Indonesisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Indonesisk språk)
Indonesisk
Bahasa Indonesia
Klassifisering Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Malayisk
   Malayansk
    Lokalt
     Indonesisk
Bruk
Tala i  Indonesia
 Aust-Timor
Indonesisktalande i alt 23 000 000[1]
Språkkodar
ISO 639-1 id
ISO 639-2 ind
ISO 639-3 ind
Wikipedia på indonesisk

Indonesisk er eit austronesisk språk som er det offisielle språket i Indonesia. Det høyrer til den malayopolynesiske språkgruppa, og er svært likt malayisk frå Malaysia.

Rundt 20 millionar menneske har indonesisk som morsmål. I tillegg snakkar rundt 200 millionar menneske språket som andrespråk, ettersom det er brukt i utdanningssystemet, statsapparatetet og media i Indonesia.

Indonesisk fekk offisiell status i Indonesia etter at landet fekk sjølvstende frå Nederland i 1945. Mange nederlandske lånord i indonesisk utgjer ein klar forskjell frå malayisk. Språket er også blitt påverka av ulike lokale språk, som javanesisk.

Indonesisk blir skrive med det latinske alfabetet. Det har nært samsvar mellom uttale og skrivemåte, ettersom det er eit relativt ungt skriftspråk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar