.«Everybody Has the Blues»2:01
6.«Daddy's All Gone»3:38
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Woman's Gotta Have It»Bobby Womack, Darryl Carter, Linda Cooke Womack4:20
8.«Captain Jim's Drunken Dream» 4:00
9.«Don't Be Sad 'Cause Your Sun Is Down» (med Stevie Wonder)James Taylor, Stevie Wonder3:28
10.«Nothing Like a Hundred Miles» 3:35
11.«Family Man» 3:34

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Produsentar – Russ Titelman og Lenny Waronker
  • Produksjonsassistent – Trudy Portch
  • Lydteknikk, miksing og mastering av Lee Herschberg i Warner Bros. Recording Studios (Hollywood, CA).
  • Assisternade lydteknikar – Loyd Clifft
  • Personleg manager – Peter Asher
  • Kunstnarisk leiar og design – Mike Salisbury
  • Fotografi – Norman Seeff

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 65
  1. link
  2. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1125. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. link
  5. «James Taylor: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 7. april 2023. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 305. ISBN 0-646-11917-6.