Indianarbekkasin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indianarbekkasin
Indianarbekkasin Foto: Sean Breazeal
Indianarbekkasin
Foto: Sean Breazeal
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Indianarbekkasin
Utbreiinga av Indianarbekkasin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Gallinago
Art: Indianarbekkasin G. delicata
Vitskapleg namn
Gallinago delicata

Indianarbekkasin (Gallinago delicata) er ein mellomstor, tettvaksen vadefugl i snipefamilien med eit langt nebb. Arten har utbreiing frå nordlege Sør-Amerika og nordover over det meste av Mellom-Amerika, Karibia og Nord-Amerika. Denne bekkasinen var tidlegare rekna som ein underart av enkeltbekkasin (G. gallinago). Indianarbekkasin skil seg frå enkeltbekkasin i å ha ein smalare kvit bakkant på vengene, og åtte par halefjører i staden for dei typiske sju hos enkeltbekkasin.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne er 26-28 centimeter i lengd med 40-47 cm vengespenn.[2] Dei har korte, skittengule bein og eit særs langt, rett og mørkt nebb. Kroppen er spraglete brun på oversida og bleik under. Dei har eit mørkt augestrek, med lyse striper over og under den. Vengene er spisse. Kjønna er mykje like, men hofuglar har lengre nebb og kortare hale enn hannfuglar. Fjørdrakta for vaksne endrar seg ikkje gjennom sesongane. Dette er godt kamuflerte fuglar, dei er vanlegvis sky og skjuler seg i vegetasjonen. Om dei flyg opp skjer det med ein serie av retningsendringar for å forvirre predatorar.

Arten hekkar over det meste av Alaska og Canada, unntatt øyane i det kanadiske polararkipelet. Dessutan i nordlege USA. Dei er flyttfuglar, trekker til Nord-Amerika sør for hekkeområdet, Mellom-Amerika, Karibia, Colombia og Venezuela. I nordvestlege og sentrale USA kan indianarbekkasinar leve året rundt. Habitata for denne arten er prega av opne, myrlendte eller graskledde område gjerne nær innsjøar og elver, også i taiga lengst nord, men dei unngår tett vegetasjon. I Sør-Amerika òg i páramo økosystem opp mot 4000 moh.

Dei beitar i mjuk gjørme, søker djupt med nebbet utan å løfte det opp, eller plukkar opp mat ved synet. Føda er insektlarver, insekt, meitemark, blautdyr og plantematerialar.

Akkurat som enkeltbekkasinen har hannen av indianarbekkasin fluktspel i hekkesesongen og gjer ein mekrande lyd.[3]

Populasjonen av indianarbekkasin vart redusert mot slutten av det 1800-talet av jakt og habitatøydelegging. Han er i dag estimert til ca. 2 mill individ og er trudd å vere svakt aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Wilson’s Snipe». Cornell Lab of Ornithology. «Sitat The Wilson's Snipe typically has 16 tail feathers, whereas the common snipe has 14.» 
  2. del Hoyo, J., Collar, N., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016). Wilson's Snipe (Gallinago delicata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. september 2016
  3. Opptak av læte tilgjengeleg frå xeno-canto.org
  4. BirdLife International (2021) Species factsheet: Gallinago delicata Arkivert 2016-09-27 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. juli 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Indianarbekkasin