Indiske klede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Filmstjernene Akshay Kumar og Sonakshi Sinha i moderne og tradisjonelle indiske klede under Rajasthan Fashion Week.

Indiske klede er klede utvikla, lage eller brukte i India. Landet er kjend for ein rik tekstiltradisjon som omfattar vovne og broderte klede av bomull, silke og ull. Ulike folkeslag, samfunnsklassar og kastar har sine klestradisjonar, og har også verka i samband med impulsar utanfrå i lang tid.

Ei rekkje indiske klede er draperte om kroppen, som sari, dhoti, angavastram, dupatta og turban. Andre er tilskorne og sydde og noko meir kroppsnære, som kurta, salvar kamiz og tsjudidar. Mange grupper har også tradisjonelt brukt svært lite klede, til dømes berre lendeklede, ei snor rundt livet for småbarn, eller ein sari utan noko under.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Denne figuren frå Mohenjo-daro, kjend som «dansejenta», viser ei ungjente som ser ut til å vera naken bortsett frå ei rekkje armringar og eit halssmykke.[1]
Denne statuen frå Mohenjo-daro, kjend som «prestekongen», viser ein mann med eit mønstra klede slengd asymmetrisk over eine skuldra.

Dei eldste sørasiatiske tekstilfunna stammar frå Induskulturen frå 4000-talet f.Kr. Det er funne restar av bomull, beinnåler og handteiner.[2] Den greske historikaren Herodot omtalte indisk bomull som «ull venare og betre enn det frå sauer».[3] Ein har også funne silkefiber frå Induskulturen som er vunne ut ved å nøsta opp kokongen til lokale larvar, ikkje kinesiske silkeormar. Dette tyder på at ein også har vunne ut silke her for like lenge sidan som dei gamle kinesarane.[4] Den seinare historikaren Strabon fortel at indarar ber «drakter laga med gull og pynta med edelsteinar, og blomstra klede laga av fin musselin.»[5]

Yaksjasa (mytologisk kvinneskapning) med skjørt og smykke. Sungaskulen frå 100-talet eller første hundreåret f.Kr.
Den universelle herskaren, kanskje ei framstilling av Asjoka, iført skjørt med belte og smykke. Frå Amaravati-skulen frå første hundreåret f.Kr.

Ein kan få eit inntrykk av korleis tidlege indiske kulturar brukte klede ut frå det ein kan sjå på skulpturar og relieff frå samtida. Draperte skjørt med belte og smykke på resten av kroppen og i håret har vore utbreidde. Desse kunstnariske framstillingane gjev ikkje nødvendigvis eit nøyaktig bilde, fordi dei ofte ikkje framstiller vanlege folk, men gudar og heilage eller mytologiske figurar. Dei kan likevel visa kva klede kunstnarane kunne sjå for seg.

I alle høve speler klede ei viktig symbolsk rolle i indisk mytologi og religion. I ein episode frå Mahabharata blir det fortald korleis ein prøver å kle Draupadi naken, men ikkje klarer det fordi det draperte kledet ho har på seg blir lengre og lengre på magisk vis. I ei kjend soge om guden Krisjna som ung gut, derimot, gøymer han kleda til gopiar som badar og får dei til å tilbe han utan å dekka seg til.[6] Ramayana skildrar forskjellen mellom kleda til kongelege på den eine sida, og dei enkle kleda vanlege folk og asketar bar på den andre.[2]

Indiske asketar har tradisjon for å kle seg i enkle klede, som einsfarga dhoti/lungi og kurta eller kappe i enkle, udekorerte stoff, ofte einsfarga kvite eller guloransje (safran- eller gurkemeiefarga). Buddha og asketar som følgde han skal opphavleg ha brukt avfallsklede til å laga simple tiggarmunk-plagg.[7] Asketar kan også vera nakne, og ei grein av djainismen kalla digambara har lagt vekt på å ikkje bruka klede. Ei rekkje asketar frå ulike religiøse retningar går i alle høve berrføtt som eit symbol på avkall.

