Hopp til innhald

Indremisjonsforbundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indremisjonsforbundet
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer995346141
Skipa19. oktober 1898
HovudkontorØygarden kommune
Medlemmer1 119
MottoMed Guds ord til folket
Nettstadhttps://imf.no Sjå dette på Wikidata

Indremisjonsforbundet (ImF) er ei samanslutning av 1500 kristne lag og foreiningar i Noreg, i hovudsak på Sunnmøre, Hordaland, Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland, men organisasjonen driv au arbeid i Trøndelag, Nordland og Finnmark, blant anna som medeigar i Øytun folkehøgskole.

Indremisjonsforbundet sitt motto er: «Med Guds ord til folket».

ImF vart grunnlagt 19. oktober 1898, då utsendingar frå kristne enkelståande og samarbeidande forsamlingar gjekk saman.[1] Dei ville organisere seg, og i 1897 gjekk diskusjonen om dei skulle gå inn i Det norske lutherske Indremisjonsselskap, som i dag ber namnet Normisjon, eller starta noko eige. Resultatet vart Det Vestlandske Indremisjonsforbund (DVI), som i 2000 skifta namn til Indremisjonsforbundet.

Organisasjon

[endre | endre wikiteksten]

ImF er bygd opp av 10 sjølvstendige krinsar,[1] og på Generalforsamlinga anna kvart år vel utsendingar frå desse eit sentralstyre.

Indremisjonsforbundet har sitt hovudkontor på Bildøy utanfor Bergen, her ligg au Bibelskulen Bildøy eigd og dreve av Indremisjonsforbundet.

  1. 1 2 «Om oss» (på norsk bokmål). ImF. Henta 19. september 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]