Inflasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Inflasjonsrate)
Inflasjonsrate i verda i 2019.

Inflasjon er ei varig prisstiging av varer og tenester i ein økonomi.[1] Når det generelle prisnivået stig, vil kvar eining av ein valuta kunna kjøpa færre varer og tenester, og såleis korresponderer inflasjon med ein reduksjon av kjøpekrafta til pengar.[2][3] Det motsette av inflasjon er deflasjon, som er ein varig nedgang i det generelle prisnivået av varer og tenester. Den vanlegaste måleeininga av inflasjon er inflasjonsrate, som er årleg prosentvis endring i den generelle prisindeksen.[4]

Ikkje alle prisane vil auka like raskt. Å festa ein representativ verdi til eit sett av prisar er eit døme på «indeksproblemet».[5] Konsumprisindeksen er ofte nytta til dette føremålet. Differensiell rørsle mellom konsumprisar og lønsnivå fører til ei endring av levestandarden. Årsakene til inflasjon har vore omdiskuterte, men det er konsensus i at vekst i tilgangen på pengar er den dominerande faktoren.[6]

Dersom pengar var nøytrale, ville inflasjon ikkje ha effekt på realøkonomien.[7] Effektar på realøkonomien er særs disruptive i tilfelle veldig høg inflasjon eller hyperinflasjon.[8] Meir moderat inflasjon påverkar økonomiar i både positiv og negativ retning. Dei negative effektane er mellom anna ein auke i alternativkostnaden av å ha pengar, uvisse om framtidig inflasjon som avskrekkar investeringar og sparing, og dersom inflasjonen var snøgg nok, mangel på varer når konsumentar byrjar å hamstra på grunn av frykt for at prisane vil auka i framtida. Positive effektar femner reduksjon av arbeidsløyse på grunn av ein nominell rigiditet i løningane[9], som gjev sentralbanken større fridom i utforminga av pengepolitikken, som oppmodar til lån og investeringar i staden for hamstring av pengar, og at ein unngår ineffektivitetane assosierte med deflasjon.

I dag føretrekkjer mange økonomar ein låg og stabil inflasjon.[10] Låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved at arbeidsmarknaden kan tilpassa seg raskare i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken frå å stabilisera økonomien.[11] Ansvaret for å halda inflasjonsraten låg og stabil er vanlegvis gjeve til monetære styresmakter. Dei monetære styresmaktene er hovudsakleg sentralbankar som kontrollerer pengepolitikken gjennom å fastsetja renter, gjera marknadsoperasjonar og, meir sjeldan, stilla krav til reservar haldne av kommersielle bankar.[12]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet inflasjon oppstod i USA på midten av 1800-talet, «ikkje i høve noko som skjer med prisar, men som noko som skjer med ein papirvaluta».[13] I dag refererer omgrepet til ein varig auke i det generelle prisnivået, til skilnad frå kortvarige svingingar.

Det finst fleire økonomiske konsept som er relaterte til inflasjon: deflasjon, eit fall i det generelle prisnivået; desinflasjon, ein reduksjon i inflasjonstakten; hyperinflasjon, ein inflatorisk spiral ute av kontroll; stagflasjon, ein kombinasjon av inflasjon, låg økonomisk vekst og høg arbeidsløyse; reflasjon, eit forsøk på å auka det generelle prisnivået for å motverka deflasjonspress og agflasjon, ein auke i prisane på råvarer frå landbruket samanlikna med den generelle prisstiginga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sølvinnhaldet i dei romerske sølvmyntane forringa raskt under krisa på 200-talet

Historisk har større infusjonar av gull og sølv inn i ein økonomi ført til inflasjon. Til dømes, når sølv var brukt som valuta, kunne styresmaktene samla sølvmyntar, smelta dei om og blanda inn andre metall som koppar og bly, og gje dei ut på nytt under same nominelle verdi, ein prosess kjend som fornedring. Ved oppstigninga av Nero som romersk keisar i 54 e.Kr. inneheldt denarius meir enn 90 % sølv, men på 270-talet var det knapt noko sølv att. Ved å tynna ut sølvet med andre metall, kunne regjeringa skriva ut fleire myntar utan å auka mengda sølv som vart brukt til å laga dei. Når prisen på kvar mynt går ned på dette viset, tener staten på ein auke i seigniorage.[14] Denne praksisen ville auka pengemengda, men samtidig ville den relative verdien av kvar mynt bli senka. Ettersom den relative verdien av myntane blir lågare, vil forbrukarane måtta gje fleire myntar i bytte for dei same varene og tenestene som før. Desse varene og tenestene vil få ein prisauke ettersom verdien av kvar mynt blir redusert.[15]

