Indre Kvarøy

Koordinatar: 66°29′18″N 12°57′01″E / 66.48833°N 12.95028°E / 66.48833; 12.95028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indre Kvarøy
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°29′18″N 12°57′01″E / 66.48833°N 12.95028°E / 66.48833; 12.95028

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal ca. 80

Indre Kvarøy er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Øya er eit lite lokalsamfunn i seg sjølv med eigen barnehage, skule, butikk, samfunnshus, trappefabrikk og hjørnesteinsbedrifta Kvarøy Laksoppdrett. Øya har to daglege vitjingar av Torghatten Nord si snøggbåtrute Nordlandsekspressen, som går mellom Bodø og Sandnessjøen.

Namnet Kvarøy kjem truleg frå eit norrønt ord som tyder brem eller kant. Dei tidlegaste kjeldene me har frå livet på Indre Kvarøy, er frå 1600-talet. Då budde det 2 jordbrukarar og 2 husmenn her. I 1723 hadde talet auka til fire jordbrukarar.

Indre Kvarøy ligg fint til for skip som reiser langs kysten, og vart brukt som anløpsstad for dampskip frå 1860-talet. Frå 1893 og utover stansa òg Hurtigruta her, men det gjer ho ikkje lenger i dag. Båttrafikken førte til utbygging på øya, og det vart bygd både hotellbygg med eige bakeri, brusfabrikk, kaféar og handelsmarknad i slutten på 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Øya har òg vore ettertrakta til å turka klippfisk på.

Busetnaden på øya har gått kraftig ned etter andre verdskrigen, men mykje takk vere lakseoppdrettsbedrifta og skulen Kvarøy oppvekstsenter er øya framleis livskraftig. Det vert også framleis drive jordbruk her. Naboøya Ytre Kvarøy vart derimot fråflytt rundt tusenårsskiftet.

Postadressa hit er 8743 Indre Kvarøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]