Inessa Kravets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inessa Kravets


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 5. oktober 1966 (57 år)
Dnipro
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

2. klasse av Ordenen for fortjenester, Ærestegnet fra Ukrainas president, 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden

Inessa Mykolajivna Kravets (fødd 5. oktober 1966 i Dnipropetrovsk) er ein tidlegare lengdehoppar og tresteghoppar frå Ukraina. Det er framleis Kravets som held verdsrekorden i tresteg på 15,50 meter. Hennar personlege rekord i lengdehopp er på 7,37 meter.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Inessa Kravets tevla for Sovjetunionen under sommar-OL 1988 i Seoul. Tresteg var enno berre ei øving for menn under desse leikane, men i lengdehopptevlinga hoppa Kravets 6,46 meter. Dette var nok til ein tiandeplass. Under EM i friidrett 1990 i Split forbetra ho resultatet til 6,85 meter og klatra opp på ein sjetteplass. I innandørs-VM i Sevilla året etter greidde ho ein fjerdeplass. Trestegtevlinga for kvinner vart avhalden som ei prøvetevling her, og Kravets gjekk av med sigeren. Den 10. juni 1991 forbetra ho verdsrekorden med 41 centimeter til 14,95 m.

I innandørs-EM i Genova i 1992 representerte Inessa Kravets Det sameinte laget, som hadde vorte skipa for å gjera det mogleg at utøvarar frå den tidlegare Sovjetunionen kunne få delta i OL i 1992. I EM vann ho trestegtevlinga og blei nummer fire i lengdehopp. Deretter deltok ho under sommar-OL 1992 i Barcelona, der ho hoppa 7,12 meter i lengdehopp og fekk sølvmedalje. Ho hoppa 2 cm kortare enn vinnaren Heike Drechsler, og slo verdsrekordhaldaren Jackie Joyner-Kersee frå USA.

Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 1993 representerte Kravets Ukraina. Dette året vart ho utestengd frå idretten på grunn av bruk av stimulerande stoff.[1] Ho deltok ikkje i VM i friidrett i Stuttgart dette året. Ho fekk likevel delta under innandørs-VM i Toronto, der ho tok bronse i lengdehopp og vart fyrste offisielle kvinnelege verdsmeister i tresteg. Ho fekk også ei bronsemedalje i lengdehopp frå innandørs-EM i Paris i 1994 med eit hopp på 6,72 m. Under EM i friidrett 1994 i Helsingfors vann ho sølv i lengdehopp (6,99 m) bak Heike Drechsler og bronse i tresteg (14,67 m).

I 1995 deltok Inessa Kravets under VM i friidrett i Göteborg. Her sette ho ny og gjeldande verdsrekord i tresteg med 15,50 meter. Dette vart hennar fyrste VM-medalje. Året etter tevla ho for Ukraina under sommar-OL 1996 i Atlanta. Ho kom ikkje til finalen i lengdehopptevlinga, men i trestegtevlinga vann ho med eit hopp på 15,33 meter. Sølvvinnaren frå Russland hoppa 14,98.

Derifrå gjekk det nedover med idrettskarrieren hennar. Under VM i friidrett 1997 i Athen deltok ho berre i tresteg, men starta ikkje. Under VM i friidrett 1999 i Sevilla vart ho slått ut i kvalifiseringa til tresteg. I juli 2000 vart ho teken for bruk av steroidar og vart utestengt frå idretten i to år. Etter at denne tidsfristen var gått ut, vann ho likevel sølv i lengdehopp under innandørs-VM i Birmingham 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]