Indian Railways

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indian Railways


Org.formStatleg selskap
Skipa8. mai 1845
EigarIndia
HovudkontorNew Delhi
LandIndia
Nettstadhttp://www.indianrailways.gov.in/
Jernbanenettverket i India.

Indian Railways er det statseigde jernbaneverket i India. Det blei grunnlagd i 1951 og blir styrt av det indiske jernbanedepartementet. Selskapet står for det meste av skjenetrafikk i India, og omfattar lokaltog, langdistansetog og ein del internasjonale tenester til Nepal, Bangladesh og Pakistan.

Verksemda er ei av dei største jernbanesystema i verda. Det har rundt 115 000 jernbane og ruter på 65 436 km.[1] Dei har ulik sporbreidd: Størstedelen er 1676 mm, ein mindre del er 1000 mm og ein liten del er smalspora med 762 eller 610 mm.[2] Jernbanen omfattar 7 172 stasjonar.[1] I 2014–15 frakta Indian Railways 8,397 milliardar passasjerar – over 23 millionar kvar dag - og 1050,18 millionar tonn gods.[3] Indian Railways har over 1,3 millionar tilsette (2013).[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Det største og minste lokomotivet på linja», fotografert ved jernbaneverkstaden i Jamalpur i 1897. På denne tida var nesten alle lokomotiv importerte frå Storbritannia.

Indian Railways har røter frå jernbanen i Britisk India. Den første jernbanelinja i India blei opna i 1853, mellom Bombay og Thane, av Great Indian Peninsula Railway. Ei linje mellom Allahabad og Jabalpur var blitt opna av East Indian Railway i 1867. Under ingeniør Robert Maitland Brereton blei desse bananae bundne saman til eit nettverk på 6 400 km som gjorde at ein kunne reisa direkte mellom dei viktige byane Bombay på vestkysten og Calcutta på austkysten. Ruta blei opna i 1870 og var ein av inspirasjonane til Jules Verne si bok Jorden rundt på 80 dager. Utbygginga fortsette, mellom anna til Madras i sør. I 1895 byrja ein byggja eigne lokomotiv i India.

GIPR blei statseigd i 1900, og i 1907 blei dei fleste jernbaneselskapa tekne over av styresmaktene. Ved slutten av andre verdskrigen var alle jernbanelinjene statsdrivne.

Med delinga av Britisk India enda rundt 40 % av jernbanelinjene i Pakistan, og nye spor måtte leggjast. Selskapet Indian Railways blei formelt skipa i 1951.

Prasanti Express med lokomotivet KJM WDP4 20044.

Damplokomotiv blei fullstendig skifta ut med elektriske i 1985, bortsett frå på historiske linjer. I 1995 blei det innført elektronisk billettreservasjon. Ei ny rute, Konkan-jernbanen over dei bratte vestlege Ghatfjella, blei opna i 1998. Fleire historiske fjellruter, som går på smalsporbanar og framleis bruker damplokomotiv, blei tekne med på UNESCO si verdsarvliste som fjelljernbanar i India i 1999.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Summary Sheet (PDF), indianrailways.gov.in
  2. «Evolution», indianrailways.gov.in
  3. 3,0 3,1 Facts Figures (PDF), indianrailways.gov.in
  4. «Mountain Railways of India», unesco.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indian Railways