Ina Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ina Lange
Ina Lange.gif
Fødd14. desember 1846
FødestadHelsingfors
Død23. oktober 1930 (83 år)
DødsstadKøbenhavn
AliasDaniel Sten
OpphavFinland
Instrumentpiano
Verka sompianist, skribent
Gift medAlgot Lange
BornAlgot Lange

Ina Blenda Augusta Lange, fødd Forstén (16. desember 184623. oktober 1930) var ein finlandssvensk pianist og forfattar.[1] Ho nytta pseudonymet Daniel Sten.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lange var fødd i Helsingfors. Foreldra hennar var assessoren Johan August Forstén (1815-1881) og Augusta Vilhelmina Danielsson (1820-1878). Ho hadde to sysken. I 1876 gifta ho seg med operasongaren Algot Lange (1850-1904). Saman fekk dei sonen Åke Mortimer Lange, seinare kjend som oppdagingsreisaren Algot Lange, i 1884. Dei skilde seg 1898.

Lange fekk privatundervising heime og studerte deretter ved Julie Reyers höhere Töchterschule i Berlin frå 1870 til 1871. Ho fekk opplæring av pianisten Carl Tausig og fortsette studia ved musikkonservatoriet i Moskva, blant anna under Anton Rubinstein og Pjotr Tsjajkovskij.

I 1875 var ho på turné i Stockholm, der ho blei kjend med August Strindberg. Strindberg fridde til Lange sjølv om ho var trulova med vennen hans Algot Lange, og det oppstod eit trekantdrama. Lange presenterte seinare Siri von Essen for Strindberg, som han blei gift med. Algot Lange opptrer i Strindberg sin roman Röda rummet, medan Ina Lange opptrer i Han och hon og En dåres försvarstal.[2]

Lange debuterte som forfattarar i 1884 med Bland ödebygder och skär, og følgde han opp året etter med romanen Sämre folk. Denne var dedikert tll Anne Charlotte Leffler.[3] Fyrst skreiv ho under pseudonymet Daniel Sten, men seinare skreiv ho under sitt eige namn.

Frå 1885 var Lange kammerpianist ved danske hoffet. Mellom 1912 og 1919 gav ho ut fleire populære musikhistoriske verk. Frå 1913 var ho busett i Malmö. Ho heldt òg forelesingar i musikkhistorie i København og Sør-Sverige.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bland ödebygder och skär: berättelser från Finland / af Daniel Sten, Bonnier, Stockholm 1884. Libris 1598278. 
  • "Sämre folk", Bonnier, Stockholm 1885. Libris 20114792. 
  • Med kärlek!: Berättelse / af Daniel Sten, Stockholm 1888. Libris 2762455. 
  • Luba: en studie, Edlund, Helsingfors 1889. Libris 22488391. 
  • Berättelser från Finland / af Daniel Sten, Hæggström, Stockholm 1890. Libris 1624093. 
  • När sången föddes / af Daniel Sten ; med teckningar af Gisela Henckel, Bonnier, Stockholm 1895. Libris 22667687. 

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Från rokokotidens musikliv, Norstedt, Stockholm 1912. Libris 1635951. 
  • Skilda tiders musikmästare: Händel, Beethoven, Chopin, Sibelius : studier över deras liv och verk, Norstedt, Stockholm 1913. Libris 2762301. 
  • Barberina Campanini: Fredrik den stores älskarinna, Norstedt, Stockholm 1915. Libris 1635950. 
  • Den unge Gluck, Norstedt, Stockholm 1917. Libris 1654755. 
  • Gluck, mästarn, Norstedt, Stockholm 1919. Libris 1654756. 
  • Frédéric Chopin och hans älskade, Hökerberg, Stockholm 1921. Libris 1486348. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ina Lange» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mai 2022.
  • Gedin, David: Fältets herrar: framväxten av en modern författarroll : artonhundraåttitalet, B. Östlings bokförl. Symposion, Eslöv 2004. ISBN 91-7139-662-4. Libris 9362563. 
  • Heggestad, Eva (1991). Fången och fri: 1880-talets svenska kvinnliga författare om hemmet, yrkeslivet och konstnärskapet. Uppsala: Avd. för litteratursociologi vid Litteraturvetenskapliga institutionen, Univ. Libris 7746142. ISBN 91-85178-19-5 
  • Ina Lange i Svenskt biografiskt lexikon

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dansk Kvindebiografisk Leksikon - Ina Lange». www.kvinfo.dk. 15. mai 2003. Henta 17. september 2017. 
  2. Gedin 2004, s. 127
  3. Gedin 2004, s. 127

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Holmström, Roger (2005). ”Under berättelsens yta: Ina Lange”. Att ge röst : omvärld och identitet i några nyländska folklivsberättelser / (2005): sid. 24-44.  Libris 9933737
  • Toftegaard Pedersen, Arne: Det marginaliserede gennembrud: tre moderne svensksprogede romaner fra 1880ernes Finland, Åbo akademis förlag, Åbo 2002 (dan). ISBN 951-765-105-8. Libris 8717401. 
  • ”Lange, Ina”. Biografiskt lexikon för Finland. Helsingfors: Svenska litteratursällskapet i Finland. 2008–2011. URN:NBN:fi:sls-4609-1416928957215