Infanteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Infanterist)
Infanteri under første verdskrigen; Soldatane er frå militæreininga Royal Irish Rifles ved Slaget ved Somme i 1916.

Infanteri er ei våpenart som består av soldatar som hovudsakleg kjempar til fots. Opphavleg var infanteriet ei av to forskjellige våpenarter; den andre var kavaleriet. Etter kvart som det har kome fleire og fleire nye våpenarter har det relativt sett vorte færre infanteristar.

Infanteri har historisk vore delt opp i lett infanteri og tungt infanteri. I dag vert infanteriet gjerne delt opp etter korleis dei forflyttar seg: Luftmobilt infanteri, motorisert infanteri, marineinfanteri og anna. Tidlegare slost infanteriet med hand- og prosjektilvåpen, til dømes spyd og boge. I dag er dei sett opp med automatgevær og maskingevær i tillegg til ei rekkje spesialvåpen for å kjempe mot trugslar frå til dømes stridsvogner og fly.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjenskaping av ein romersk infanterist frå dei nordlege provinsane frå rundt år 175.
Foto: MatthiasKabel
Pikenarar.

Dei fleste væpna styrkar i historia har vorte bygd rundt ei kjerne av infanteri. Desse soldatane har brukt sine eigne føter for transport til slagfeltet og for taktiske rørsler. Opphavleg var infanteriet berre ein mobb som slost på ei linje under direkte kommandorop. Etter kvart vart det klart at trening og organisering hadde fordelar og etter kvart vart infanteriet organisert i avdelingar som kunne utføre manøvrer under eit slag.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I antikken fekk ein for første gong organiserte militærstyrkar. To fremtredande døme på organisert infanteri var hellenske falanksar og romerske legionar. Infanteriet var den viktigaste våpenarten i perioden, både av kulturelle og tekniske årsaker. Ei av dei viktigaste årsakene var at prosjektilvåpen frå denne perioden var lite effektive. Ein kunne ikkje halde fienden på avstand på nokon god måte og var avhengig av å møte han «mann mot mann».

Romarriket hadde sine kjende legionar med tungt infanteri, store avdelingar på mange tusen mann. Ei høg grad av organisasjon og disiplin var naudsynt for å oppretthalde slike store avdelingar. Då Romerriket fall på 400-talet var det ingen statar som var i stand til å opprette og trene store infanteriformasjonar før i mellomalderen.

Romerske og greske hærer bestod derimot ikkje berre av tungt infanteri. Det var òg nødvendig med hjelpestyrkar (latin auxilia) som kunne manøvrere i tyngre terreng og verne flankane til hovudstyrken. Romarane brukte ofte ikkje-romarar i denne funksjonen. Der legionærane var utstyrt med kortsverd, skjold og korte spyd, var desse hjelpestyrkane var ofte utstyrt med kastespyd eller slynger.

Mellomalderen og seinare[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var hestekavaleriet mykje i fokus. Pansra riddarar vart rekruttert frå adelen og infanteriet vart danna av bønder. Dette førte til stagnering av teknologien og metodane for infanteristrid. Ein brukte framleis sverd, spyd og skjold og ikkje før seinare i mellomalderen vart det noko vesentleg utvikling på våpensida. Billegare råvarer, spesielt jern, gjorde at våpen som sverd vart vidare tilgjengeleg.

Seinare i mellomalderen vart bogar brukt meir effektivt til å motverke kavaleriåtak, som til dømes i slaget ved Agincourt. Over i renessansen førte òg bruk av pikar (lange spyd) og hellebardar som nærstridsvåpen til at direkte kavaleriåtak ikkje lenger var effektivt. Infanteriet vart då igjen den leiande våpenarten.

Etter kvart som skytevåpna vart utbreidd vart det enklare å trene opp infanteristar. Å verte god med boge kravde mange års trening, medan musketerar kunne trenast opp i løpet av veker. Til slutt vart infanteriformasjonar nesten usårlege for kavaleriåtak.

