Inchmickery

Koordinatar: 56°00′39″N 3°16′24″W / 56.01084°N 3.27343°W / 56.01084; -3.27343
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Militært anlegg på øya.
Inchmickery frå Cramond/Silverknowes

Inchmickery er ei lita øy i Firth of Forth i Skottland. Ho ligg om lag 1,5 km nord for Edinburgh.

Namnet kjem frå det skotsk-gæliske Innis nam Bhiocaire, som tyder Sokneprestøya, og indikerer at det kan ha vore ein gammal prestebustad her.

Inchmickery er berre 100 meter brei og 200 meter lang. Under den andre verdskrigen vart det bygd eit artilleri på øya. Øya er ikkje lenger busett, men mykje a det militære anlegget er framleis intakt. Bygningane vart mellom anna nyttar i scenar i filmen Complicity.

Øya er i dag eit RSPB-reservat (fuglereservat) og ærfugl, splitterne og forskjellige måseartar hekkar her. Ho var tidlegare òg hekkestad for den sjeldne rosenterne, men desse er no flytta bort frå Firth of Forth. Det ligg to skjer utanfor Inchmickery, kalla Cow og Calf (ku og kalv).

Inchmickery var tidlegare kjend for østers[1] og var dekt av mose og lav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

56°00′39″N 3°16′24″W / 56.01084°N 3.27343°W / 56.01084; -3.27343