Ina Coolbrith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ina Coolbrith

Statsborgarskap USA
Fødd 10. mars 1841
Nauvoo i Illinois
Død

29. februar 1928 (86 år)
Oakland i California

Yrke bibliotekar, lyrikar, journalist, skribent
Far Don Carlos Smith
Ina Coolbrith på Commons

Ina Donna Coolbrith (10. mars 184129. februar 1928), fødd Josephine Donna Smith, var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California».[1] Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.[2]

Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Dikta hennar fekk positiv merksemd frå kritikarar og etablerte diktarar som Mark Twain, Ambrose Bierce og Alfred Lord Tennyson. Ho heldt litterære salongar ved heimen sin i Russian Hill,[3] og introduserte gjennom denne nye forfattarar til utgjevarar. Coolbrith blei ven med diktaren Joaquin Miller, og hjelpte han til å oppnå global merksemd.

Medan Miller reiste gjennom Europa og levde ut den felles draumen deira om å vitja grava til Lord Byron, passa Coolbrith dottera hans og medlemmer av sin eigen familie. Som følgje av dette kom ho til å slå seg ned i Oakland og ta stillinga som bybibliotekar. Lyrikken hennar leid som følgje av dei lange arbeidsdagane hennar, men ho var mentor for ein generasjon av unge lesarar som omfatta Jack London og Isadora Duncan. Etter at ho hadde vore 19 år ved biblioteket i Oakland blei Coolbrith avsett ved ei omorganisering. Ho flytta tilbake til San Francisco og blei beden av medlemmer ved Bohemian Club om å bli bibliotekar for dei.[4]

Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Forfattaren Gertrude Atherton og vener frå Bohemian Club friends hjelpte henne til å slå seg ned i eit nytt hus, og ho byrja å skriva att og halda litterære salongar. Ho reiste fleire gonger med tog til New York by, og med færre bekymringar i livet fekk ho ein større poetisk produksjon.

30. juni 1915 blei Coolbrith utnemnd til poet laureate for California, og ho fortsette å skriva poesi i åtte år til. Stilen hennar var meir enn dei typiske melankolske eller oppløftande temaa ein forventa frå kvinner — ho tok for seg ei mengd emne i dikta sine, som blei skildra som «einskild sympatetiske» og «kjenneleg spontane».[5] Dei sanselege skildringane hennar av natuen bidrog til å utvikla viktoriansk poesi til å vera meir nøyaktig enn banalt sentimentar, og var ein føregangar for imagisme-skulen og verka til Robert Frost.[6] Ein annan poet laureate for California, Carol Muske-Dukes, skreiv om dikta til Coolbrith at sjølv om dei var påverka av britisk statlegheit var «California framleis inspirasjonen hennar».[a][7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Coolbrith som ung kvinne.

Ina Coolbrith blei fødd som Josephine Donna Smith i Nauvoo i Illinois som den yngste av dei tre døtrene til Agnes Moulton Coolbrith og Don Carlos Smith. Faren var ein bror av Joseph Smith, som grunnla mormonismen.[8] Han døydde av malariafeber fire månader etter at dottera var fødd,[9][10] og ei av systrene hennar døydde ein månad etter dette att.[11] Mor til Coolbrith gifta seg så med Joseph Smith i 1842, og blei den sjette eller sjuande kona hans. Dei fekk ingen barn saman, og Agnes følte seg oversett i dette levirat-ekteskapet, det einaste slike ekteskapet til Smith.

I juni 1844 blei Smith drepen av ein anti-mormonsk mobb. Mor til Coolbrith mista trua og frykta for livet. Ho drog frå mormonarsamfunnet og flytta til Saint Louis i Missouri, der ho gifta seg med ein trykkar og advokat som heitte William Pickett. Paret fekk tvillingsøner, og i 1851 reiste familien Pickett over land til California i eit vogntog. På den lange vandringa las unge Ina frå ei bok med Shakespeare-verk og frå ei diktsamling av Byron. Som tiåring vandra Ina inn i California framfor vogntoget i lag med den kjende afroamerikanske speidaren Jim Beckwourth, ridande med han på hesten hans, gjennom det som seinare skulle bli kalla Beckwourth Pass. Familien slo seg ned i Los Angeles, der Pickett skipa ein advokatpraksis.

For å unngå identifikasjon med den tidlegare familien sin eller med mormonismen, gjekk mor til Ina tilbake til å bruka jentenamnet sitt, Coolbrith. Familien bestemte seg for å ikkje snakka om mormonfortida si, og det var fyrst etter at Ina Coolbrith døydde at allmugen fekk kjennskap til opphavet hennar.[12] Coolbrith heldt likevel kontakt med Smith-slektningane sine, inkludert ein livslang korrespondanse med fetteren sin Joseph F. Smith.[13]

Coolbrith, som kunne bli kalla «Josephina» eller berre «Ina», skreiv dikt frå ho var 11.[14] Ho gav ut sitt fyrste dikt, «My Ideal Home», i ei avis i 1856 under namnet Ina Donna Coolbrith.[15] Ho gav også ut tekstar i Poetry Corner i Los Angeles Star og i California Home Journal. Som ung kvinne blei Coolbrith kjend for venleiken sin. Ho blei vald ut til å opna eit ball i lag med Pío Pico, den siste mexicanske guvernøren av California.[16]

I april 1858, då ho var 17, gifta Coolbrith seg med Robert Bruce Carsley, som var jernarbeidar og deltidsskodespelar. Carsley misthandla henne,[17] og ho leid ytterlegare då den nyfødde sonen deira døydde. Ein krangel mellom Pickett og Carsley resulterte i at ei kule lemlesta handa til Carsley slik at han måtte amputera henne. Carsley anklaga Coolbrith for utruskap,[18] og ho skilde seg frå han i ein sensasjonell offentleg rettssak; oppløysinga blei fullenda 30. desember 1861.[11] Eit seinare dikt ho skreiv, «The Mother's Grief», var ei lovprising til sonen ho hadde mista, men ho forklarte aldri offentleg tydinga av diktet. Det var fyrst etter at Coolbrith var død at dei litterære venene hennar oppdaga at ho nokon gong hadde vore mor.[19]

I 1862 flytta Coolbrith med mora, stefaren og tvillingbrørne til San Francisco. Ho endra også namn frå Josephine Donna Carsley til Ina Coolbrith.[20] I San Francisco fann ho ei stilling som engelsklærar.[20]

Diktar[endre | endre wikiteksten]

Ina Coolbrith i 1880-åra.

Coolbrith møtte snart Bret Harte og Samuel Langhorne Clemens, som skreiv under namnet Mark Twain, i San Francisco.[21] Ho gav ut dikt i The Californian, eit nytt litterært blad skipa i 1864 og redigert av Harte og Charles Henry Webb. I 1867 blei fire av dikta til gjevne ut i The Galaxy.[22] I juli 1868 bidrog Coolbrith med diktet «Longing» til fyrste utgåve av Overland Monthly, og var uoffisiell medredaktør i lag som bidrog til å velja ut dikt, artiklar og soger til bladet. Ho blei ven med diktaren og skodespelaren Adah Menken,[23] og bidrog til å gje Menken ry som intellektuell, utan å klara å overtyda Harte om verdien hennar.[24] Coolbrith arbeidde også som lærar for å få ei ekstra inntekt.

Gjennom eit tiår skreiv Coolbrith eit dikt til kvar ny utgjeving av Overland Monthly.[25] I 1866 blei fire av dikta hennar gjevne ut i ein antologi redigert av Harte, og Coolbrith sitt «The Mother's Grief» fekk positiv omtalt i The New York Times.[26] Eit anna dikt, «When the Grass Shall Cover Me», opptredde utan forfattarnamn i ein antologi av John Greenleaf Whittier sine favorittverk av andre diktarar, Songs of Three Centuries (1875); Coolbrith sitt dikt blei rekna som det beste i denne gruppa.[27] I 1867 kom Josephine Clifford, som nyleg var blitt enke, til Overland Monthly for å verka som sekretær. Ho danna eit livslangt venskap med Coolbrith.[28]

Det litterære arbeidet til Coolbrith sette henne i kontakt med den britiske diktaren Alfred lord Tennyson og naturalisten John Muir, i tillegg med Charles Warren Stoddard, som også hjelpte Harte med å redigera Overland Monthly. Harte, Stoddard og Coolbrith blei kjende som «Golden Gate Trinity» i rolla si som redaktørar og fremjarar av litterær smak.[29] Stoddard sa ein gong at Coolbrith aldri fekk nokre av dei litterære verka sine refuserte av ein utgjevar.[27] Coolbrith møtte forfattaren og kritikaren Ambrose Bierce i 1869, og i 1871, då han gjorde kur til Mary Ellen Day, skipa Bierce til kortspelsamlingar mellom seg sjølv, Day, Coolbrith og Stoddard. Bierce meinte at dei beste dikta til Coolbrith var «California», eit ode ho skreiv til opningsseremonien for University of California i 1871, and «Beside the Dead», som ho skreiv i 1875.[30]

A finely detailed monochrome photograph portrait of a bearded and mustachioed man in his 30s or 40s, shown from the waist up, wearing a jacket and vest over a white shirt with its collar closed by a cravat secured by a jeweled finger ring, a multi-corded watch fob hanging from a vest button, decorated by another ring, the man's hands together in his lap, his body leaning to the left and the head turned to the right, his dark hair full and long in the back, long but thin on top, revealing a high forehead
Joaquin Miller i 1870-åra.

I midten av 1870-åra møtte Coolbrith den eksentriske diktaren Cincinnatus Hiner Miller, som nett var blitt skild frå den andre kona si, og introduserte han for det litterære samfunnet i San Francisco, på oppmoding frå Stoddard. Miller siterte Tennyson då han skildra Coolbrith som «divinely tall, and most divinely fair».[31][32] Då Coolbrith fann ut at Miller var fascinert av det heroiske, tragiske livet til den legendariske californio-fredlause Joaquin Murrieta, føreslo ho at Miller skulle ta namnet Joaquin Miller som pseudonym, og at han skulle gjers utsjånaden sin meir lik den til ein mountain man med lengre hår og passande klede.[21]

Coolbrith hjelpte så Miller med å førebu ei reise til England, der han ville legga ein laurbærkrans på grava til lord Byron, som dei begge beundra mykje.[27] Dei to samla greiner av California Bay-laurbær i Sausalito, og tok portrettfotografi i lag. Coolbrith skreiv «With a Wreath of Laurel» om dette prosjektet.[33] Miller drog til New York med tog, og byrja kalla seg «Joaquin Miller» for fyrste gong.[34] I august 1870 var han komen til London. Då han la kransen på gravstaden til Byron i Church of St. Mary Magdalene i Hucknall, skapte det oppstyr blant den engelske prestestanden, som ikkje kunne sjå noko samband mellom diktarar i California og den avdøde lorden. Dei sende ein førespurnad til kong Konstantin I av Hellas om å få eia laurbærkrans frå dette landet, der Byron hadde døydd. Pengar frå Hellas og frå biskopen av Norwich følgde denne kransen, slik at den 500 år gamle kyrkja kunne vølast. Begge kransane blei hengde opp over grava til Byron.[27] Etter dette fekk Miller kallenamnet «The Byron of the West».

Bibliotekar[endre | endre wikiteksten]

Coolbrith hadde håpa å reisa til Austkysten og Europa med Miller, men blei verande i San Francisco fordi ho kjende seg nøydd til å ta vare på mor si og den alvorleg sjuke systera si Agnes, som var enkje og ikkje klarte å ta seg av seg sjølv eller dei to barna sine. Seint i 1871 fekk ho også ansvar for ei tenåringsjenta, ei «Indian girl» Joaquin Miller hadde med seg, og som det gjekk rykte om var dotter hans, medan han drog utanlands att, denne gongen til Brasil og Europa.[34]

Beside the Dead

 It must be sweet, O thou, my dead, to lie
    With hands that folded are from every task;
 Sealed with the seal of the great mystery,
    The lips that nothing answer, nothing ask.
 The life-long struggle ended; ended quite
    The weariness of patience, and of pain,
    And the eyes closed to open not again
 On desolate dawn or dreariness of night.
 It must be sweet to slumber and forget;
    To have the poor tired heart so still at last;
 Done with all yearning, done with all regret,
    Doubt, fear, hope, sorrow, all forever past;
 Past all the hours, or slow of wing or fleet—
 It must be sweet, it must be very sweet!

—Ina Coolbrith[1]

Ved eit litterært middagsselskap 5. mai 1874 blei Coolbrith vald som æresmedlem av Bohemian Club,[35] som den andre av totalt fire kvinner.[36] Det gjorde at medlemmer av klubben kunne gje diskret økonomisk hjelp til henne, men dette var ikkje nok til å dekka heile byrden. Coolbrith flytta til Oakland for å skipa eit større hushald for familien. Systera Agnes døydde seint i 1874, og den foreldrelause niesa og nevøen fortsette å bu hjå Coolbrith.[37] Coolbrith skreiv «Beside the Dead» under sorga etter systera. Mora Agnes døydde i 1876.[5]

Seint i 1874 tok Coolbrith ei stilling som bibliotekar for Oakland Library Association for å sørga for hushaldet sitt. Bibliotekforeininga var blitt skipa som eit tingingsbiblotek fem år tidlegare. I 1878 blei det omforma til Oakland Free Library, det andre offentlege biblioteket danna i California under Rogers Free Library Act (etter det i Eureka).[38] Coolbrith tente 80 dollar i månaden, mykje mindre enn ein mann ville fått. Ho arbeidde 12 timar til dagen, 6 dagar i veka. Som følgje skreiv ho mindre poesi. Ho gav berre sporadisk ut verk dei neste 19 åra,[39] slik at tida henna som bibliotekar i Oakland blei eit lågpunkt i diktarkarrieren hennar.[12] Som bibliotekar hadde ho ein personleg stil der ho diskuterte interesser dei hadde med lånarane, og valde ut bøker ho meinte ville passa dei. I 1886 blei ho kjend med den ti år gamle Jack London, og blei ein leserettleiar for han London omtalte hennar som den litterære mor si. Tjue år seinare skreiv London til Coolbrith for å takka henne.[40] Coolbrith var også ein mentor for den unge Isadora Duncan,[41] som seinare skildra Coolbrith som «very wonderful» med «very beautiful eyes that glowed with burning fire and passion».[40]

Nevøen til Coolbrith, Henry Frank Peterson, byrja å arbeida med henne på biblioteket, og byrja organisera bøkene etter eit fasettert klassifikasjonssystem ho hadde fastlagd, som brukte eitt og to siffer for generelle emne, og nummer med tre siffer for å visa til individuelle bøker innan dette emnet.[42]

I 1881 kom Coolbrith sine dikt ut i bokform i A Perfect Day, and Other Poems. Henry Wadsworth Longfellow skreiv, etter at forleggjaren hennar hadde sendt han eit eksemplar av booka, at «I know that California has at least one poet.»[27] Om dikta sa han at «I have been reading them with delight.»[27] Diktaren Edward Rowland Sill, som var professor ved University of California og ein ivrig kritikar av amerikansk litteratur, gav Coolbrith eit introduksjonsbrev som han ba henne senda til forleggjaren Henry Holt. Der stod det ganske enkelt: «Miss Ina Coolbrith, one of our few really literary persons in California, and the writer of many lovely poems; in fact, the most genuine singer the West has yet produced.»[43] Kvekardiktaren og den tidlegare slaverimotstandaren John Greenleaf Whittier skreiv til Coolbrith frå Amesbury i Massachusetts om at han meinte boka hennar, «which has found such favor with all who have seen it on this side of the Rocky mountains,» burde gjenutgjevast på austkysten.[43] Han skreiv at «there is no verse on the Pacific Slope which has the fine quality of thine.»[43]

Så tidleg som i 1865 heldt Coolbrith litterære møte i heimen sin i San Francisco, der ein framførte poesi og hadde diskusjonar kring særskilde emne etter mønster frå europeiske litterære salongar.[44] Ho hjelpte forfattarar som Gelett Burgess og Laura Redden Searing å få meir merksemd.[45]

Fram til han kritiserte henne skriftleg rekna Coolbrith Ambrose Bierce som ein god ven.

På 1880-talet vende Ambrose Bierce den kritiske pennen sin til kritikk av Coolbrith sitt arbeid, og mista henne dermed som ven.[46] I 1883 skreiv han at diktet hennar «Our Poets» burde ha blitt laga som ein klagesong, ettersom dei store diktarane frå California allereie var døde. Han skreiv at tidsskriftet ho arbeidde for burde omdøypast til Warmed-Overland Monthly, fordi det aldri kom med noko nytt. I kritikk av diktet «Unattained» klaga Bierce over «this dainty writer's tiresome lugubriousness[47] Som svar stilte Coolbrith seg ved sida av dei som sa at den stadige ertinga til Bierce hadde ført til den lokale forfattaren David Lesser Lezinsky sitt sjølvmord.[47]

The Poet

 He walks with God upon the hills!
    And sees, each morn, the world arise
    New-bathed in light of paradise.
 He hears the laughter of her rills,
    Her melodies of many voices,
    And greets her while his heart rejoices.
 She to his spirit undefiled,
 Makes answer as a little child;
    Unveiled before his eyes she stands,
    And gives her secret to his hands.