Etter kvart som skytevåpen vart einerådande på slagmarken utvikla ein avdelingar òg metodar som utnytta skytevåpna sine eigenskapar og demde opp for svakheitene deira. Avdelingane stilte opp på linje, innanfor høyrevidde i forhold til befalet. Sidan skytevåpen var trege å lade om, stilte ein opp i fleire geledd bakover. De forskjellige geledda byttet då på å skyte og lade, slik at avdelinga alltid hadde nokon som var skotklare.

Mot slutten av 1800-talet vart skytevåpna så hurtige å lade at det byrja å verte vanskeleg å rykke fram mot ein vetande fiendtleg avdeling. Under den amerikanske borgarkrigen såg ein dette fleire gonger under slag som enda i reine blodbad.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Etter kvart som moderne transportmidlar kom til, spesielt jernbane, vart infanteriet meir mobilt. Tidlegare hadde dei kome til slagmarka til fots eller med skip, men no kunne infanteristyrkar flyttast raskt over lange avstandar. Frå 1890-åra sette nokre nasjonar opp infanteri på sykkel (hjulryttarar), men den store revolusjonen i mobilitet kom i 1920-åra, då lastebilen kom for alvor.

Tendensen med at hurtigskytande våpen gjorde det vanskeleg å rykke fram fekk sin endelege konklusjon då maskingeværet kom på banen. Kombinasjonen maskingevær, piggtråd og manglande vern gjorde at krigføringa stivna i skyttargravskrig der det vart konsentrert nok soldatar, slik som på vestfronten under den første verdskrigen. To faktorar var med på å bryte stillstanden; det eine var utviklinga av stridsvogna, det andre var utviklinga av eld og rørsle, ein infanteritaktikk som la vekt på at infanteriet skulle rykke fram i små grupper, bruke tilgjengeleg skjul og dekning på slagmarka og gjensidig støtte kvarandre med eld for å få fienden til å halde hovudet nede. Tyske stormtroppar, tilbake frå Austfronten etter at Russland tredde ut av krigen, vart trent i denne taktikken og sett inn på vestfronten for å bryte stillstanden.

Erfaringar i verdskrigane tilsa at infanteriet burde vernast betre mot fiendtleg eld og det vart utvikla pansra personellkøyretøy og stormpanservogner. For å ytterlegare auke mobiliteten vart òg fallskjermstyrkar tatt i omfattande bruk under den andre verdskrigen og under Vietnamkrigen vart helikopter brukt for å transportere infanteri raskt.

Infanteriet sine oppdrag[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk infanteri på patrulje i Luxembourg i 1944. Legg merke til at dei held innbyrdes avstand for å gjere patruljen mindre sårbar ved bakhaldsåtak.

Infanteriet vert som oftast nytta til åtak, forsvar eller patruljeverksemd.

Patruljeverksemd skjer heile tida. Målet er å samle etterretning om styrkane til fiendane, både for å planlegge eigne operasjonar og for å unngå å verte overraska av fienden sine trekk. Mellom frontane er det eit par hundre meter til eit par kilometers avstand og det er her mesteparten av patruljeringa skjer. Den største faren på patrulje er å hamne i eit fiendtleg bakhald.

Åtak skjer i moderne tid ideelt sett ved at eige artilleri og flyvåpen knuser fienden sine stillingar, før eige infanteri spaserer inn og samlar saman dei overlevande og gjer krigsfangar av dei. Visst etterretninga på eiga side og spesielt patruljeverksemda har vore vellukka har ein oversikt over dei fleste av fienden sine posisjoner. Desse kan vernast med eige artilleri og luftstøtte. Ein prøver å ta ut dei viktigaste posisjonane, slik at åtaket kan omgå andre posisjonar. Dette er med på å minske eigne tap. Godt trente og leda soldatar vil kunne fullføre eit angrep sjølv mot motstand. Tankelaust mot hjelper ikkje – det berre aukar tapa på eiga side. Dette vart vist av japanske banzai-åtak under den andre verdskrigen og av erfaringar under krigane mellom Israel og arabarlanda.