Adopsjonen av fiat-valuta i mange land, frå 1700-talet og utover, gjorde mykje større variasjonar i tilgangen på pengar mogeleg. Raske aukar i pengemengda har hendt fleire gonger i land som opplever politiske kriser, som har skapt hyperinflasjonar – episodar med ekstreme inflasjonsratar som er mykje høgare enn dei som vart observert i tidlegare periodar med varepengar. Hyperinflasjonen i Weimarrepublikken Tyskland er eit kjent døme. For tida er hyperinflasjonen i Venezuela den høgaste i verda, med ein årleg inflasjonsrate på 833 997 % per oktober 2018.[16]

Sidan 1980-talet har inflasjonen likevel vore halden låg og stabil i land med uavhengige sentralbankar. Dette har ført til ein moderasjon av konjunkturane og ein reduksjon i variasjon i dei fleste makroøkonomiske indikatorane.[17]

Målingar[endre | endre wikiteksten]

Sidan det er mange mogelege mål på prisnivået, er det mange mogelege mål for prisvekst. Oftast refererer omgrepet «inflasjon» til ein auke i ein brei prisindeks som representerer det samla prisnivået for varer og tenester i økonomien. Konsumprisindeksen (KPI) og BNP-deflatoren er nokre døme på breie prisindeksar. Likevel kan «inflasjon» også brukast til å skildra eit stigande prisnivå innanfor eit smalare sett av eigedelar, varer eller tenester i økonomien, slik som råvarer (inkludert mat, drivstoff, metall), materielle eigedelar (som eigedom), finansielle eigedelar (som aksjar, obligasjonar), tenester (som underhalding og helsetenester) eller arbeidskraft. Sjølv om verdiane av kapitaleigedelar ofte tilfeldig seiast å "blåsast opp", bør dette ikkje forvekslast med inflasjon som eit definert omgrep; ei meir nøyaktig skildring for ein auke i verdien av ein kapitaleigedel er verdistiging. Reuters-CRB-indeksen (CCI), produsentprisindeksen og sysselsettingskostnadsindeksen (ECI) er døme på smale prisindeksar som brukast til å måla prisvekst i gitte sektorar av økonomien. Kjerneinflasjon er eit mål på inflasjon for ei delmengd av konsumprisar som ekskluderer mat- og energiprisar, som stig og fell meir enn andre prisar på kort sikt.

Inflasjonsraten er oftast rekna ut ved å fastsetja rørsla eller endringa i ein prisindeks, typisk konsumprisindeksen.[18] Inflasjonsraten er den prosentvise endringa av ein prisindeks over tid.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Historisk sett var mykje økonomisk litteratur opptatt av spørsmålet om kva som valdar inflasjon og kva effekt det har. Det var ulike tankegangar om årsakene til inflasjon. Dei fleste kan delast inn i to breie område: kvalitetsteoriar om inflasjon og kvantitetsteoriar om inflasjon.

Kvalitetsteorien om inflasjon kviler på forventninga om at ein seljar aksepterer valuta for å kunna bytta den valutaen på eit seinare tidspunkt for varer seljaren ønsker som kjøpar. Kvantitetsteorien for inflasjon kviler på mengdelikninga for pengar som relaterer pengemengda, omløpsfarten og den nominelle verdien av utvekslingar.

