Indre friksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indre friksjon er dei kreftene som oppstår i det indre av ei væske eller ein gass, og som søkjer å hindre ulike lag i væska eller gassen å røre seg med å ulik fart. Indre friksjon kjem av krefter mellom molekyla i væska. Dei same kreftene er årsaka til viskositeten til væsker.

I krystallinske stoff, særskild i metall, blir indre friksjon brukt som eit mål for evna til materialen til å dempe vibrasjonar. Eigenskapen er viktig for visse bruksområde (stor indre friksjon ynskt i maskinfundament, lite indre friksjon t.d. i stemmegaflar). I tilfelle der ein kjenner prosessen som fører til indre friksjon i metall, t.d. i jarn som inneheld løyste innskotsgrunnstoff, kan måling av indre friksjon nyttast til utrekning av den oppløyste delen av desse grunnstoffa og av diffusjonskoeffisienten deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

indre friksjon. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/indre_friksjon