Forsvar skjer ideelt sett når infanteristane har førebudd seg ved å befeste eigne stillingar som er godt skjult, med eige artilleri klart til å gje støtte og godt samband til bakre hovudkvarter som har reservar i bakhand. Fienden sitt artilleri vil då ikkje klare å knuse eigne styrkar. Ein tropp er fordelt på eit titals stillingar i eot sirkulært område 100–200 meter i diameter. Når artillerielden opphøyrer, vert lags- og støttevåpen flytta ut i stillingane sine og soldatane førebur seg på åtaket. Om fienden sitt åtak er i ferd med å lukkast, vil ofte eigne styrkar falle tilbake til neste linje med stillingar.

Andre oppdrag infanteriet får er eskorteoppdrag, bygging av stillingar, forflytting og reorganisering.

Ein spesiell type oppdrag som har vorte vanlegare etter den andre verdskrigen er fredsbevarande oppdrag. Det er ofte infanteri som er hovudstyrken her og tenesta er ei blanding av patruljar, ofte ute blant dei lokale innbyggjarane, etablering av observasjonspostar og vakthald og vegpostar. Ein konvensjonelt trent infanteristyrke vil trenge tilleggstrening for denne typen oppdrag, då det ofte ber preg av meir tradisjonelt politiarbeid.

Infanteriutrusting[endre | endre wikiteksten]

Britisk infanterist med Bren maskingevær under den andre verdskrigen
Foto: Jack H. Smith/Canada. Dept. of National Defence
Ringbrynje var noko av det tyngste pansringa som var praktisk for infanteristar før skytevåpna kom.
Amerikanske soldatar stormar ein bygning i Irak. Biletet er teke med lysforsterkningsutstyr, noko det grøne skjæret og det kornete biletet vitnar om.
Foto: Lee Davis/US Army

Alle slags våpen som kan nyttast av éin eller nokre få personar har vore brukt i infanteriet. I tidlege tider var spyd, stridsøkser og nokre gonger sverd vanleg. Dei tidlegaste spyda var berre spisse trepinnar, ofte herda i elden, eller med spissar av stein eller bein. Seinare fekk ein våpen av bronse og så av jern og til slutt stål. Dei første jernvåpna var underlegne gode bronsevåpen, men var billegare på grunn av at jern var lettare tilgjengeleg.

I antikken var kortsverd gjeldande, til dømes den romerske gladius på 60-70 cm. Romarane introduserte òg dei litt lengre spatha og frå då av vart «langsverd» eit omgrep for sverd som var forholdsvis lange for tidsperioden. I Austen vart sverd med enkel egg populære, medan sverd i Vesten som regel hadde dobbelt egg. Då tyngre kroppspansring vart vanleg i mellomalderen vart òg sverda lengre og tyngre for å ha effekt mot pansra motstandarar, men mot slutten av perioden var dei umoderne uansett og vart utvikla til lettare våpen meir egna for fekting.

Etter kvart vart bogar vanlege og spesielt den engelske langbogen var eit viktig infanterivåpen under hundreårskrigen mot franskmennene frå 1337. Skytevåpen tok over for bogar og armbrøst og bajonetten tok over for spyd og sverd. Moderne infanteristar er utstyrt med gevær, maskingevær, panservernmissilar og bombekasterar.

Frå slutten av 1800-talet fram til midten av den andre verdskrigen hadde eit typisk infanterigevær med kaliber mellom 7 og 8 mm og 5-6 skot i eit internt magasin. Som regel hadde det ein manuell boltmekanisme. Døme er tyske Gewehr 98 og norske Krag-Jørgensen. Frå slutten av den andre verdskrigen og fram til 1960-åra var kaliberet det same, men ofte var mekanismen semiautomatisk eller helautomatisk og våpenet hadde rundt 20 skot i eit boksmagasin som ein kunne ta av. Døme er amerikanske M14 og sovjetiske SKS.