For tida er mengdeteorien om pengar ålment akseptert som ein nøyaktig modell for inflasjon på lang sikt. Følgjeleg er det no brei semje hjå økonomar om at på lang sikt er inflasjonsraten i hovudsak avhengig av veksttakten i pengemengda i høve veksten i økonomien. Likevel kan inflasjonen på kort og mellomlang sikt bli påverka av tilbods- og etterspurnadspress i økonomien, og påverka av den relative elastisiteten til løningar, prisar og renter.[19]

Spørsmålet om dei kortsiktige effektane varer lenge nok til å vera viktige er det sentrale temaet i debatten mellom monetaristiske og keynesianske økonomar. I monetarisme justerer prisar og løningar seg raskt nok til å gjera andre faktorar til berre marginal åtferd på ei generell trendlinje. I keynesiansk syn justerer prisar og løningar seg i ulik hastigheit, og desse skilnadene har nok effektar på reell produksjon til å vera «langsiktig» i synet på menneska i en økonomi.

Verknader av inflasjon[endre | endre wikiteksten]

Inflasjon er nedgangen i kjøpekrafta til ein valuta. Det vil seia at når det generelle prisnivået stig, kan kvar pengeeining kjøpa færre varer og tenester samla. Effekten av inflasjon varierer på ulike sektorar av økonomien, med nokre sektorar som blir negativt påverka medan andre dreg nytte av det. Til dømes, med inflasjon, vil dei segmenta i samfunnet som eig fysiske eigedelar, som eigedom, aksjar osb., dra føremoner av at prisen/verdien på lageret deira aukar, når dei som søkjer å skaffa dei vil måtta betala meir for dei. Deira evne til å gjera det vil avhenga av i kva grad inntekta er fast. Til dømes er aukar i utbetalingar til arbeidarar og pensjonistar ofte etter inflasjonen, og for nokre menneske er inntekta fast. Også enkeltpersonar eller institusjonar med kontante eigedelar vil oppleva ein nedgang i kjøpekrafta til kontantane. Aukar i prisnivået (inflasjon) eroderer den reelle verdien av pengar (den funksjonelle valutaen) og andre postar med underliggjande monetær karakter.

Debitorar som har gjeld med fast nominell rente vil sjå ein reduksjon i den «reelle» renta etter kvart som inflasjonen stig. Realrenta på eit lån er den nominelle renta minus inflasjonsraten. Formelen R = N-I gjev tilnærma riktig svar så lenge både den nominelle renta og inflasjonsraten er låg. Den korrekte likninga er r = n/i der r, n og i er uttrykt som høvetal (til dømes 1,2 for +20 %, 0,8 for −20 %). Til dømes, når inflasjonsraten er 3 %, vil eit lån med ei nominell rente på 5 % ha ei realrente på om lag 2 % (faktisk er ho 1,94 %). Ein uventa auke i inflasjonsraten vil redusera realrenta. Bankar og andre långjevarar justerer for denne inflasjonsrisikoen anten ved å inkludera ein inflasjonsrisikopremie på fastrentelån, eller utlån til regulerbar rente.

Negative[endre | endre wikiteksten]

Teikning av ein arbeidar som tiggar på ein haug av devaluerte og verdilause setlar

Høge eller uføreseielege inflasjonsratar reknast å vera skadeleg for ein samla økonomi. Dei tilfører ineffektivitet i marknaden, og gjer det vanskeleg for føretak å budsjettera eller planleggja langsiktig. Inflasjon kan verka som ein brems på produktiviteten ettersom føretak blir tvungne til å flytta ressursar bort frå produkt og tenester for å fokusera på profitt og tap frå valutainflasjon.[12] Uvisse om den framtidige kjøpekrafta til pengar motverkar investeringar og sparing. Inflasjon kan òg føra til skjulte skatteaukar. Til dømes pressar oppblåste inntekter skattebetalarar inn i høgare inntektsskattesatsar med mindre skatteklassane er indekserte for inflasjon.

Med høg inflasjon blir kjøpekrafta omfordelt frå dei med faste nominelle inntekter, som til dømes nokre pensjonistar som ikkje har pensjonen indeksert til prisnivået, mot dei med variabel inntekt som med sine lønsinntekter kan halda betre tritt med inflasjonen.[12] Denne omfordelinga av kjøpekraft vil òg skje mellom internasjonale handelspartnarar. Der faste valutakursar er pålagde, vil høgare inflasjon i ein økonomi enn ein annan føra til at eksporten i den eine økonomien blir dyrare og påverkar handelsbalansen. Det kan òg vera negative effektar på handelen frå mindre stabilitet i valutakursar forårsaka av uføreseleleg inflasjon.