—Ina Coolbrith[1]
Songs from the Golden Gate (1895)

Coolbrith gav ut dikt i The Century i 1883, 1885, 1886 og 1894.[48] Alle fire dikta var med i boka Songs from the Golden Gate frå 1895, ei gjenutgjeving av ei tidlegare diktsamling frå 1881, med rundt 40 nye dikt lagt til.[1] I New York blei Coolbrith omtalt av ein meldar i det månadlege tidsskriftet Current Opinion som «a true, melodious and natural singer. Her work is characterized by great delicacy and refinement of feeling, and comprises dainty love songs, verses of deep religious feeling, stately odes, written for special occasions, and charming bits of description.»[1]

I september 1892 blei Coolbrith gjeven avskjed frå jobben som bibliotekar, med tre dagar til å rydda kontoret. Nevøen Henry Frank Peterson skulle erstatta henne.[12] Ein styreleiar for biblioteket skal ha sagt «we need a librarian not a poet.»[12] Dei litterære venene til Coolbrith blei rasande, og gav ut eit lang lesarbrev om dette i San Francisco Examiner.[27] Peterson sine planar for biblioteket hadde likevel suksess, og under han auka utlåna raskt frå 3 000 til 13 000.[12] Peterson opna biblioteket på sundagar og heilagdagar og auka tilgang til magasina, og blei prisa for endringane sine av styret.[12]

I 1893 blei World's Congress of Representative Women halden ved byrjinga av World's Columbian Exposition i Chicago. Her blei Coolbrith skildra av Ella Sterling Cummins (seinare Mighels) som «the best known of California writers... who stands peerless at the head.»[49] Coolbrith fekk i oppdrag å skriva eit dikt til utstillinga, og i oktober 1893 kom ho til Chicago med diktet «Isabella of Spain» for å bidra til innviinga av Harriet Hosmer sin skulptur Queen Isabella, som stod framfor Pampas Plume Palace i California-paviljongen.[50] Blant tilhøyrarane til Coolbrith var den kjende suffragisten Susan B. Anthony og journalisten Lilian Whiting.[51] Under besøket til Coolbrith skreiv Charlotte Perkins Stetson (seinare Gilman), venen hennar frå Pacific Coast Woman's Press Association, der dei to kvinnene hadde vore høvesvis leiar og nestleiar), til May Wright Sewall om henne. Stetson meinte Coolbrith kunne dra nytte av å møta dei beste forfattarane i Chicago.[52]

Vanskane Coolbrith hadde hatt i Oakland, følgd av reisa hennar til Chicago, uroa venene hennar, som ikkje ønskte at ho skulle flytta frå dei og alifornia« og become an alien».[53] John Muir hadde lenge brevveksla med Coolbrith, i tillegg til å senda henne fruktkassar no og då, som kirsebær frå Martinez-eigedommen sin). Han gav henne ei slik gåve seint i 1894, i lag med eit forslag om ei ny stilling som kunne halda henne i området: ho kunne bli bibliotekar for San Francisco etter at John Vance Cheney nyleg hadde gjeve opp stillinga. Coolbrith sende eit svar til Muir der ho takka han for «the fruit of your land, and the fruit of your brain».[54] Etter å ha underskrive brevet som «your old-time friend», la ho til eit PS: «No, I cannot have Mr. Cheney's place. I am disqualified by sex[54] San Francisco hadde på denne tida eit krav om at bibliotekaren deira måtte vera ein mann.

Frå heimen til Ina Coolbrith i Russian Hill, ca. 1905.

I 1894 æra Coolbrith diktaren Celia Thaxter med eit minnedikt som heitte «The Singer of the Sea». Thaxter hadde hatt same tilhøve til Atlantic Monthly som Coolbrith hadde til Overland Monthly: ho var ein «lady poet» som skreiv vers med «local color».[55] Coolbrith gav ut diktsamlinga Songs from the Golden Gate i 1895. Ho inneheldt «The Mariposa Lily», som skildra naturvenleiken i California, og «The Captive of the White City», som tok for seg mishandlinga av amerikanske urfolk seint på 1800-talet.[56] Samlinga omfatta også «The Sea-Shell» og «Sailed», to dikt der Coolbrith skildra ei kvinne sin kjærleik med djup sympati og uvanleg levande fysisk bildebruk, på ein måte som var ein forløpar for den seinare imagismen til Ezra Pound og Robert Frost.[57] Boka hadde fire monokrome reproduksjonar av måleri av William Keith som han hadde laga som visuelle representasjonar av dikta. Boka blei godt motteken i London, der redaktøren Albert Kinross frå The Outlook fekk sett opp plakatar i London Underground om «his great discovery».[58]

Kontaktar frå Coolbrith sin venekrins førte til at ho fekk arbeid som bibliotekar ved Mercantile Library Association i San Francisco i 1898, og ho flytta tilbake til Russian Hill i San Francisco. I januar 1899 skaffa William Keith og diktaren Charles Keeler henne ein deltidsjobb som bibliotekar ved Bohemian Club, der dei to var medlemmer. Det fyrste oppdraget hennar var å redigera Songs from Bohemia, ei samling dikt av journalisten og medgrunnleggjaren av klubben Daniel O'Connell, etter at han var død.[59] Løna hennar var 50 dollar i månaden,[35] mindre enn ho hadde tent i Oakland, men pliktene hennar var lettare, slik at ho kunne bruka meir tid på skriving. Ho blei også del av staben til Charles Fletcher Lummis sitt blad The Land of Sunshine på deltid.[60] Som eit personleg prosjekt byrja ho arbeida på eit historieverk om litteraturen i California.

Jordskjelv og brann[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over San Francisco frå heimen til Coolbrith kring 1905.

I februar 1906 hadde Coolbrith byrja å få helseproblem. Ho var ofte sengeliggjande med revmatisme, og sleit med å halda fram med å arbeida ved Bohemian Club.[25] I mars 1906 kunne ho likevel halda ei lengre opplesing for Pacific Coast Woman's Press Association med tittelen «Some Women Poets of America». Coolbrith, som var den tredje nestleiaren av klubben og medlem av han på livstid, diskuterte kort dei mest framtredande tidlege amerikanske kvinnelege diktarane, men fokuserte meir fullstendig på dei som ble kjende i andre halvdel av 1800-talet, med eksempelvers og ei kritisk evaluering av verka.[61]

