Inambari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inambari
elv
none  Skysstasjon ved landsbyen Puerto Carlos Foto: Roar Johansen
Skysstasjon ved landsbyen Puerto Carlos
Foto: Roar Johansen
Land Peru
Renn gjennom Belem, Pacchani, Puerto Leguía med fleire
Sideelvar Sangaban og Marcapata
Lengd 437 km km
Kjelde Nevado Ananea
Munning Madre de Dios
Wikimedia Commons: Inambari River

Inambari òg Inampare eller Azul, er ei elv i Peru og ein del av Amazonasbassenget. Det meste av elva renn gjennom regionen Madre de Dios, omtrentleg lengd er 437 kilometer fram til utlaupet i Madre de Dios ved landsbyen Inambari.

Ei kjelde til elva er det snødekte fjellet Ananea, ved Llustha Jakke. Dei største sideelvane som fører vatn til Inambari er elvane Sangaban og Marcapata. Øvre delar av elva renn i regionane Cuzco og Puno. Inambari passerer gjennom landsbyane Belem, Pacchani, Puerto Leguía, Puerto San Carlos, Las Hormigas og Inambari ved munningen av sideelva Mamoré.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]