Delstatar og territorium i India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Indiske delstatar)
Gå til: navigering, søk
Det indiske havet Bengalbukta Andamanhgavet Det arabiske havet Lakkadivhavet Siachenbreen Andamanøyane og Nikobarane Chandigarh Dadra og Nagar Haveli Daman og Diu Delhi Lakshadweep Puducherry Puducherry Puducherry Arunachal Pradesh Assam Bihar Chhattisgarh Goa Gujarat Haryana Himachal Pradesh Jammu og Kashmir Jharkhand Karnataka Kerala Madhya Pradesh Maharashtra Manipur Meghalaya Mizoram Nagaland Odisha Punjab Rajasthan Sikkim Tamil Nadu Tripura Uttar Pradesh Uttarakhand Vest-Bengal Afghanistan Bangladesh Bhutan Burma Kina Nepal Pakistan Sri Lanka Tadkjikistan Dadra og Nagar Haveli Daman og Diu Puducherry Puducherry Puducherry Puducherry Goa Gujarat Jammu og Kashmir Karnataka Kerala Madhya Pradesh Maharashtra Rajasthan Tamil Nadu Assam Meghalaya Andhra Pradesh Arunachal Pradesh Nagaland Manipur Mizoram Telangana Tripura West Bengal Sikkim Bhutan Bangladesh Bihar Jharkhand Odisha Chhattisgarh Uttar Pradesh Uttarakhand Nepal Delhi Haryana Punjab Himachal Pradesh Chandigarh Pakistan Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Sri Lanka Disputed territory in Jammu and Kashmir Disputed territory in Jammu and Kashmir
Klikkbart kart over delstatane unionsterritoria i India


India er ein sambandsstat delt inn i 29 delstatar og 5 territorium («Union Territory»). Delstatane er styrte av sjølvvalde lovgjevande forsamlingar og regjeringar, som regel med ein guvernør og ein førsteminister (Chief Minister) på toppen. Unionsterritoria er derimot direkte underlagde dei nasjonale styresmaktene, gjennom ein løytnant-guvernør peika ut av presidenten i India. Territoria Delhi og Puducherry har sine eigne folkeforsamlingar og ministerråd, men makta deira er avgrensa, og nokre typar lovar må godkjennast av presidenten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

Den administrative inndelinga av India i 1951.

Britisk India, som inkluderte dagens India, Pakistan, og Bangladesh, men ikkje Bhutan , Sri Lanka, Nepal eller Sikkim, var delt opp i to typar av område, provinsar og fyrstestatar («princely states»).

Etter 1947[endre | endre wikiteksten]

Ved sjølvstendet i 1947 blei dei fleste inndelingane haldne ved like, bortsett frå område som blei delte i to mellom India og Pakistan, som Panjab og Bengal. Fyrstestatane fekk valet om kva stat dei ville høyra til. Statar som nølte, som Hyderabadstaten og Kashmir, kunne bli innlemma i sambandsriket ved hjelp av trugsmål eller militærmakt. Dei fleste av desse statane blei del av dei tilstøytande provinsane, medan andre fortsette som eigne delstatar. Rajputana, Himachal Pradesh, Madhya Bharat og Vindhya Pradesh blei laga av fleire samanslåtte fyrstestatar, medan Mysore, Hyderabad, Bhopal og Bilaspur fortsette som eigne provinsar.

Den indiske grunnloven av 1950 gjorde India til ein sambandsstat av delstatar (i staden for provinsar som tidlegare) og territorium. Delstatane hadde mykje sjølvstyre og fullstendige demokratiske rettar i unionen, medan unionsterritoria blei styrt av den indiske regjeringa direkte.

Grunnlova skilde mellom tre områdetypar som fekk namn etter del-bokstavane i det første vedlegget til grunnlova:

Part A states var tidlegare guvernørstyrde provinsar frå Britisk India, og blei no styrte av folkevalde guvernørar og delstatsforsamlingar. Dei ni del A-statane var Assam, Vest-Bengal, Bihar, Bombay, Madhya Pradesh (tidlegare Central Provinces and Berar), Madras, Orissa, Punjab og Uttar Pradesh (tidlegare United Provinces).

Part B states var tidlegare fyrstestatar. Dei blei styrte av ei folkevald lovforsamling og ein rajpramukh, ofte den tidlegare herskaren, som blei utpeikt av presidenten av India. Dei åtte del B-statane var Hyderabad, Saurashtra, Mysore, Travancore-Cochin, Madhya Bharat, Vindhya Pradesh, Patiala and East Punjab States Union (PEPSU) og Rajasthan.

