Inchcape

Koordinatar: 56°26.052′N 2°23.236′W / 56.434200°N 2.387267°W / 56.434200; -2.387267
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°26.052′N 2°23.236′W / 56.434200°N 2.387267°W / 56.434200; -2.387267

Bell Rock fyr

Inchcape eller Bell Rock er eit kjent rev på austkysten Angus i Skottland, nær Dundee og Fife. Begge namna syner til forma på revet. Inchscape kjem frå det skotsk-gæliske Innis Sgeip, som tyder «bikubeøya», og som truleg refererer til ein gammal type bikube. Den største faren med revet er at sjølv om berre ein liten del av det stikk opp av vatnet, er det eit stort område rundt skjeret som er særs grunt og farleg.

Bell Rock fyr er eit fyr som står på revet. Fyret vart bygt i perioden 1807 til 1810 av Robert Stevenson, bestefaren til forfattaren Robert Louis Stevenson.[1]

Diktet The Inchcape Rock av Robert Southey er ein ballade inspirert av revet frå 1802.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Northern Lighthouse Board - Bell Rock», www.nlb.org.uk, arkivert frå originalen 9. februar 2019, henta 8. februar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]