Indre vestfoldmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indre vestfoldmål, lokalt kjent som bl.a. andebumål i Andebu, revetalsmål i Revetal og vålemål i Våle, er dialekten som blir tala i bygdene i dei indre delane av Vestfold, som i Andebu, Revetal, Kodal, Svarstad, Fon, Vivestad, Våle og Hof. Det indre vestfoldmålet er ein vikværsk dialekt, med typiske trekk som kløyvd infinitiv og -ær, -æne-bøying av hankjønnsord i fleirtal.

I dag er det indre vestfoldmålet under sterkt press frå dei større austlandsmåla rundt Oslo (via kystbyane i Vestfold), som dei fleste andre dialektane på Austlandet.

I perioden frå 1900 til 1945 blei landsmål nytta av nokre personar frå bygdene, av di at landsmålet var nærare den gamle dialekten i området, det var au eit vedtak i Andebu kommunestyre på dette.

Detaljar om indre vestfoldmål[endre | endre wikiteksten]

Det er til dels store lokale forskjellar, men det botnar som oftast i kor mykje dialekten er påverka av bymåla rundt (da særs av dialektane i Tønsberg og Sandefjord). Her blir trekk frå det klassiske målet tatt fram:

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Substantiv: Full bøying i tre kjønn.

Hankjønn 1: -, -en, -ær, -æne (bil, bilen, bilær, bilæne)
Hankjønn 2: -, -n, -, -nnæ (sko, skon, sko, skonnæ)
Hankjønn 3: -, -en, -er, -ene (gris, grisen, griser, grisene)
Hokjønn 1: -, -æ, -er, -ene (jente, jentæ, jenter, jentene)
Hokjønn 2: -, -æ, -ær, -æne (to, toæ, teær, teæne) (tå)
Inkjekjønn 1: -, -e, -, -æ (bol, bole, bol, bolæ) (materialer)
Inkjekjønn 2: -, -e, -er, -ene (bol, bole, boler, bolene) (kjøkkenbord)

Verb: Kløyvd infinitiv
Bøying av verb:
-, -ær, -æ, -æ, -æ (tute, tutær, tutæ, har tutæ)
vokalveksling (finne, finner, fant, har finni)
vokalveksling (bryte, bryter, braut, har bryti, bryti)
vokalveksling/-de (gravæ, graver, grov/gravde, har gravi/gravd)

Enkelte rester av dativ i faste uttrykk: «i Skrubbåsæ» (i Skrubbåsen) «på Lønnskøllæ» (på Lønnskollen)

Uttale[endre | endre wikiteksten]

  • Diftongen 'ei' i gamalnorsk er bevart i nokre ord: døme: veit, bein, i andre ord er den forenkla til 'i': him (heim), ski (skei)
  • Diftongen 'au' har anten blitt bevart: ause, lau (lauv) eller der det i gn. var kort diftong gått over til 'ø': høst (haust), øst (aust).
  • 'l' blir mange stader (etter historisk 'l') uttala som 'tjukk l': fæl, selæ (sele)
  • 'g' blir uttala 'j' i utlyd: ælj (elg), tørj (torg), børj (borg)
  • 'a' blir uttala 'æ' i utlyd: jentæ (jenta), bæræ (bera), værræ (vera)
  • Gamalnorsk 'hv' har blitt til 'gv': gvass (kvass), gvine (kvine)
  • Gamalnorsk 'fn' har blitt til 'mn': hamn, famne
  • 'r' før 'l' er stum: Kal (Karl)
  • Gamalnorsk 'rð' blir uttala som 'tjukk l': gål (gard), jol (jord)
  • Gamanorsk 'ki' blir uttala 'kje': krykkjer, ikkje
  • Gamalnorsk 'á' blir somme gonger uttala 'o' (oftast i samansettingar): Svartoæ (elva Svartåa), to (tå)
  • Gamalnorsk 'rn' blir ofte uttala 'nn': dæn hænne (denne her), dæn tænne (den der)
  • Gamalnorsk 'rst' blir oftest uttala 'sst': fysst (fyrst)
  • 'e' uttalast oftast 'e' som i 'ser' i mange ord: her, der, ske (skal)

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

I populære idear om dialektar står ordtilfanget sentralt. Det finst førestillingar om at det indre vestfoldmålet har ord som ikkje er i bruk andre stader, men det er i svært liten – om i det heile nokon – grad tilfelle. Slike førestillingar byggjer ofte på samanlikningar med ordtilfanget i bokmål, og alle avvik frå bokmål, som blir oppfatta som det «normale» og «nøytrale», blir oppfatta som noko særeige og lokalt.

