Indre Herøy kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°22′2″N 6°1′46″E

Indre Herøy kyrkje
kyrkje
Indreheroykirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Indre Herøy
Fellesråd Herøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Ole Havnæs, Ålesund
Material Tre
Innvigd 18. august 1916
Kyrkjegard Nei
Altartavle Even Ulving (1921)
Orgel Vestre orgelfabrikk (1966)
Sitjeplassar 375
Wikimedia Commons: Indre Herøy kirke

Indre Herøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 i Tjørvåg i Herøy kommuneSunnmøre. Det året vart Indre Herøy sokn utskilt frå Herøy sokn. Den gamle kyrkja på Herøya vart reven. Dei to korte tverrarmane på tårnet gjev kyrkja ein vestfront og den minner også om krosskyrkje.

Indre Herøy kyrkje er i tre og har 375 sitjeplasser.

Kyrkja vart bygd på prestegarden sin grunn. I 1922 vart ho dekorert av Johan Haddal. Han laga rosemålingar med kristne symbol. Kyrkjeklokka frå 1890, og orgelet frå 1899, vart flytt frå den gamle kyrkja. Det vart og ei lysekrone frå 1690, ein messehakel frå 1763 og ein kneskammel.

Altertavla er måla av Even Ulving. Ramma er skoren og måla av Arne Kinsarvik. Ho er frå 1921.

Indre Herøy kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Indre Herøy kyrkje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Ekroll og Per Eide:Sunnmørskyrkjene : historie, kunst og arkitektur

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]