Indigokronekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indigokronekolibri
Indigokronekolibri
Indigokronekolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av indigokronekolibri
Utbreiinga av indigokronekolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Saucerottia
Art: Indigokronekolibri A. cyanifrons
Vitskapleg namn
Amazilia cyanifrons

Indigokronekolibri (Saucerottia cyanifrons) er ein kolibri som lever i sentrale Colombia, innanfor Norte de Santander-departementet, Magdalena-dalen, og i øvre Valle del Cauca.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Indigokronekolibrien måler i gjennomsnitt 9,1 centimeter, inkludert nebbet på 18 mm. Oversida og heile framdelen av nebbet er svart, men raudt på underkjeven mot nebbrota. Hannen har ei krone som er lys indigo-blå som glir over i grønt på ryggen, og til kopar-bronse på overgumpen. Halen er mørk blå og litt kløfta. Brystet og buken er lys grøn og dei syner kvite duskar rundt beina. Hofuglane er mindre briljante.[1]

Arten lever i habitat av skog, kratt og dyrka område mellom 400 og 2000 moh., men kan gå både høgare og lågare.[1] Føda er nektar frå plantar som Eugenia i myrtefamilien, Hamelia i maurefamilien og epifyttar. Dei jagar òg insekt.[2]

Storleiken på populasjonen av indigokronekolibri er ikkje kjent, arten er skildra som ganske vanleg i utbreiingsområdet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Hilty, Steven L. and William L. Brown (1986) A guide to the birds of Colombia: 273-274. Princeton University Press. ISBN 0-691-08371-1
  2. Weller et al (1999)
  3. BirdLife International (2023)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Indigokronekolibri