Ina Svenningdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ina Svenningdal
Fødd16. juni 1996 (27 år)
Verka somskodespelar

Ina Svenningdal (fødd 16. juni 1996) er ein norsk skodespelar frå Oslo.

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Svenningdal er oppvaksen på Grorud og gjekk på Apalløkka ungdomsskole og Hartvig Nissens skule. Svenningdal er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole, og starta å jobbe ved Det Norske Teatret våren 2020.[1][2]

Svenningdal fekk allereie som fireåring si fyrste rolle, i stykket Putti Plutti Pott på scena i Oslo Spektrum.[2]

Svenningdal er best kjend for si rolle i TV-serien Skam, der ho spelar rollefiguren Chris Berg, og rolla som Åsa i TV-seriane Linus i Svingen og Jul i Svingen.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. aftenposten.no (20.jun.2016): - Jeg kommer ikke til å droppe Teaterskolen for å være med i Skam, hentet 18. juni 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 Solberg, Julie (10. desember 2017). ««Jul i Svingen»-stjernene er ikke til å kjenne igjen» (på norsk). Henta 5. oktober 2021. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.