Indre Oslofjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indre Oslofjord sett fra Nærsnes i Røyken kommune i Buskerud fylke.
Kart over Oslofjorden med forgreiningar, Drammensfjorden inn til Drammen og Holmestrandfjorden utanfor Holmestrand. Indre Oslofjord er den parten av Oslofjorden som ligg nord for Drøbaksundet attmed Drøbak og inn til Oslo by. Fjorden som går mot sør på austsida av Nesoddtangen heilt nord på Nesodden, er Bunnefjorden. Tettbygde område er markert med orange farge.

Indre Oslofjord er den delen av Oslofjorden som ligg nord for det omkring 1 km smale Drøbaksundet nord for Hurumlandet. Han ligg i fylka Oslo og Akershus, og strekkjer seg inn til Rådhusplassen i Oslo by, men med nordlegaste punktet inst i Bestumkilen i Oslo. Indre Oslofjord er frå 3 til 7 km brei.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Indre Oslofjord er til dels forma av istidene dei siste 2,5 millionar åra. Dessutan finst lausmassar som vart avsett då isen trekte seg tilbake etter den siste istida for 9000 år sidan. Ås-Ski-trinnet dannar terskelen for Indre Oslofjord. Store sandterrassar vart avsett da iskanten låg ved Drøbak-Svelvik.

Stadnamna i fjorden[endre | endre wikiteksten]

Norskfilologen Gustav Indrebø freista i si tid å gje forklaringar på opphavet til namna på øyar og anna i fjorden. Eit utdrag (faksimile) av hans 'Stadnam fraa Oslofjorden : Aker herad og Oslo hamn, Bærum herad, Asker herad' frå 1928 i Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo II Hist.-Filos. Klasse. 1928. No. 5 er teke inn på sidene 87-140 i boka til Tore Ness, Navn i fjorden : Oslo-Asker-Bærum, Oslo 2008: Orion Forlag AS ISBN 978-82458-0847-6

Båttrafikk og friluftsliv[endre | endre wikiteksten]

Oslofjorden har den høgaste trafikken av båtar, både ferjer, lastebåtar, charter- og fritidsbåtar, i landet. Indre og Ytre Oslofjord er dessutan det tettast folkesette friluftsområde med tilknyting til sjøen i landet. Hyttene langs kysten er mange og svært dyre, og aktivitetsnivået er særleg høgt om sommaren.

Uthamner

Øyar i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Øyar i Akershus[endre | endre wikiteksten]

Forureining[endre | endre wikiteksten]

Avløpsvatn frå industrien og frå bustadene i dei tettfolka kommunane kring Indre Oslofjord førte til stor forureining av fjorden. Drøbaksundet er så smalt og delvis så grunt at utskiftinga av vatnet i fjorden innanfor sundet er liten. Dette har ført til oksygenmangel på djupt vatn i Indre Oslofjord, særleg i den inste, sørgåande armen, Bunnefjorden. Det er i dei seinare åra gjort ei rekkje tiltak for å dempe forureininga og rydde opp i Indre Oslofjord, som til dømes å leggje røyr som avskjerar kloakk som tidlegare gjekk ut i bekkar og elver. Tiltaka har betra situasjonen monaleg. Det er òg bygd eit stort reinseanlegg i fjellet ved Bekkelaget i Oslo[1], og ein avløpstunnel som går frå Oslo, gjennom kommunane Bærum og Asker og fram til eit stor reinseanlegg på Bjerkås i nærleiken av Slemmestad, der avløpsvatnet frå den vestre luten av Oslo og frå Bærum og Asker, vert reinsa etter moderne metodar før det vert sleppt ut i fjorden på stor djupne. Anlegget tek seg òg av avløpsvatn frå kommunane Nesodden og Røyken, og er det største i sitt slag i Noreg[2].

I innløpet til Bunnefjorden, mellom Malmøykalven i Oslo og Langøyene, Husbergøya og Skjærholmene i Nesodden kommune, har det vorte dumpa store mengder forureina slam og sediment som vart grave ut i samband med bygginga av operahuset og senketunnelen for Europaveg 18 under Bjørvika. Det var stor usemje om kor mykje forureining det ville føre til å grave opp og dumpe dette slammet på ein annan stad i fjorden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]