Part C states var både tidlegare fyrstestatar og provinsar som hadde vore styrt av kommisærar utpeikte av den tidlegare generalguvernøren av India. Dei ti del C-statane var Delhi, Kutch, Himachal Pradesh, Bilaspur, Coorg, Bhopal, Manipur, Ajmer-Merwara og Tripura.

Jammu og Kashmir hadde særskild status fram til 1957. Andamanøyane and Nikobarane blei eit unionsterritorium styrt av ein lieutenant governor, ein guvernør med innskrenka makt utpeikt av sambandsregjeringa.

Omorganiseringa i 1956[endre | endre wikiteksten]

Det viste seg snart at dei britiske inndelingane, som var skapte mest med tanke på kolonistyresmaktene, ikkje alltid var levedyktige. Strid mellom folkegrupper førte til at den indiske nasjonalforsamlinga omorganiserte statsinndelinga med States Reorganisation Act i 1956.

1. november 1956 blei India omorganisert med desse statane og territoria som følgje:

Statar

Unionsterritorium

Etter 1956[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1956 har fleire nye territorium og statar blitt skilde ut frå eksisterande statar. Bombay blei delt i Gujarat og Maharashtra etter språklinjer i 1960 under Bombay Reorganisation Act. Punjab blei delt i 1966 etter språklege og religiøse linjer under Punjab Reorganisation Act, der den hinditalande hindustaten Haryana blei til medan dei nordlege distrikta av Punjab blei overførte til Himachal Pradesh. Chandigarh, hovudstaden Punjab og Haryana deler, blei eit unionsterritorium.

Delar av Assam blei skilde ut til Arunachal Pradesh og Nagaland i 1962, Meghalaya i 1971 og Mizoram i 1972. Unionsterritoriet Tripura blei oppretta i 1963.

Dei tidlegare franske og portugisiske koloniane i India vart annekterte av den indiske republikken, som territoria Pondicherry, Dadra, Nagar Haveli, Goa, Daman og Diu i 1962. I 1975 blei kongedømet Sikkim innlemma. Fleire unionsterritorium fekk gradvis status som delstatar: Himachal Pradesh i 1970, Manipur og Tripura i 1972, Mizoram i 1986, og Arunachal Pradesh og Goa i 1987, med Goa-eksklaven Daman og Diu omgjort til eit unionsterritorium.

I 2000 blei det oppretta tre nye delstatar: Jharkhand frå Bihar, Chhattisgarh frå Madhya Pradesh og Uttaranchal frå Uttar Pradesh. I 2014 blei Telangana skild ut frå Andhra Pradesh som ny delstat etter politisk press.[1]

Territoria Delhi og Puducherry har fått utvida rettar til å velja sine eigne lovforsamlingar, eit steg på vegen mot delstatsstatus.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Indiske delstatar med nummer.
Kart som viser folketettleiken for kvar delstat i India

Delstatane i India, ordna etter folketal.

Rang på kartet Delstat Innbyggjarar
(mars 2001)
1 27 Uttar Pradesh 166 197 921
2 15 Maharashtra 96 878 627
3 4 Bihar 82 998 509
4 28 Vest-Bengal 80 176 197
5 1 Andhra Pradesh 76 210 007
6 24 Tamil Nadu 62 405 679
7 14 Madhya Pradesh 60 348 023
8 22 Rajasthan 56 507 188
9 12 Karnataka 52 850 562
10 7 Gujarat 50 671 017
11 20 Orissa 36 804 660
12 13 Kerala 31 841 374
13 11 Jharkhand 26 945 829
14 3 Assam 26 655 528
15 21 Punjab 24 358 999
16 8 Haryana 21 144 564
17 5 Chhattisgarh 20 833 803
18 10 Jammu and Kashmir 10 143 700
19 26 Uttarakhand 8 489 349
20 9 Himachal Pradesh 6 077 900
21 25 Tripura 3 199 203
22 16 Manipur[2] 2 166 788
23 17 Meghalaya 2 318 822
24 19 Nagaland 1 990 036
25 6 Goa 1 347 668
26 2 Arunachal Pradesh 1 097 968
27 18 Mizoram 888 573
28 23 Sikkim 540 851

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Telangana: India parliament passes bill creating new state», BBC News, 20. februar 2014.
  2. Sett bort frå Mao-Maram, Paomata and Purul i Senapati distrikt