San Francisco etter jordskjelvet

Ein månad seinare blei San Francisco råka av katastrofe gjennom eit stort jordskjelv og påfølgjande brann i april 1906. Heimen til Coolbrith i 1604 Taylor Street brann opp. Like etter jordskjelvet, men før brannen, hadde Coolbrith forlate huset med ein katt, sikker på at ho skulle koma tilbake snart. Den losjerande studenten hennar Robert Norman og venen hennar Josephine Zeller[62] kunne ikkje bera meir enn ein annan katt, nokre små buntar brev og utklippsboka til Coolbrith. Like etter at han såg tjukk røyk frå andre sida av bukta tok Joaquin Miller ferja frå Oakland til San Francisco for å hjelpa Coolbrith ved å redda verdisakene hennar frå den komande brannen, men blei stoppa av soldatar, som hadde ordre om å bruka døyeleg makt mot plyndrarar.[25] Brannen øydela Coolbrith si samling av 3000 bøker, blant dei signerte fyrsteutgåver, kunst av Keith, mange personlege brev frå kjende personar som Whittier, Clemens, George Meredith, og verst av alt, det nær fullførte manuskriptet hennar som var dels sjølvbiografi og dels historia til det tidlege litterære miljøet i California. Coolbrith tok aldri opp att historieverket,[21] ettersom ho ikkje var i stand til å balansere den avslørande sjølvbiografiske sannheten med skandalen som nødvendigvis ville følgja. Medan ho levde gjekk det rykte om at ho hadde hatt menn som Harte, Stoddard, Clemens og Miller som sporadiske elskarar. Ei bok som diskuterte desse forholda var noko ho rekna som for kontroversiell.[63]

Coolbrith budde nokre år i mellombelse bustader medan vennar samla inn pengar for å byggja henne eit nytt hus. Frå New York sende hennar gmle ven Mark Twain the signerte fotografi av seg sjølv som blei selde for 10 dollar kvar — han blei seinare overtalt til å sitja for 17 studiofotografi til for å bidra endå meir.[64] I februar 1907 heldt San Jose Women's Club ei samling kalla «Ina Coolbrith Day» for å støtta ideen om å innvilga ein statleg pensjon for Coolbrith, og for eit bokprosjekt lagt fram av Spinners' Club. I juni 1907 gav Spinners' Club ut boka The Spinners' book of fiction,[65] der overskotet skulle gå til Coolbrith. Frank Norris, Mary Hallock Foote og Mary Hunter Austin var nokre av bidragsytarane til boka. Diktaren George Sterling, ein ven frå Bohemian Club, bidrog med eit innleiingsdikt, og Maynard Dixon frå same klubben var ein av illustratørane. Drivkrafta bak boka var Gertrude Atherton, ein forfattar som såg eit samband mellom Coolbrith og grunnlaget for litteratur i California. Då sal av boka ikkje gav nok overskot, la Atherton til nok frå sin eigen lomme til at bygginga kunne starta.

Det blei bygt eit nytt hus til Coolbrith ved 1067 Broadway på Russian Hill.[40][66] Etter å ha flytta inn kunne ho byrja halda salongar att. I 1910 blei ho gjeven eit fond av Atherton.[67] I 1910–1914 hadde Coolbrith pengar nok frå Atherton og eit diskret stipend frå vennane sine i Bohemian Club[68] til å reisa mellom bustader i New York og San Francisco og skriva dikt.[25] På fire vintrar skreiv ho meir poesi enn i dei føre 25 åra.[69]

Poet laureate[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Coolbrith frå ei utgjeving av diktet hennar California frå 1918.

I 1911 blei Coolbrith utnemnd til leiar for Pacific Coast Woman's Press Association, og ein park blei vigd henne ved 1715 Taylor Street, eit kvartal unna staden ho hadde budd før jordskjelvet. Coolbrith blei utnemnd til æresmedlem av California Writers Club kring 1913, ei gruppe som etterkvart voks til å omfatta heile delstaten.[70] I 1913 skipa Ella Sterling Mighels California Literature Society, som hadde uformelle samlingar ein gong i månaden i heimen til Coolbrith i Russian Hill home, med spaltisten og litteraturmeldaren George Hamlin Fitch som leiar. Mighels, som er blitt kalla den litterære historikaren til California, tilla Coolbrith og samlingane æra for den breie kjennskapen sin til emnet.[71]

I forkant av Panama–Pacific International Exposition i San Francisco i 1915 blei Coolbrith utnemnd til leiar for Congress of Authors and Journalists. I denne stillinga sende ho over 4000 brev til dei best kjende forfattarane og journalistane i verda. Under sjølve utstillinga blei Coolbrith lovprisa av senator James D. Phelan, som sa at den tidlegare samarbeidspartnaren hennar Bret Harte hadde kalla henne den «venaste nota i litteraturen til Californa»[b][16] Phelan heldt fram: «she has written little, but that little is great. It is of the purest quality, finished and perfect, as well as full of feeling and thought.»[16] Overland Monthly melde at «eyes were wet throughout the large audience»[16] då Coolbrith blei krona med ein laurbærkrans av Benjamin Ide Wheeler, presidenten av University of California, som kalla henne «loved, laurel-crowned poet of California.»[40] Etter endå fleire talar til ære for henne, og ei rekkje bukettar ved podiet, tale Coolbrith til publikum i ein svart kappe med band, med ein krans av oransje kaliforniavalmuar, og sa at ho måtte dela æra med Josephine Clifford McCracken, som den andre overlevande medlemmen av Bret Harte sine skribentar for Overland.[72] McCracken blei så henta opp på scenen saman med Coolbrith.[16] Coolbrith fekk den offisielle statusen sin som California Poet Laureate bekrefta i 1919 som «Loved Laurel Crowned Poet of California»[73] av senatet i California, utan at det følgde med noko økonomisk støtte.[12]

Fleire månader etter messa i San Francisco blei Panama–California Exposition halden i San Diego. Denne tilstellinga omfatta ei rekkje Authors' Days for 13 forfattarar frå California . 2. november 1915 var «Ina Coolbrith Day», med resitasjon av dikta hennar, ei førelesing om livet hennar halden av George Wharton James og framføringar av dikta hennar sett til musikk, for piano og røyst, med komposisjonar av James, Humphrey John Stewart og Amy Beach.[74]

I 1916 sende Coolbrith utgåver av diktsamlingane sine til fetteren sin Joseph F. Smith, som gjorde det kjent at ho hadde sendt dei til han og at ho var niesa til Joseph Smith, noko ho mislikte. Ho fortalde han at «To be crucified for a faith in which you believe is to be blessed. To be crucified for one in which you do not believe is to be crucified indeed.» Ho forsikra han om at ho ikkje var sint, men ho var tydeleg heller ikkje nøgd med hendinga.[75]

