Indre Sogn prosti

Koordinatar: 61°13′32″N 7°5′51″E / 61.22556°N 7.09750°E / 61.22556; 7.09750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°13′32″N 7°5′51″E / 61.22556°N 7.09750°E / 61.22556; 7.09750

Stedje kyrkje

Indre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Indre og Ytre Sogn prosti. Prostiet femnde kommunane Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten hadde sete på Stedje. Ein periode på 1800- og 1900-talet var prostiet delt i Indre og Midtre Sogn prosti, slik at dagens Luster og Årdal utgjorde det indre prostiet.

I 2013 vart Vik og Balestrand overførde til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Prostiet bytte då namn til Sogn prosti. [1]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn[endre | endre wikiteksten]

Det var 22 sokn i prostiet (2013).

Prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Prestetenesta lokalt var tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Indre Sogn prosti desse prestegjelda:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]