Inflasjonskosmologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BICEP2 radioteleskop kan ha oppdaga bevis for gravitasjonsbølgjer i det unge universet.

Inflasjonskosmologi er ein teori for utviklinga av det tidlege universet, der rommet ekspanderte eksponentielt. Inflasjonsæraen varte frå 10−36 sekund etter Big Bang til ein gong mellom 10−33 og 10−32 sekund. Etter inflasjonsæraen fortsette universet å utvide seg, men ikkje like akselerert. Teorien er ein konsekvens av generell relativitetsteori saman med dei samla teoriane for dei fundamentale kreftene i naturen.

Inflasjonsteorien vart utvikla i 1980-åra av fysikarane Alan Guth og Andrei Linde.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chapter 17 of Peebles (1993).