Coolbrith heldt fram med å skriva og arbeida for å tena til livsopphald. Frå 1909 til den siste utgjevinga i 1917 dreiv ho nøye innsamlings- og redigeringsarbeid av ei bok av dikta til Stoddard, som ho skreiv forord til og eit kort minnedikt, «At Anchor», i tillegg til vers frå Stoddard sine vener Joaquin Miller, George Sterling og Thomas Walsh.[76] Då ho var 80 skreiv McCracken til Coolbrith for å klaga til den gode venen over at dei to framleis måtte arbeida for å klara seg: «The world has not used us well, Ina; California has been ungrateful to us. Of all the hundred thousands the state pays out in pensions of one kind and another, don't you think you should be at the head of the pensioners, and I somewhere down below?»[77]

Siste åra, død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I mai 1923 fann ein ven av Coolbrith, Edwin Markham, henne i Hotel Latham i New York, og skildra henne som «very old, ill and moneyless».[78] Han bad Lotta Crabtree om å samla hjelp for henne. Coolbrith var forkrøpla av leddgikt. Ho blei teken tilbake til California, der ho slo seg ned i Berkeley der niesa hennar tok vare på henne. I 1924 gav Mills College henne æresgraden Master of Arts.[40] Coolbrith gav ut Retrospect: In Los Angeles i 1925.[79] I april 1926 tok ho imot den gamle venen sin Albert M. Bender, som hadde med seg den unge fotografen Ansel Adams.[80] Adams tok eit portrettfotografi av Coolbrith der ho sat med ein av dei kvite persarkattane sine og med ein stor kvit mantilla på hovudet.[81]

Coolbrith døydde på skotårsdagen, 29. februar 1928, og blei gravlagd på Mountain View Cemetery i Oakland. Grava hennar (i Plot 11, 37°50′00″N 122°14′20″W / 37.8332°N 122.2390°W / 37.8332; -122.2390) var umerka fram til 1986, då det litterære selskapet The Ina Coolbrith Circle sette opp ein gravstein.[21] Ho er oppkalla gjennom Mount Ina Coolbrith,[82] ein topp på 7 900 fot (2 400 m) i nærleiken av Beckwourth Pass i Sierra Nevada-fjella nær State Route 70. I nærleiken av heimen hennar i Russian Hill i Ina Coolbrith Park, ein terrassepark langs ei bratt åsside med utsyn over bukta,[83] fekk ein minnesplakett til henne i 1947 frå San Francisco parlors of the Native Daughters of the Golden West.

Wings of Sunset, ei samling av Coolbrith sine seinare dikt, blei gjeven ut året etter at ho døydde. Charles Joseph MacConaghy Phillips var redaktør for samlinga, og skreiv eit kort minneord om livet til Coolbrith.[84]

I 1933 oppretta University of California Ina Coolbrith Memorial Poetry Prize, ein pris delt ut årleg for dei beste uutgjevne dikta skrivne av studentar ved University of the Pacific, Mills College, Stanford University, Santa Clara University, Saint Mary's College of California og ved alle campusane til University of California.[85]

A color photograph of a pink granite headstone amid lush green grass and yellow oxalis flowers. The headstone is engraved with a laurel wreath at the top, and reads "Ina Donna Coolbrith" 1841–1928 "California's First Poet Laureate".
Gravsteinen sett opp av Ina Coolbrith Circle med ein laurbærkrans i 1986.

California Writers Club (CWC) vel av og til ut eit medlem som er særmerka av «exemplary service», til å ta imot Ina Coolbrith Award. I 2009 blei prisen gjeven til Joyce Krieg, redaktøren av CWC Bulletin. I 2011 vann Kelly Harrison prisen for arbeidet med antologien West Winds Centennial.[86][87] I romanen Separations frå 1997 gjorde forfattaren Oakley Hall Coolbrith og andre frå den litterære sirkelen hennar på 1870-talet til hovudfigurar i soga.[88]

I 2003 installerte City of Berkeley ein serie med 120 jernplater med påtrykte dikt langs ei gate i sentrum som skulle bli til Addison Street Poetry Walk.[89] Tidlegare U.S. Poet Laureate Robert Hass meinte at eit av Coolbrith sine verk burde vera med, og ei plate på 55 pund (25 kg) med Coolbrith sitt dikt «Copa De Oro (The California Poppy)»[90] i opphøga porselen-emaljetekst er sett inn i fortauet ved det travle nordvestlege hjørnet mellom Addison og Shattuck Avenue.[91]

Ina Coolbrith Path

In 2016 blei ein sti i Berkeley Hills kalla opp etter Ina Coolbrith. Då småvegar i området blei kalla opp etter Bret Harte, Charles Warren Stoddard, Mark Twain og andre litteratar frå krinsen til Coolbrith, var ingen kvinner tekne med. Etter innsats frå City of Berkeley, Berkeley Historical Society, Berkeley Historical Plaque Project og Berkeley Path Wanderers Association blei trappene i åssida som bind saman Grizzly Peak Boulevard og Miller omdøypt frå Bret Harte Lane til Ina Coolbrith Path (Bret Harte har framleis tre vegar kalla opp etter seg i området).

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «California remained her inspiration.»
  2. "sweetest note in California literature."