Orda nytta i det gamle målet ber tydeleg preg av å vera eit fagspråk. Så og seie alle i bygdene jobba tidlegare i primærnæringane, dvs. jord- og skogbruk. Det er mange ord som i dag er ukjende av di at dei beskriv detaljar på utstyr nytta i desse næringane. Desse orda kjem opphavleg frå gamalnorsk, men fordi dette språket var ukjent for dei fleste blei orda sett på som spesielle for bygdene i indre Vestfold. Sjølv om orda kanskje kunne finnast att i dialektar i Telemark, Østfold og i nynorsk. Tilfeldige ord kjem frå tysk og engelsk.

Døme på ord[endre | endre wikiteksten]

  • akæ (1. flytte på seg. 2. køyre. 3. raske på. 4. lide sakte: «de' akær uttover høsten»)
  • bjønn (bjørn)
  • dra (bøyast: dra-drar-dro-drii)
  • ellmørrju (eldmørje, samling av glør)
  • fyrri (1. foran. 2. før)
  • gvile (kvile)
  • gværrvill (1. sommarfugl. 2. små samanraka høyflekkar)
  • hønn (horn)
  • ivju (evje)
  • kjørke (kyrkje)
  • laue sæ (bade «lauge»)
  • naue (ta skade)
  • omm (omn)
  • røyr (røyr)
  • seto (jordet nedanfor fjøset)
  • spurrning (gåte)
  • tra (jorde)
  • tuppe (høne)
  • tåppe (hane)
  • ul (hulder)
  • Vintergatæ (Mjølkevegen)
  • ægg (egg)
  • øllbågæ (olboge)
  • åkkle (okle)

Moderne mål i indre Vestfold[endre | endre wikiteksten]

Det typiske i dag er bøyinga av hankjønnsord i fleirtal (-ær, -æne), men den au er på vikande front. Men dette er ei aktiv form blant dei som nyttar henne, nyord av hankjønn får denne bøyinga, (CD-ær, bloggær)
Mange faste uttrykk med bevarte gamle former finst «de' går så de' gviner» (når noko går veldig fort).
Diftongen 'ei' er også til ein stor del bevart, diftongen 'au' har som oftast gått over til 'ævv'.
Tjukk l er bevart.
Tjukk l for tidlegare 'rð' er til dels bevart.
Tre kjønn er bevart.

Eksemplar på indre vestfoldmål[endre | endre wikiteksten]

Dette er eit eksempel på varianten av det indre vestfoldmålet som blir tala i Fon:

– En gammæl mann (åttiåring) frå enn a galæne tett ve Jærpekjønn færteller. De fysste dem jole når linåker’n var framvøks’n åm høst’n var å røske de ta bakken; så var’e te å få fådd de, så te hamre de, så te å få de på kjone å tørke de, så te bryte, te skakæ, te koke å te spinne. Når de blei heklæ, så blei de hør å stru. Så spant nå di hærre spånærkjærringæne så længe di kunne hele, får det var hart å spinne lin. Di værkæ så møe utta både hør å stru at i kunne ha fire å fæmm vevene på blæikæ. – Sjugdommen har kommi ta dè at’i harmistæ linsjurttæ. Ullæ, dænn rimær (d.e. ho blir sveig på kroppen når ein har arbeidt seg sveitt), å dè jør ente line; dæffør hadde vi et ordtøke: «lin te silke å ull te inte,» sae di. – Før i tiæ værkæ di æll tingen, både te gangkleer å sængkleer; men nå må di kjøpe sæ no bålster å tepen å sant. Du tyks væll dè nå, d-er så grusst når kvinnfolkæ går så fine å testasæ; men før i tiæ jikk dem i sine himeverka kleer, ent’n de var søndan eller måndæn; å dem jikk mest i sjørtt å trøie å forkle.

(Hentet fra: Gamalt frå Vestfold I : Bygdemålsprøvor)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]