Indre Tysfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°1′5″ N 16°27′4″ E

Flyfoto av ytre del av fjorden sett frå aust
Foto: Erlend Bjørtvedt

Indre Tysfjorden (samisk Dimbarásvuodna) er ein fjordarm av Tysfjorden i Tysfjord kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 17 km innover.

Fjorden har innløp mellom tettstaden Kjøpsvik i nordvest og Nes i søraust. Fjorden går først nesten nordover, men ved Kikvika tar han ein stor sving og held fram søraustover. Det er ikkje vegsamband langs fjorden etter han snur søraustover, men det ligg likevel enkelte gardsbruk langs fjordsidene. På nordaustsida ligg Fordhaugan, og lenger inn ligg Grunnvoll på sørsida. Like aust for Grunnvoll deler fjorden seg i to. I nord går Ytter- og Innerpollen vidare austover, medan Sørfjorden og søraustover.

Riksveg 827 går langs nordvestsida av fjorden.