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Wheeler, Edward Jewitt; Crane, Frank (April 1900). «American Poets of To-Day: Ina Coolbrith». Current Opinion 28 (1): 16–17. 
  2. Western Literature Association (1987). J. Golden Taylor, red. A Literary history of the American West. TCU Press. s. 181. ISBN 978-0-87565-021-0. 
  3. Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Books. ISBN 9781594204739. 
  4. «Ina Donna Coolbrith | American poet». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 21. august 2017. 
  5. 5,0 5,1 Moulton, Charles Wells (1889). «Ina D. Coolbrith». The Magazine of Poetry and Literary Review 1: 312–315. 
  6. Axelrod, 2003, s. 610
  7. Muske-Dukes, Carol (12. desember 2008). «Single laurel, common voice». Los Angeles Times. Henta 20. mars 2010. 
  8. Egli, 1997, s. 215.
  9. Herny, 2008, s. 20.
  10. Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Books. s. 32–36. 
  11. 11,0 11,1 Egli, 1997, s. 215.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 Redman, Joe (2006). «The Dismissal of Ina Coolbrith Revisited». Henta 20. februar 2010. 
  13. "The Poet and the Apostle: The Correspondence of Ina Coolbrith and Joseph F. Smith" by Scott Hales. Mormon History Association. 10. juni 2016
  14. «Guide to the Ina Donna Coolbrith Collection». The Bancroft Library. Online Archive of California. Henta 19. februar 2010. 
  15. Axelrod, 2003, s. 610
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 Taylor, Marian (November 1915). «Congress of Authors and Journalists at the Panama-Pacific International Exposition». Overland Monthly LXVI (5): 439–447. 
  17. Axelrod, 2003, s. 610
  18. Herny, 2008, pp. 22–23.
  19. Egli, 1997, s. 215.
  20. 20,0 20,1 Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Books. s. 32–36. 
  21. 21,0 21,1 21,2 21,3 Albert, Janice. «Ina Coolbrith (1841–1928) and the California Frontier». California Authors. California Association of Teachers of English. Arkivert frå originalen 4. mars 2010. Henta 20. februar 2010. 
  22. Library of Congress, American Memory. Cornell University.

    Coolbrith, Ina (Februar 1867). «Who Knoweth?». The Galaxy 3 (4). 

    Coolbrith, Ina (April 1867). «At Peace». The Galaxy 3 (7). 

    Coolbrith, Ina (Juni 1867). «Among The Daisies». The Galaxy 4 (2). 

    Coolbrith, Ina (Juli 1867). «Wearisome». The Galaxy 4 (3). 
  23. Axelrod, 2003, s. 610
  24. Sentilles, Renée M. (2003). Performing Menken: Adah Isaacs Menken and the birth of American celebrity. Cambridge University Press. s. 177, 189. ISBN 978-0-521-82070-7. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 George, Aleta. «Ina Coolbrith's Lost City of Love and Desire». Oakland, California: The Ina Coolbrith Circle. Henta 20. februar 2010. 
  26. Egli, 1997, s. xix.
  27. 27,0 27,1 27,2 27,3 27,4 27,5 27,6 «A Poet's Literary Friends, Their Answers to the Question, 'What Has Ina Coolbrith Done?'». San Francisco Examiner. 27. november 1892.  Newspaper clipping found inside A Perfect Day, and Other Poems, by Ina D. Coolbrith. 1881.
  28. Egli, 1997, s. 111.
  29. Hicks, Jack (2000). The Literature of California: Native American beginnings to 1945. University of California Press. s. 228. ISBN 978-0-520-21524-5. 
  30. Gale, Robert L. (2001). An Ambrose Bierce companion. Greenwood Publishing Group. s. 57–58. ISBN 978-0-313-31130-7. 
  31. Herny, 2008, pp. 22–23.
  32. Tennyson, Alfred (1903). Henry Van Dyke, red. Poems of Tennyson. The Athenaeum Press Series. Boston: Ginn. s. 56. 
  33. Herny, 2008, pp. 22–23.
  34. 34,0 34,1 Guilford-Kardell, Margaret; McKeown, Scott (August 2008). «Readers' Updates of the Joaquin Miller Timeline» (PDF). Margaret Guilford-Kardell's Bibliography on the Life, Times, and Exploits of Cincinnatus Hiner Miller. JoaquinMiller.com. Henta 2. mars 2010. 
  35. 35,0 35,1 Wood, Raymund F. (1958). «Ina Coolbrith, librarian». California Librarian 19: 102–104. 
  36. «Honorary Members». Constitution and by-laws of the Bohemian club of San Francisco. Bohemian Club. 1895. s. 58.  Coolbrith was second of the four women given honorary membership in the club. The first honorary female member was Margaret B. Bowman, wife of club co-founder James F. Bowman, she being elected by acclamation during the first formal Bohemian Club meeting. By 1895, three more women were honorary members, including Coolbrith in 1874, author Sara Jane Lippincott (pseudonym Grace Greenwood), and actress Elizabeth Crocker Bowers, wife of actor David P. Bowers. Coolbrith outlived them to become the last female club member.
  37. Herny, 2008, pp. 22–23.
  38. «History». Oakland Public Library. Arkivert frå originalen 12. juni 2009. Henta 8. juli 2009. 
  39. Herny, 2008, pp. 22–23.
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 40,4 Hartzell, David. «Jack London's Literary Mother». JackLondons.net. Arkivert frå originalen 24. oktober 2009. Henta 20. februar 2010. 
  41. Daly, Ann (1995). Done Into Dance. Indiana University Press. s. 12. ISBN 978-0-253-32924-0. 
  42. Miel, Charles L., trustee (April 1885). Catalogue of the Oakland Free Public Library. Ina Coolbrith, librarian; Henry F. Peterson, first assistant librarian. Oakland, California: Tribune Publishing Company. Henta 22. februar 2010. 
  43. 43,0 43,1 43,2 Loughead, Flora Haines (Juli 1902). «Books and Writers». Sunset Magazine IX: 217–219. 
  44. Hicks, Jack (2000). The Literature of California: Native American beginnings to 1945. University of California Press. s. 228. ISBN 978-0-520-21524-5. 
  45. Glyndon, Howard (2003). Sweet bells jangled. Gallaudet University Press. s. 14. ISBN 978-1-56368-138-7. 
  46. Gale, Robert L. (2001). An Ambrose Bierce companion. Greenwood Publishing Group. s. 57–58. ISBN 978-0-313-31130-7. 
  47. 47,0 47,1 Gale, Robert L. (2001). An Ambrose Bierce companion. Greenwood Publishing Group. s. 57–58. ISBN 978-0-313-31130-7. 
  48. Library of Congress, American Memory. Cornell University.

    Coolbrith, Ina (Mars 1883). «February». The Century 25 (5). 

