Industriarbeidarmuseet i Sauda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°39′1.5876″N 6°21′49.792″E

Industriarbeidarmuseet i Sauda, Haakonsgt. 51-53

Industriarbeidarmuseet i Sauda ligg i Åbø-byen og er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Åbø-byen er eit bustadområde for arbeidarar og funksjonærar ved Sauda Smelteverk. Området blei bygt ut i åra frå 1916 og frametter, og det står i dag om lag 120 hus i området. Byanlegget, eller Amerikanar-byen, som det og er kalla, er eit av dei best bevarte bustadområda for arbeidarar og funksjonærar vi har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet.

Museumshuset, Haakonsgt. 51-53, er eit fire-famile hus bygd i 1917, og er ein av dei eldste arbeidarbustadene i anlegget.

I den vestre enden av huset er det ei fotoutstilling i 1. høgda, og kontor, møterom og kjøkken i andre høgda.

I andre enden er det i 1. høgda innreidd eit husvære slik det såg ut da huset var om lag nytt, altså frå 1920-talet, og i 2. høgda eit husvære frå 1960-talet.

Industriarbeidarmuseet har faste opningstider om sommaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]