Inferno av Tangerine Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inferno
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mars 2002
Innspelt
    • 7. oktober 2001 (konsert)
    • 2002 (studio)
Spelestad St. Marien-kyrkja i Bernau i Tyskland
Sjanger Moderne klassisk, elektronisk, ambient
Lengd 79:02
Selskap TDI Music
Produsent Edgar Froese[1]
Tangerine Dream-kronologi 
The Past Hundred Moons
(2001)
Inferno Mota Atma
(2003)


Inferno er det 75. albumet og 12. konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, utgjeven i mars 2002.[2] Det er det første konsertalbumet deira med berre nye komposisjonar sidan 220 Volt Live (1993). Tekstane på songane er baserte på første delen av italienske Den guddommelege komedie av Dante Alighieri. Inferno er det første albumet med perkusjonisten Iris Camaa som medlem av gruppa fram til 2014.

Inferno er det første albumet i ein trilogi av album inspirerte av verket til Dante:

7. oktober 2001 heldt Tangerine Dream to konsertar i St. Marien kyrkje i Bernau i Tyskland. Det er sidan lagt til nokre lydspor i studio.[2] Den originale, urørte konserten, teken frå eit minidisc opptak i publikum, kom ut som piratkopiplata Tangerine Tree Volume 3: Bernau 2001.

I mars 2009 kom albumet ut med eit anna plateomslag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle komposisjonar av Edgar Froese, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Before the Closing of the Day»4:50
2.«The Spirit of Virgil»2:39
3.«Minotaurae Hunt at Dawn»3:24
4.«Those Once Broke the First Word»3:38
5.«Dante in Despair»3:25
6.«Io Non Mor»5:49
7.«Vidi Tre Facce»4:41
8.«At the Deepest Point in Space»2:38
9.«L'omperador Del Doloroso Regno»4:45
10.«Voices in the Starless Night»4:14
11.«Fear and Longing»3:06
12.«Fallen for Death»4:38
13.«Where All Light Went Silent»3:39
14.«Charon, Il Barchere»3:59
15.«La Grey De Los Almas Perdidas»7:28
16.«Justice of the Karma Law» (Jerome Froese)3:02
17.«As the Sun Moves Towards Heaven» (Edgar Froese, Jerome Froese)7:57
18.«Beatrice, l'âme infinie»5:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream

Gjestevokalistar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Berling, Michael. «Inferno». voices-in-the-net.de. Henta 21. juli 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tangerine Dream Purgatorio». voices-in-the-net.de. Henta 22. juli 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]