Eit moderne infanterivåpen i dag er eit automatgevær med kaliber mellom 5 og 6 mm og eit magasin med 20 eller 30 patroner. Det er i stand til å avfyre heile magasinet på under tre sekund. Det som skil eit automatgevær frå eit maskingevær er at automatgeværa har lette løp og vert raskt for varme til å nyttast. Etter rundt 100 skot i rask rekkefølgje må dei kjølast ned. Døme på automatgevær er amerikanske M16 og britiske L85.

I tillegg til sine personlege våpen disponerer infanteriet forskjellige lagsvåpen. Det vanlegaste er maskingevær, som trenger eit par mann for å handsamast. Ein mann siktar og skyt, mens ein annan mann hjelper til med ladinga og observerer. Eit panservernmissil eller luftvernmissil vert ofte handsama av to eller tre mann. Bombekastarar treng enno fleire menn, sidan våpenet er særs tungt – opptil 100 kg. De som handsamar desse våpna har spesialtrening i det, men ofte er alle på laget kjent med den generelle verkemåten.

Andre typar våpen inkluderer landminer, både stridsvognminer og antipersonellminer. Desse vert nytta for å styre fienden inn dit infanteriet vil ha dei. Ulempene med miner er vekta. Som ein tommelfingerregel trengst det eit tonn miner for å dekke 100 meter front og det tar omtrent 10 arbeidstimar per tonn å legge dei.

Frå antikken brukte ein rustningar av lêr og metall. Etter kvart som skytevåpen vart vanlege, fall dette ut av bruk då det uansett ikkje verna mot kuler. Artilleriet sine eksplosive granatar medførte at hjelm igjen vart teke i bruk. Utviklinga av nye materialar på 1900-talet medførte at kroppspanser igjen vart praktisk, først som splintvestar og seinare skotsikre vestar. Frå byrjinga av hundreåret måtte infanteriet òg bere med seg vern mot kjemisk krigføring. I si enklaste form er dette ei vernemaske, men i ytste konsekvens må ein hel gummiert drakt, komplett med støvlar og hanskar, tas med.

I tidlegare tider gjekk infanteriet til og frå slagmarka. Jernbane vart seinare nytta for å forflytte både soldatar og utstyr. I mellomkrigstida vart dei best utstyrte infanteriavdelingane sett opp med lastebiler, men sjølv langt ut i den andre verdskrigen hadde ein ikkje kapasitet til å forflytte alt infanteriet slik. Mot slutten av krigen vart ein helt ny klasse køyretøy utvikla for infanteriet, kalla pansra personellkøyretøy (PPK). Dette var lett pansra køyretøyer med hjul- eller beltedrift. Dei kunne stå imot dei fleste artillerisplintar og handvåpen og vart hovudsakleg brukt for å frakte soldatane fram til det punktet der ein rekna med kontakt med fienden. Eit døme på hjulgåande PPK er sovjetiske BTR-60. Eit døme på beltegåande PPK er amerikanske M113, òg brukt i Noreg.

I etterkrigstida slo motoriseringa gjennom for fullt og tidleg på 1960-talet kom ein ny køyretøytype for infanteriet, kalla stormpanservogn. Det første dømet var sovjetiske BMP-1. Ein stormpanservogn har kraftigare våpen enn ein PPK og skal støtte infanteriet i kamp. I Noreg er infanteri på stormpanservogn underlagt våpenarten Kavaleriet.

I tillegg til våpen og rustning har infanteriet med seg meir personleg utstyr. Litt vatn, ein samanleggbar feltspade, førstehjelpsutstyr, motmiddel mot nervegass, sovepose eller teppe, ekstra klesbyte (først og fremst sokkar), solbriller og feltbestikk.

