Indian Rocks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°29′08.9″S 60°16′19.4″W
Indian Rocks
klippe
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°29′08.9″S 60°16′19.4″W
Administrert under Antarktistraktaten
Indian Rocks is located in Antarktis
Indian Rocks (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.

Indian Rocks er ei gruppe skjer aust i Hero Bay på nordsida av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå Blythe Bay.

Skjera er kalla opp etter den britiske selfangstskuta «Indian» under kaptein Spiller som vitja Sør-Shetlandsøyane i 1820-21 og førte attende noko av mannskapet frå det forliste skipet «Cora» frå nærliggande Desolation Island.

Skjera ligg 1,5 km aust for Wood Island, 4,04 km vest-sørvest for Balsha Island, Dunbar Islands, 3,62 km nordvest for Kotis Point og 3,76 km nord-nordvest for Bezmer Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]