Indigoara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indigoara
Indigoara Foto: Joao Quental
Indigoara
Foto: Joao Quental
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av indigoara
Utbreiinga av indigoara
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Anodorhynchus
Art: Indigoara A. leari
Vitskapleg namn
Anodorhynchus leari

Indigoara (Anodorhynchus leari) er ein stor heilblå papegøye, ein av ca. 17 neotropiske papegøyar med samnamnet ara. Han er ein av tre nokså likt blåfarga artar i den biologiske slekta Anodorhynchus.[1] Indigoara er sjeldan og har eit svært avgrensa utbreiingsområde i lengst nordaust i staten Bahia, Brasil. Habitatkravet inkluderer ein spesifikk palmeart for føde, og små bergholar til reirplass. Arten har historisk vore utsett for fangst til burfuglhandel, i 1978 var populasjonen av ville fuglar estimert til ca. 60 individ inkludert ungfuglar. Etter eit systematisk vernearbeid var bestanden auka til rundt rekna 1690 individ i år 2018.[2] Raudlistekategorien blei endra frå kritisk truga (CR) til sterkt truga (EN) i 2009 og populasjonen er framleis veksande.[3] Framgangen for arten indigoara står som eit døme på at vernearbeid kan vise til resultat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Indigoara, engelsk: Lear's macaw, vart oppkalla etter poeten, forfattaren og kunstnaren Edward Lear, som publiserte eit måleri av ein indigoara i ei bok med illustrasjonar av papegøyefamilien. Den gongen trudde han sjølv det var hyasintara han skildra, ein annan og større art i slekta.
llustrations of the Family of Psittacidae, or parrots, 1832

Indigoara vart først skildra av den franske ornitologen Charles Lucien Bonaparte i 1856. I over 100 år var arten berre kjent for vitskapen som burfugl i aviarium og som handelsobjekt. I desember 1978 fann ornitologen Helmut Sick det naturlege leveområdet for 21 individ indigoaraer.[4] Staden ligg i det nordaustre hjørnet av Bahia, i dag kjent som Canudos biologiske stasjon. Det er eit verna habitat for arten, òg lagt tilrette for turisme. Fleire andre leveområde er seinare funne, opptil 250 kilometer vest for det første, slik at i år 1994 kom det totale estimatet opp i 140 individ.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Indigoara er ca. 75 cm lang og veg rundt 940 gram. Kroppen, halen og vengene er metallisk mørkeblå med veikt grønt fargeskjær, og hovudet er i ein litt bleikare nyanse. Han har ein bleikgul, naken hudlapp mot nebbrota, og oransjegul augeringar. Nebbet er stort og kraftig, nær svart, og føtene er mørkegrå. Indigoara liknar på den større hyasintara og den litt mindre, truleg utrydda asurara. Hyasintara kan kjenneteiknast ved mørkare fjørdrakt, mangel på grønleg skjær og ein annleis forma gul hudlapp mot undernebbet. Asurara var bleikare og hadde eit meir gråaktig hovud.

Det primære kosthaldet til indigoara er palmenøtter frå palmearten Syagrus coronata, (licurí-palmar) så mange som 350 per dag. Men òg nøtter og bær frå andre treslag og plantar, inkludert frå sumakfamilien. Dei kan dessutan ta for seg av modne maisavlingar.

Indigoara krev sandsteinklipper med holar eller sprekker for reirplass. Eit hekkande par av indigoara legg to egg per kull i hekketida frå desember til mai. Likevel reproduserer ikkje alle fuglepar ofte eller i det heile. Ein studie frå 2010 har synt at ca. ein av fem fuglar reproduserer.[5]

Vern og status[endre | endre wikiteksten]

Habitatet av licurí-palmar strekte seg ein gong over eit areal på 250 000 km². I dag er det redusert til ca. 4000 km². Palmane er under press av storfedrift i nærleiken av hekkeområdet, det fører med seg eit tap av matkjelder for desse fuglane. Sjølv om levetida til palmane kan vere 30-150 år, lever dei fleste tre ikkje over 8–10 år.

I tillegg til tap av leveområde, har indigoara historisk lidd av fangst til fuglehandel. Ulike verneorganisasjonar, saman med lokale rancharar og andre uavhengige organisasjonar, jobbar for å hjelpe til med å verne arten. Indigoara er for tida oppført som ein truga art i CITES vedlegg 1, den internasjonal avtalen for kontroll av handel med ville dyr og plantar.

Populasjonen er aukande, og er per 2018 estimert til 1694 individ, opp frå 60 i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2020) Species factsheet: Anodorhynchus. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juni 2020
  2. BirdLife International (2020) Species factsheet: Anodorhynchus leari. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juni 2020
  3. 3,0 3,1 Collar, N., P. F. D. Boesman, C.J. Sharpe, G. M. Kirwan, and E.F.J. Garcia (2020) Indigo Macaw (Anodorhynchus leari) version 1.0. I: Birds of the World. (J. del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.indmac1.01 Henta den 8. juni 2020
  4. Helmut Sick and Dante Martins Texeira (mars 1980). «Discovery of the home of the Indigo Macaw in Brazil». American Birds 34 (2): 118–19, 212. 
  5. Pacífico, E., Barbosa, E., Filadelfo, T., Oliveira, K., Silveira, L., & Tella, J. (21. februar 2014). «DBreeding to non-breeding population ratio and breeding performance of the globally Endangered Lear’s Macaw Anodorhynchus leari: Conservation and monitoring implications.». Bird Conservation International 24 (4): 466–476. doi:10.1017/S095927091300049X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indigoara