Invasjonar førte med seg politiske og kulturelle forandringar, mellom anna ved at klesdrakt blei innført frå Vest- og Sentral-Asia. Frå Guptariket på midten av 1000-talet finst utskjeringar med tunikaer og blusar, det vil seia klede som kan minna om dagens kurta/kamiz og tsjoli. Særleg etter at Guptariket fall førte påverknad utanfrå til innføring og utvikling av mange nye kledetradisjonar.[8] Mongolske og persiske erobringar førte med seg nye kulturar, som islam, draktskikkar som gjerne omfatta fleire lag av sydde klede som padjama (vide bukser) og khillat (ein slags frakk), teknikkar som zardozibroderi og mønster som paisley-motiv.

Medan India hadde lang tradisjon for å eksportera klede, førte etableringa av Britisk India til at også vestlege klede kom inn i klestradisjonen. Det blei utvikla blandingsklede, som sherwani, delvis inspirert av den britisk lange frakken (frock coat). Europeiske skjorter fekk innpass som mannsplagg, men gjerne brukt med skjorteflaka hengjande laust som ein kurta. Bukser og tilmed dress og smoking kom også inn, men den varmande vesten som var vanleg i Europa blei bytta ut med indisk-inspirert magebelte som så blei innført til Vesten.

For indiske sjølvstendeforkjemparar blei framhevinga av tradisjonelle og indisk-produserte klede viktig. Importerte klede blei boikotta og erstatta av heimelaga khadi. Etter at India fekk sjølvstende var det ei tid forbode å importera moteprodukt.[8]

Klede for ulike grupper[endre | endre wikiteksten]

Skulejenter i Delhi med kjole, abaya og salwar kamiz.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Jenter i pavadai og gutar i kurta og salwar. Kvinna ber sari.

Blant nokre samfunnsgrupper kan småbarn vera kledd i svært lite, til dømes berre ei snor om livet, eventuelt med eit smykke ved kjønnsorgana (mellom anna kalla araimudi). Andre og eldre ungar kan ha små versjonar av voksne klede, som salwar kamiz eller kurta padjama, men også vestlege kjolar, skjorte og bukse, eller eigne barne- eller ungdomsklede som pavadai.

Arbeidande kvinner på landsbygda i Madhya Pradesh. Alle har tradisjonelle indiske klede, anten salwar kamiz eller sari.

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Den best kjende indiske kvinnedrakta er sari, eit langt tøystykke som først blir vikla om underkroppen og deretter dannar dekkje for overkroppen og eventuelt hovudet. Sarien finst i ei rekkje regionale utformingar, men ei standardisert form (kalla nivi) med kort bluse under er nasjonalt utbreidd. Vel så mykje brukt er salwar kamiz, ei drakt av lang overdel, lause bukser og dupatta. Andre kvinneplagg er læhnga tsjoli frå nordvest i landet og tsjudidar kurta (laus skjorte over tronge bukser).[9] Ein del kvinner, særleg i byane, kan også bruka klede som t-skjorte og bukse, skjørt og bluse eller kjole.

Indisk saltarbeidar med turban, skjorte og lungi.
Indisk asket i slitte oransje draperte klede.

Menn[endre | endre wikiteksten]

Vestlege klede i form av skjorte og bukse er utbreidde blant indiske menn av dei fleste samfunnsklassar, særleg i byane. Tradisjonelle klede som dhoti, lungi, vesjti (draperte klede) eller kurta, padjama og salwar blir ofte brukte av fattige eller folk på landet, sjølv om det finst unntak. Ein del kan bruka vestlege klede som arbeidsklede, og tradisjonelle indiske klede til å slappa av heime.[9] Til bryllaup ber brurgommen og gjerne andre menn også tradisjonelle klede, som sherwani, achkan, turban, vesjti og så bortetter.