Siden 1980-talet har lysforsterkande nattbriller vore fast utstyr i hærar med god økonomi. Desse gjer infanteriet i stand til å operere mykje meir effektivt om natta, så mykje at ein hær med nattkapasitet hovudsakleg vel å køyre operasjonar på natta mot ein hær utan. Dette vart vist under Gulfkrigen i 1991.

I takt med at elektronikken har blitt mindre, har òg portable radioar gjort avdelingar i stand til å operere lenger og lenger frå kvarandre. Ein annan vanleg bit infanteriutrustning er kart og kompass, på 1990-talet supplert med berbare GPS-mottakarar. I takt med stadig fleire elektroniske hjelpemiddel har òg ekstra batteri blitt ein del av ein oppakninga til ein infanterist på same måte som ekstra ammunisjon.

Infanteriavdelingar[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Som eit døme kan ein nemne dei romerske legionane. PÅ 100-talet e. Kr. bestod keisarriket sin hær av 300 000 mann, der halvparten var organisert i om lag 28 legionar. Gjennomsnittleg styrke på ein legion var 5 000 mann, fordelt på 10 kohortar på 500. Kohortar var delt opp i centuriar på omtrent 80 mann, kommandert av ein centurion. Denne organisasjonen stamma i all hovudsak frå 331 f.Kr., då krigane vart hyppigare og militærvesenet vart meir formalisert.

Den amerikanske borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Infanterist frå den amerikanske borgarkrigen.
Foto: Mathew Brady

Under den amerikanske borgarkrigen hadde ein infanterist størst tilhøyrsle til regimentet sitt. Fire til seks infanteriregiment var sett saman til ein brigade, under leiing av ein brigader. Dette var primærorganisasjonen brukt i felten. To til fire infanteribrigader vart ein infanteridivisjon. Høgare avdelingar var sett saman av fleire våpenartar.

Regimentet var leia av ein oberst, oberstløytnant og major og inneheldt over 1 000 mann. Tap, både i slag og ved sjukdom, gjorde at nokre av infanteriregimentene ved slaget ved Gettysburg berre telte rundt 200 mann. Eit regiment var delt i ti kompani med 100 mann kvar og i kvart kompani var det to troppar. Kvart kompani var kommandert av ein kaptein, med to løytnantar under seg som leia kvar sin tropp. Troppane var igjen delt i lag som vart leia av ein sersjant med ein korporal som nestkommanderande.

På denne tida slost regimenta framleis på linje. Dette var fordi skytevåpna var trege å lade om og kommunikasjon mellom avdelingar var vanskeleg. Soldatane i regimentet måtte då bytte på å lade våpen og skyte, slik at nokre var skotklare medan andre var i ladeprosessen. Regimentet måtte òg halde linja si i lengre tid, då ordre ovanfrå brukte lang tid på å bli spreidd.

Noko av årsaka til at den amerikanske borgarkrigen vart så blodig var at geværa hadde vorte mykje meir presise sidan Napoleonskrigane og at taktikken ikkje hadde fornya seg i tråd med dette. Erfaringar frå denne krigen førte til at ein starta med lausare formasjonar, noko ein mellom anna såg i den fransk-prøyssiske krigen. På slutten av 1800-talet kom òg bakladergeværa, noko som gjorde at soldatane kunne ta dekning samstundes som dei ladde.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonskart for eit tysk infanterregiment i august 1914, altså ved utbrotet av første verdskrigen. Maskingeværa er framleis organisert i eigne MG-kompani og såleis vart dette ein gammaldags organisasjon i løpet av krigen.
Eit lag med amerikanske marineinfanteristar poserer føre kameraet. Det amerikanske marinekorpset opererer med lag på 12 mann.
Foto: Luis R. Agostini / US Marine Corps

Den minste avdelinga er eit lag, gjerne på 8 til 15 mann. Det er ofte delt opp i to gjengar eller patruljar, kvar organisert rundt eit tyngre lagsvåpen, til dømes eit maskingevær eller ein bombekastar. Denne typen organisering kjem frå erfaring i første verdskrigen, der ein fann ut at mesteparten av eldkrafta til infanteriet kom frå lagsvåpna. Lagsvåpna krev fleire soldatar for å betene dei; til dømes krev eit maskingevær éin soldat for å bere og betene sjølve våpenet og éin soldat for å bere ammunisjonen og hjelpe til med å lade. Desse vert kalla respektive «MG-einar» og «MG-toar». Laget vert vanlegvis kommandert av ein sersjant og er den største avdelinga som utelukkande består av infanteristar.

Tre til fire lag dannar ein tropp', med 30–50 mann, der 90% er infanteristar. Resten er forskjellige typar spesialistar frå andre våpenarter (til dømes sanitet eller samband). Vanlegvis er troppen kommandert av den lågaste offisersgraden (i Noreg fenrik) eller den høgaste underoffisersgraden.

Eit kompani har tre eller fire troppar og består av 100 til 250 mann. Det er alltid ein offiser som har kommandoen over eit kompani. Om det er ein fjerde tropp så har han vanlegvis noko form for tyngre våpen, som panservernmissilar.

Ein bataljon inneheld tre til fem kompani og består av 400 til 1 500 mann. Sjefen er major eller oberstløytnant. Dette er den minste avdelinga som består av underavdelinga frå fleire våpenartar, nokre gonger med stridsvogner eller artilleri. Avdelinga består av mellom 40 og 80 prosent infanteristar.

Eit regiment består av tre eller fire bataljonar, altså 1 500 til 2 500 mann. I mange vestlege land vert ikkje regiment nytta lenger som operativ avdeling. Et regiment har sine eigne støtteavdelingar og består av 25 til 60 prosent infanteri.

Større avdelingar, som brigadar og divisjonar, inneheld proporsjonalt mindre delar infanteri og vert som regel ikkje kalla infanteriavdelingar. Dei fleste divisjonar i moderne tid inneheld mindre enn 10% infanteri. Resten er forskjellige andre typar kamp- og støtteavdelingar.

Infanterikategoriar[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk luftmobilt infanteri vert henta på Bell UH-1D under Vietnam-krigen, der slike styrkar først var i omfattande bruk.

Lett infanteri er lett utrusta. I antikken hadde dei spyd og gjekk i forkant av hovudstyrken for å forstyrre fiendtlege styrkar, eller vart sett inn der det var behov for dei. Frå 1600-talet vart dragonar mykje brukt i denne rolla; dei er infanteri som rir til slagstaden, men går av hesten for å slåst. Frå 17- og 1800-talet vart det sett opp lette kompani, som ofte var betre skyttarar og opererte i ein meir sjølvstendig rolle. Storbritannia og Frankrike sette opp heile regiment som lett infanteri.

Frå seint på 1800-talet vart strid i formasjon gradvis fasa ut og skilnadane mellom lett og tungt infanteri vart utviska. I dag er lett infanteri definert som infanteri som ikkje er sett opp med pansra køyretøy, som kan flyttast med helikopter eller fly og som manglar tungt utstyr som artilleri. Lette infanteriavdelingar vert ofte nytta for å settast raskt inn i problemområde. I Noreg er Jegerkompaniet, store delar av HM Kongens Garde og Heimevernet lett infanteri.

Tungt infanteri hadde i antikken rustningar og sverd i tillegg til spyd. Dei slost i tett formasjon og var hovudtyngda i ein hær. Etter skytevåpna kom, slost dei framleis i formasjon, men på slutten av 1800-talet gjorde inntoget av maskingevær og piggtrådsperringar at formasjonane måtte løysast opp. I dag vert tungt infanteri gjerne kalla mekanisert infanteri om dei har stormpanservogner eller motorisert infanteri om dei er sett opp på lastebiler eller PPKar.

Spesialstyrkar har ofte betre opplæring og opererer med ein stor grad av sjølvstende. Dei tar ukonvensjonelle oppdrag som fjernoppklaring, sabotasje og kontraterrorisme.

Kjende infanteriavdelingar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Infanteri