Industritraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lanz Verkehr Bulldog.
Massey Ferguson traktorgravar.

Industritraktor er ein kraftig dimensjonert traktor, ofte ein forsterka versjon av ein landbrukstraktor. Dei fyrste industritraktorane var mynta på transport og dukka opp sist på 1920-talet. Spesielt i Tyskland var det vanleg å produsera både ein landbruksversjon med jarnhjul og ein «verkehr-versjon» (transportversjon)[1]. Dei fyrste transporttraktorane hadde heilgummihjul, men ut på 1930-talet vart dei leverte med luftfylte dekk. Desse var ofte utstyrte med ljos, store skjermar og førarhus og vart nytta til transport både på offentleg veg og innan industriområde.

1960-talet laga mange traktorprodusentar forsterka versjonar av landbrukstraktorar. Desse vart nytta til transport, kommunaltraktorar og ymse arbeid innan industrien. Som dei fleste anleggsmaskinane var industritraktorane gule av farge. Dei var òg populære som utgangspunkt for traktorgravarar, mobilkraner, skogsmaskinar osv [2]. Mange dumparar og baklastarar var òg bygde med ein industritraktor som stamme. I dei nordiske landa var spesielt BM Volvo og Ford populære som grunneining for skogs- og anleggsmaskinar. Men International Harvester, John Deere og Massey Ferguson produserte òg industritraktor som dei nytta som grunnstamme for traktorgravarar. Etter kvart utvikla desse spesialmaskinane seg til sjølvstendige produkt og salet av industritraktorar gjekk tilbake.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bach, M., Die berühmtesten deutsche Traktoren aller Zeiten, Verlag Podszun-Motorbücher, 1994.
  2. Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • * *