Incoherence av Peter Hammill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Incoherence
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve Mars 2004
Innspelt Mars - desember 2003
Sjanger Kunstrock
Lengd 41:38
Selskap Fie!
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
Clutch
(2002)
Incoherence Singularity
(2006)


Incoherence er det 30. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans Fie! i mars 2004. Incoherence er eit konseptalbum om språk, og inneheld 14 spor med mjuke overgangar mellom seg. Albumet vart produsert og spelt inn av Hammill sjølv, med bidrag frå Stuart Gordon på fiolin og David Jackson på fløyte og saksofon.

Produksjon og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Incoherence er det fjerde albumet til Hammill (både med Van der Graaf Generator og solo) med lange musikkstykke med kontinuerlege overganga mellom seksjonane, som kan identifiserast som eigne songar. Det er 41 minuttar langt og dobbelt så langt som tidlegare eksempel, som «A Plague of Lighthouse Keepers» (1971 med Van der Graaf Generator), «Flight» (1980) og «A Headlong Stretch» (1994).

Musikalsk varierer dei 14 seksjonane frå rolege, harmoniske songar, til vanskelge og særs krevande seksjonar, knytte saman av den uvanlege røysta til Hammill, med fokus på klaverinstrument og konseptet på albumet: språk.

Incoherence vart spelt inn i studioet til Hammill, Terra Incognita i Wiltshire mellom mars og september 2003. Hammill miksa albumet berre to dagar før han fekk eit hjarteinfarkt i desember 2003.

Instrumenteringa på Incoherence er kompleks og symfonisk, men med heller enkle musikalske strukturar, hovudsakleg i byrjinga og slutten. Under klaverinstrumenta nytta Hammill gitarar, og enkelte stader fiolin frå Stuart Gordon og saksofon frå David Jackson. Dette var typisk for instrumenteringa til Hammill sidan 1990-åra. Det vart ikkje nytta trommer.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Incoherence diskuterer Hammill motsetnadane og manglane i språk, og skriv at «kapasiteten vår for kommunikasjon og forståing definerer oss både sosialt og personleg». På fleire nivå skildrar tekstane på albumet den «usamanhengande» (incoherent) bruken av ord. Det er blitt hevda at Peter Hammill refererte til den kjende Irak-talen til Tony Blair.[1]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget var designa av Paul Ridout, og syner ein rusta og brend flate med linjer av tekst. Bretta ut dannar heftet eit tårn bygd av linjene i songane på Incoherence, ein referanse til Babeltårnet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]

Kritikarane gav Incoherence positiv omtale og omtalte det som eit «stort verk, som igjen utforskar grensene for popmusikk» (The Independent),[1] og at det var «Hammill sitt mest ambisiøse verk sidan 'Flight', og representerer eit høgdepunkt i den kunstnariske kreativiteten hans» (Allmusic).[3] Det vart òg sagt at Incoherence «krev tid og mange gjennomlyttingar» (Maelstrom).[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Hammill.

Nr.TittelLengd
1.«When Language Corrodes»2:46
2.«Babel»4:36
3.«Logodaedalus»2:18
4.«Like Perfume»1:32
5.«Your Word»1:09
6.«Always and a Day»2:08
7.«Cretans Always Lie»3:25
8.«All Greek»4:14
9.«Call That a Conversation?»3:13
10.«The Meanings Changed»1:57
11.«Converse»2:09
12.«Gone Ahead»5:39
13.«Power of Speech»2:41
14.«If Language Explodes»3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Hammill - vokal, instrument
  • Stuart Gordon - fiolin
  • David Jackson - saksofon, fløyte

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Bath)
  • Paul Ridout - design, kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hasted, Nick, Heart Attack Music, The Independent on Sunday, 27. juni 2004.
  2. Allmusic review
  3. François Couture. «Incoherence Overview». All Media Guide, LLC. Henta 9. august 2020. 
  4. Avi Shaked. «Album Review Hammill, Peter - Incoherence». Maelstrom Zine. Arkivert frå originalen 12. juni 2008. Henta 29. desember 2007.