Indre Samlafjorden

Koordinatar: 60°24′14.468″N 6°25′37.207″E / 60.40401889°N 6.42700194°E / 60.40401889; 6.42700194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°24′14.468″N 6°25′37.207″E / 60.40401889°N 6.42700194°E / 60.40401889; 6.42700194

Samlafjorden sett frå Krokavatn ved Norheimsund. Om lag midt i biletet ligg Kvamsøy og på hi sida av fjorden ligg det lettkjennelege fjellet Samlen som har gjeve fjorden namn, og som er grensemerket mellom Ytre og Indre Samlafjorden. Lenger inne i Hardangerfjorden ser ein låge skyer over Utnefjorden.

Indre Samlafjorden er ein del av Samlafjorden og Hardangerfjorden mellom kommunane Kvam og Voss i nord, og Ullensvang i sør. Fjorden strekkjer seg 18 km frå Ytre Samlafjorden i vest og austover til fjorden deler seg i Utnefjorden, som går vidare austover og Granvinsfjorden som er ein fjordarm av Hardangerfjorden.

Den vestlege grensa til fjorden går mellom Samlaneset ved fjellet Samlen, som har gjeve namn til fjordsstykket og, og innløpet til Fyksesund. På nordsida av fjorden ligg tettstaden Ålvik og på sørsida bygda Alsåker. Begge desse stadane består av ein indre og ein ytre del. Indre Ålvik er den største av dei med 592 innbyggjarar.