Inbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°54′37.07″N 35°25′22.8″E
Inbar
ענבר
Kibbutz
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Merom HaGalil regionale kommune
Koordinatar 32°54′37.07″N 35°25′22.8″E
Folketal 25
Grunnlagd 1994
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Inbar
Nettstad: www.inbar.co.il

Inbar (hebraisk ענבר, tyder Rav) er ein kibbutz nær Karmiel i Galilea nord i Israel. Inbar er den minste kibbutzen i landet, med berre kring 10 innbyggjarar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inbar ligg på staden til den bibelske landsbyen Kfar Hananya, som var busett av jødar frå tida kring Det første tempelet fram til 1500-talet. Den bibelske landsbyen låg langs breidda av Nahal Tzalmon, og var kjend for keramikken sin som vart rekna som høg kvalitet. Rabbi Halafta, ein av dei store tolkarane av Mishnah, levde der i Talmud-tida, og er gravlagd der. På 1500-talet vart samfunnet fråflytta, og innbyggjarane flytta til Peki'in, der det fanst eit større jødisk samfunn. Mot slutten av 1970-åra, vart det reist ein mellombels leir, som ein del av HaMitzpim-programmet, for arbeidarar som bygde moshavim i nærleiken. Restane av bygningane som vart nytta i leiren vart utbetra av medlemmar frå samfunnet då dei budde der på Yom Ha'atzmaut i mai 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Inbar website