Ina Kringlebotn
Ina Kringlebotn | |||
Fødd | 1983 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Moss kommune | ||
Død | 21. juni 2015 (32 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | operasongar |
Ina Kringlebotn (1983–21. juni 2015) var ein norsk sopran. I utlandet nytta ho òg artistnamnet Ina Kringelborn.[1]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Ina Kringlebotn vaks opp på Kråkstad i Ski kommune.[2] Ho var niese av sopranen Solveig Kringlebotn.[3]
Ho var gift med den finske barytonen Ludvig Lindström.
Kringlebotn starta songstudiane sin ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Seinare studerte ho ved Operaakademiet i København og ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.[4]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Ina Kringlebotn starta den musikalske karrieren sin i hip hop/RnB-duoen Gulltoppane, saman med Christine Dancke. Dei var ein del av undergrunnsmiljøet til norsk rap tidleg på 2000-talet. Etter kvart gjekk dei i kvar sin retning, og Ina satsa på opera. Ho debuterte ved Den norske Operaen i 2004, i rolla som Valencienne i Den glade enke.[4] I 2007 vart ho invitert til å synga ved Academie européenne de musique i Aix-en-Provence. Der vart ho kåra til «Laureat HSBC», og drog deretter på turné i Kina.[1][5] I Aix song ho året etter rolla som Sandrina i Haydns L'Infideltà Delusa, og denne oppsettinga gjesta òg Monaco, Sceaux, Bilbao, Valladolid og Bremen.[1] I 2009 song ho hovudrolla som Mimi mot Marius Roth Christensen i Puccinis La Bohème på sommaroperaen på Oscarsborg festning. Same haust var ho gjestesongar i Poppeas kroning på Den norske Operaen, og drog så til Bremen der ho medverka i Haydns L'Infedeltà Delusa.[4]
Frå 2010 til 2013 var ho tilsett som solist ved Komische Oper Berlin.[5] I 2012 opptredde ho på OscarsborgOperaens «Operafest», og spelte rolla som Solveig i Peer Gynt-oppsetninga på Gålå.[2]
Fjernsynsopptrededanr
[endre | endre wikiteksten]I 2003 stilte Ina Kringlebotn og Mari Eriksmoen som lag i ein NRK-produksjon der dei konkurrerte med andre kunstnarar om støytte vidare til utdanning.[6]
I 2011 spelte NRK inn Den norske Opera sin produksjon av operaen Poppeas kroning, med Ina Kringlebotn i rolla som Fortuna. Førestillinga, som vart sendt i to delar, er tilgjengel på NRK-TV fram til 1. april 2026.[7][8]
Roller (utval)
[endre | endre wikiteksten]Aix-en-Provence
[endre | endre wikiteksten]- Sandrina – L'Infedeltà Delusa av Joseph Haydn
Oscarsborg
[endre | endre wikiteksten]- Mimi – La Bohème av Giacomo Puccini
Den norske Operaen
[endre | endre wikiteksten]- Fortuna – Poppeas kroning, regi Ole Anders Tandberg
Oper Bremen
[endre | endre wikiteksten]- Sandrina – L'Infedeltà Delusa av Joseph Haydn
Komische Oper Berlin
[endre | endre wikiteksten]- Elvira – Don Giovanni av Wolfgang Amadeus Mozart
- Grevinnen – Figaros bryllup av Wolfgang Amadeus Mozart
- Eva – Mestersangerne i Nürnberg av Richard Wagner, regi Andreas Homoki
- Michaëla – Carmen av Georges Bizet
- Agathe – Der Freischütz av Carl Maria von Weber, regi Calixto Bieito
- Rusalka – Rusalka av Antonín Dvořák
- Juanita – Der Kuhhandel av Kurt Weill
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Biografi - ina kringlebotn» (på engelsk). Arkivert frå originalen 20. februar 2017. Henta 19. februar 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Sopranen Ina Kringlebotn er død». www.amta.no (på norsk). 23. juni 2015.
- ↑ «Sopran Ina Kringlebotn er død» (på norsk bokmål). 23. juni 2015. Henta 25. september 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Sopran Ina Kringlebotn er død». VG (på norsk).
- ↑ 5,0 5,1 «Nekrolog: Ina Kringlebotn». Aftenposten. 26. juni 2015.
- ↑ NRK (15. september 2003). «Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn». NRK (på norsk). «Mari Eriksmoen og Ina Kringlebotn studerer klassisk sang ved Norges musikkhøyskole, og har spilt sammen i flere år. De fremfører helst sine egne versjoner av klassiske vokalnumre, men synger også gjerne jazz, pop, rock og musikalstoff. I fremtiden håper de begge å kunne etablere seg som operasangere, og de vil dessuten gjerne vise ungdommen at opera ikke nødvendigvis må være noe stivt og kjedelig, men også kan ha appell til de unge.»
- ↑ «NRK TV - Se Poppeas Kroning (1:2)» (på norsk). 30. oktober 2011. Henta 19. februar 2017. «Poppeas Kroning - opera av Claudio Monteverdi. (1:2) Monteverdis opera fra 1642 er et musikalsk overflødighetshorn, men komponisten slår hardt til med sin skildring av keiser Nero, hans flamme Poppea og de andre elskende parene i det gamle Rom. Et klassisk drama om makt og begjær som ikke tegner et sympatisk bilde av mennesket - og i denne sammenheng har ikke mye forandret seg siden operaen ble skrevet for 365 år siden. Dette er en tv-versjon av oppsetningen på Den norske opera og ballett i regi av Ole Anders Tandberg. Dirigent: Alessandro de Marchi.»
- ↑ «NRK TV - Se Poppeas Kroning (2:2)» (på norsk). Henta 19. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Ina Kringlebotn» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ina Kringlebotns minnefond for barnekultur
- Utdrag frå Rusalka på YouTube
- Ina Kringlebotn syng Haugtussa (varigheit: 25 minutt)