Fire kvinner i eit Sjiva-tempel, i sari og tjsudidar kurta. Tre av dei har dekka til hovudet.

Religiøs tilhøyre[endre | endre wikiteksten]

Klede kan brukast av ei viss religiøs gruppe for å visa tilhøyre. Praktiserande sikhar er til dømes kjend for å alltid bruka turban. Ein tilsvarande praksis for religiøse muslimar er å bruka bønelue (taqyiyah) til dagleg, eller å bruka ulike former for hidsjab. Tradisjonelle hinduar kan bruka gamle indiske klede, gjerne på ein eigen måte, til dømes ved at dei fester sarien forskjellig eller har ein lengre sari.

Om ein vitjar religiøse stader kan det vera påkravd eller vanleg å bruka meir tradisjonelle klede,[10] eller i det minste å dekkja til hovudet med bønelue, turban, rumál, dupatta eller enden av sarien. Pilgrimar og asketar (som nemnd over) kan kle seg i visse klede som viser kva dei er.

Gandhi i khadi og Nehru med mellom anna Gandhi-lue i 1942.

Politisk tilhøyre[endre | endre wikiteksten]

Den italienskfødde kongressparti-politikaren Sonia Gandhi er kjend for å bruka sari, gjerne ein regional type. Mennene rundt henne ber skjorte og bukse.

Klede hadde ei viktig politisk tyding sidan før moderne India blei sjølvstendig, og har også hatt ei rolle sidan. Politikarar kan bruka tradisjonelle klede for å visa at dei er ein av folket. Rikspolitikarar kan velja å bruka regionale klede på stader dei driv valkamp. Medlemmer eller støttespelarar til politiske parti kan også visa dette ved å bruka klede med visse assosiasjonar, som khadi (handlaga tøy), Gandhi-lua for Kongresspartiet, plagg med religiøs tyding for medlemmer av religiøst tilknytte parti og så vidare.

Regional, etnisk og kastetilhøyre[endre | endre wikiteksten]

Eit par med tradisjonelle regionale klede frå Tripura.

Små og store variasjonar kan tidvis seia noko om kva stad nokon opphavleg kjem frå, kva folkegruppe og kva kaste dei tilhøyrer. Måten ein bind ein turban på kan til dømes visa nokre av desse tilhøva, mellom anna i Rajasthan, der det finst ei rekkje ulike stilar, og blant sikhar, der turbanen (kalla dastar) kan knytast på visse kjende måtar. Mawali pagadi blei tradisjonelt blei brukt av marathakrigarar frå Mawal, medan puneri pagadi er knytt til byen Pune. Mysore peta blei brukt av herskarar av Mysore og i dag er brukt til å visa ære,

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dancing Girl», C. 2500 B.C., nationalmuseumindia.gov.in
  2. 2,0 2,1 «Weaving in Ancient India». textileasart.com. Henta 18. desember 2014. 
  3. "a wool exceeding in beauty and goodness that of sheep" «Herodotus on indian Cotton – Primary sources». www.thenagain.com. Henta 18. desember 2014. 
  4. Philip Ball. «Rethinking Silk's origins». www.nature.com. Henta 18. desember 2014. 
  5. «Megasthenes' indica». Tuepflis Global Village Library. Henta 18. desember 2014. 
  6. David Leeming (2005), The Oxford Companion to World Mythology, Oxford University Press  Den ukjende parameteren |eISBN= vart ignorert (hjelp); Den ukjende parameteren |ISBN-13= vart ignorert (hjelp)
  7. Sr. Candana Karuna, «The Tradition of Buddha’s Robe» Tâm Hải, The Mendicant Saffron Robe: Origin and Significance (07 October 2010)
  8. 8,0 8,1 Ritu Kumar, Evolution of textiles and traditional costumes in Delhi (PDF) 
  9. 9,0 9,1 «Family Customs in India»
  10. «Temples of Kerala: Trichambaram Shree Krishna Temple, Kannur», myyatradiary.com (June 10, 2013)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]