Indisk rupi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indiske rupisetlar

Rupi (valutasymbol: ) er mynteininga i India. Ein rupi blir delt inn i 100 paisa. ISO 4217-koden for indisk rupi er INR. Indisk rupi blir også noko brukt i nabolanda Bhutan og Nepal. Indisk rupi har fast kurs med bhutansk ngultrum (lik verdi) og nepalsk rupi, der 1 INR = 1,6 NPR. I mars 2009 var 100 indiske rupi verdt 12,910 norske kroner.

Rupi er også mynteininga i Pakistan, Sri Lanka, Mauritius og på Seychellane.

8. november 2016 blei 500- og 1000-rupisetlar gjort ugyldige som betalingsmiddel av den indiske regjeringa i eit tiltak mot svarte pengar. Tiltaket trådde i kraft ved midnatt same dag. Nye setlar tilsvarande 500 og 2000 rupi gjekk i omlaup frå 10. november 2016.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Issue of ₹500 Banknotes Reserve Bank of India
  2. Issue of ₹2000 Banknotes Reserve Bank of India

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Indisk rupi
Spire Denne økonomiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.