Indriði Sigurðsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Indridi Sigurdsson)
Hopp til navigering Hopp til søk
Indriði Sigurðsson
Personleg informasjon
Fullt namn Indriði Sigurðsson
Fødd 12. oktober 1981
Fødestad Reykjavík
Høgd 184 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Viking
Nummer 20
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
2000-03
2003-06
2006-09
2009-
Island sitt flagg KR
Noreg Lillestrøm
Belgia Genk
Noreg Lyn
Noreg Viking
25 (0)
58 (0)
76 (2)
69 (1)
56 (2) [1]
Landslag
2000- Island sitt flagg Island 55 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 1. oktober 2010

Indriði Sigurðsson (fødd 12. oktober 1981 i Reykjavik) er ein islandsk fotballspelar som spelar i forsvar for Viking i den norske Tippeligaen, og for Island sitt landslag.

Indridi begynte karrieren sin i Reykjavik-klubben KR. Han drog til Noreg som 18-åring for å spela for Lillestrøm. I 2003 drog han vidare til Genk i Belgia, der han vart verande til 2006. Då vende han attende til Noreg og Lyn. I 2009 drog han frå den kriseramma Oslo-klubben til Viking.

Indridi debuterte for Island sitt A-landslag i januar 2000 i ein landskamp mot Noreg. I november 2009 spelte han sin 50. landskamp for Island.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk