Indianarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Indianar)

Indianarar er ei nemning brukt om amerikanske urfolk etter at Christoffer Columbus trefte nokre av dei på Hispaniola i 1492. Columbus trudde han var komen til India, og kalla dermed dei han møtte indios.

Seinare viste det seg at oppdagaren hadde teke svært feil, men namnet hadde festa seg. Alle dei ulike amerikanske folkegruppene, frå inuitane i nord til mapuchane i sør, blei kalla indianarar. Samstundes danna dei innvandrande europearane seg eit bilde av urinnbyggjarane som ville, barnslege, barbariske og drikkfeldige. Reiseskildringar, romanar og seinare filmar frå Hollywood spreidde denne oppfattinga, også til Noreg, der mange barn leika «indianar og kvit» eller «indianar og cowboy», leikekrigar mellom dei første og dei seinare amerikanarane.

Heltemodig indiansk krigar av Jean Baptiste Debret.

Andre og meir positive stereotypar av indianarane er at dei var vise, heltemodige og levde nært naturen.

Ettersom urfolk har fått ein noko høgare status, har òg indianaromgrepet blitt teke opp og forkasta for andre nemningar. I Canada blir indianarane nå kalla First Nations, dei første nasjonane eller folka. I USA bruker ein omgrepet Native Americans, innfødde amerikanarar. Sjølv vil mange amerikanske urfolk heller kjennast ved namnet på folkegruppa si, framfor å bli grupperte saman med ei rekkje kulturar som stort sett berre har det til felles at dei heldt til ein stad i Amerika då Columbus dukka opp.

For meir om sjølve folka, les amerikanske urfolk.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet indianar er i norsk lånt inn frå spansk 'indiano' som tyder indar, person frå India. På mange språk er ordet for indianar og ein som kjem frå India det same, logisk nok. Dette kan skapa forvirring. Betre blir det ikkje av at nokre av dei karibiske øyane blei kalla Vestindia, medan store delar av Asia, som India og Indonesia, blei kalla Aust-India, på dansk Ostindien. På grunn av dette kunne ein finna på å kalla indarar East Indians, austind(ian)arar, og folk frå Karibia West Indians eller vestind(ian)arar.