Inca Roads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inca Roads
Song av Frank Zappa and The Mothers of Invention
frå albumet One Size Fits All
Utgjeve 1975
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion, eksperimentell
Lengd 8:45
Selskap DiscReet
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«Inca Roads» er opningssporet på Frank Zappa and The Mothers of Invention-albumet One Size Fits All frå 1975. Songen består av uvanlege taktar, tekst og vokal, og er ein av dei første Zappa-songane som nyttar xenokroni. Marimba-spelinga til perkusjonisten Ruth Underwood er dominerande i songen. Songen vart spelt på konsertane til Zappa i 1973-1974, 1979 og 1988.[1]

Tema[endre | endre wikiteksten]

«Inca Roads» utforskar hovudsakleg stereotypane til romvesen som møter Inkasivilisasjonen. Temaet, og plateomslaget på One Size Fits All, ser ut til å vere ein parodi på andelegheita mange progrockalbum på denne tida baserte seg på. Teksten «Did a vehicle come from somewhere out there, just to land in the Andes? Was it round and did it have a motor or was it something different?» indikerer at ein UFO landar i Andesfjella. Etter kvart som songen utfoldar seg, vert teksten meir og meir fjollete og verkar å latterleggjere byrjinga av songen. Eit døme på dette er «...or did someone build a place or leave a space for Chester's thing to land (Chester's thing... on Ruth). Did a booger-bear come from somewhere out there...» Den useriøse teksten og sjølve musikken ser ut til å latterleggjere andre progrockband.[2][3][4]

Songstrukturen[endre | endre wikiteksten]

«Inca Roads» nyttar følgjande taktartar: 2/4, 3/4, 4/4, 5/4, 6/4, 3/8, 7/8, 3/16, 5/16, 7/16, 11/16 og kanskje fleire. Songen starta med hovudsakleg vokal, trommer og marimba, men elekltrisk gitar og bass tar over det meste av songen. Mot slutten av songen kjem vokalen attende, men gitaren er framleis dominerande. Etter ein kort marimbasolo er «Inca Roads» attende til byrjinga av songen. Songen endar med teksten «On Ruth, on Ruth, that's Ruth!» som viser til Underwood og marimbaspelinga hennar.[2][5] I eit intervju med vokalisten og klaverspelaren George Duke sa han at Zappa pressa han til å synge på «Inca Roads» og at han før dette ikkje hadde tenkt å synge profesjonelt og var berre der for å spele klaverinstrument. Han forklarte vidare at Zappa hadde kjøpt ein syntehesizer til han (eit instrument som Duke hadde mislikt) og fortalte han at han kunne spele på det om han ville. Dette førte til at Duke spelte synth-partiet på «Inca Roads» òg.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]