    Coolbrith, Ina (Desember 1885). «The Poet». The Century 31 (2). 

    Coolbrith, Ina (Februar 1886). «Retrospect». The Century 31 (4). 

    Coolbrith, Ina (Oktober 1894). «The Flight of Song». The Century 48 (6). 
  49. Cummins, Ella Sterling (1893). «The Women Writers of California». The Congress of Women. Henta 20. februar 2010. 
  50. Silver, Mae (17. mars 1994). «1894 Midwinter Fair: Women Artists». Clover Leaf Media. Arkivert frå originalen 27. mai 2008. Henta January 26, 2010. 
  51. Cook, Joel (1891–1893). «Reception in Honor of Harriet Hosmer's Statue of Isabella». The World's Fair at Chicago. Rand, McNally & Co. 
  52. Stetson, Charlotte Perkins. «Letter from Charlotte Perkins Stetson to May Wright Sewall». The May Wright Sewall Papers. Henta 9. juli 2009. 
  53. Stedman, Edmund Clarence (Desember 1893). «Books and Authors». The Californian Illustrated Magazine V (1): 284. 
  54. 54,0 54,1 Coolbrith, Ina. «Letter from Ina Coolbrith to John Muir, 19. november 1894». Collection of letters to John Muir. Online Archive of California. Henta 22. februar 2010. 
  55. Patterson, Daniel; Thompson, Roger; Bryson, J. Scott (2008). Early American nature writers. Greenwood Publishing Group. s. 328. ISBN 978-0-313-34680-4. 
  56. Axelrod, 2003, s. 610
  57. Axelrod, 2003, s. 610
  58. Mighels, Ella Sterling (1918). Literary California: Poetry, Prose and Portraits. San Francisco: Harr Wagner Publishing. s. 19, 27. 
  59. O'Connell, Daniel (1900). Songs from Bohemia. A. M. Robertson. 
  60. Lummis, Charles F. (Desember 1899 – mai 1900). «Title page». The Land of Sunshine XII. 
  61. «P.C.W.P.A». Club Life 4: 7. Mars 1906. 
  62. Leider, 1991, s. 217.
  63. Spaulding, Jonathan (1998). Ansel Adams and the American Landscape. University of California Press. s. 59. ISBN 978-0-520-21663-1. 
  64. James, George Wharton (Mai 1919). «Mark Twain—An Appreciation of His Pioneer Writings on Fasting and Health (Part I)». Physical Culture. Twainquotes.com. Henta 21. mars 2010. 
  65. Spinners' Club (1907). The Spinners' Book of Fiction. Spinners' Club. 
  66. Leider, 1991, s. 218.
  67. Leider, 1991, s. 219.
  68. Herny, 2008, s. 31.
  69. Herny, 2008, s. 31.
  70. «About CWC: History». California Writers Club. Arkivert frå originalen 30. juni 2009. Henta 8. juli 2009. 
  71. Mighels, Ella Sterling (1918). Literary California: Poetry, Prose and Portraits. San Francisco: Harr Wagner Publishing. s. 19, 27. 
  72. McCracken, Josephine Clifford (November 1915). «Ina Coolbrith Invested With Poets' Crown». Overland Monthly LXVI (5): 448–450. 
  73. «California Poet Laureate». Sacramento, California: California Arts Council. 2009. Arkivert frå originalen 18. februar 2010. Henta 23. februar 2010. 
  74. James, George Wharton; Bertha Bliss Tyler (1917). Exposition Memories. The Radiant life press. s. 63–64. 
  75. "The Poet and the Apostle: The Correspondence of Ina Coolbrith and Joseph F. Smith" by Scott Hales. Mormon History Association. 10. juni 2016
  76. Stoddard, Charles Warren (1917). Ina Coolbrith, red. Poems of Charles Warren Stoddard. John Lane company. 
  77. Egli, 1997, s. 113.
  78. Guilford-Kardell, Margaret; McKeown, Scott (2006). «A Joaquin Miller Chronological Bibliography and Study Guide» (PDF). Margaret Guilford-Kardell's Bibliography on the Life, Times, and Exploits of Cincinnatus Hiner Miller. JoaquinMiller.com. Henta 2. mars 2010. 
  79. Coolbrith, Ina Donna; Dawson, Ernest; Nash, John Henry (1925). Retrospect: In Los Angeles. John Henry Nash. 
  80. Spaulding, Jonathan (1998). Ansel Adams and the American Landscape. University of California Press. s. 59. ISBN 978-0-520-21663-1. 
  81. Herny, 2008, s. 20.
  82. Brown, Thomas P. (30. mai 1940). «Over the Sierra». Indian Valley Record. s. 3. Henta 7. mai 2015. 
  83. Fodor's (2006). Fodor's 2007 San Francisco. Fodor's Gold Guides (2 utg.). Random House. s. 62. ISBN 978-1-4000-1693-8. 
  84. Coolbrith, Ina Donna (1929). Wings of Sunset. Houghton Mifflin company. 
  85. «Ina Coolbrith Memorial Poetry Prize». Financial Aid. University of California, Berkeley. Arkivert frå originalen 13. september 2008. Henta 8. juli 2009. 
  86. «Recognition: Ina Coolbrith Award». California Writers Club. Arkivert frå originalen 29. mars 2010. Henta 8. juli 2009. 
  87. CWCMarin (8. november 2009). «CWC09-372 by CWCMarin». Henta 1. mars 2010. 
  88. Hicks, Jack (2000). The Literature of California: Native American beginnings to 1945. University of California Press. s. 228. ISBN 978-0-520-21524-5. 
  89. «The Addison Street Poetry Walk». Office of Economic Development. City of Berkeley. Henta 2. mars 2010. 
  90. Hubbell, Dan (11. september 2007). «Copa de oro». Schleusenmeister's photostream on Flickr. Yahoo!. Henta 2. mars 2010. 
  91. Hass, Robert; Fisher, Jessica (2004). The Addison Street anthology: Berkeley's poetry walk. Heyday Books. s. 24–25. ISBN 978-1-890771-94-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Utvalde dikt

Litteratur[endre | endre wikiteksten]