Positive[endre | endre wikiteksten]

Positive effektar av inflasjon kan vera tilmåtingar i arbeidsmarknaden. Nominelle løningar er trege med å justera ned. Dette kan føra til langvarig ubalanse og høg arbeidsløyse i arbeidsmarknaden. Sidan inflasjonen lèt realløningane falla sjølv om nominelle løningar er haldne konstante, gjer moderat inflasjon det mogeleg for arbeidsmarknadene å nå likevekt raskare.[20]

Inflasjon kan òg gje manøvreringsrom. Dei primære verktøya for å kontrollera pengemengda er mogelegheita til å setja diskonteringsrenta, renta bankane kan låna frå sentralbanken, og opna marknadsoperasjonar, som er intervensjonane til sentralbanken i obligasjonsmarknaden med sikte på å påverka nominell rente. Dersom ein økonomi er i ein resesjon med allereie låge, eller til og med null, nominelle renter, kan ikkje banken kutta desse rentene ytterlegare (sidan negative nominelle renter er umogelege) for å stimulera økonomien – denne situasjonen er kjend som ei likviditetsfelle.

Nobelprisvinneran Robert Mundell uttalte at moderat inflasjon ville få spararane til å erstatta utlån med pengar som eit middel til å finansiera framtidige utgifter. Den lågare realrenta vil indusera meir låneopptak for å finansiera investeringar. På same vis uttalte nobelprisvinneran James Tobin at slik inflasjon ville føra til at føretak erstattar investeringar i fysisk kapital (anlegg, utstyr og varelager) med pengesaldo i sine eigedelar. Denne substitusjonen ville bety å velja å gjera investeringar med lågare realavkastning. (Avkastningsratane er lågare fordi investeringane med høgare avkastning allereie vart gjorde før.) Dei to relaterte effektane er kjende som Mundell-Tobin-effekten. Med mindre økonomien allereie overinvesterer etter modellar for økonomisk vekstteori, vil den ekstra investeringa som følgje av effekten bli sett på som positiv.

Kontroll av inflasjon[endre | endre wikiteksten]

Pengepolitikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om både finans- og pengepolitikken kan påverka inflasjonen, har dei fleste land heilt sidan 1980-talet først og fremst lite på pengepolitikken for å kontrollera inflasjonen. Når inflasjonen kjem over eit akseptabelt nivå, kan sentralbanken i landet auka renta, noko som typisk vil ha ein tendens til å bremsa eller stogga veksten i pengemengda. Nokre sentralbankar har eit symmetrisk inflasjonsmål, medan andre berre kontrollerer inflasjonen når han stig over ein terskel, anten det er offentleggjort eller ikkje.

På 2000-talet favoriserer dei fleste økonomane ein låg og jamn inflasjon. I dei fleste land har sentralbankar eller andre pengemyndigheiter i oppgåve å halda interbankutlånsrentene sine på låge stabile nivå, og inflasjonsmålet på rundt 2 % til 3 %. Sentralbankar siktar mot låg inflasjon av di dei meiner at høg inflasjon er økonomisk kostbart av di det vil skapa uvisse om forskjellar i relative prisar og om sjølve inflasjonsraten. Ein låg positiv inflasjonsrate er målretta snarare enn ein som er null eller negativ av di sistnemnde kan forårsaka eller forverra resesjonar[10]; låg (i motsetnad til null eller negativ) inflasjon reduserer alvorsgraden av økonomiske resesjonar ved å setja arbeidsmarknaden i stand til å justera meir raskt i ein nedgangsperiode, og reduserer risikoen for at ei likviditetsfelle hindrar pengepolitikken i å stabilisera økonomien.[11]

Høgare renter reduserer pengemengda i økonomien fordi færre søkjer lån. Når bankar gjev lån, blir låneprovenyet vanlegvis sett inn på bankkontoar som er ein del av pengemengda. Derfor, når ein person betaler attende eit lån og ingen andre lån blir gjevne for å erstatta det, blir mengda bankinnskot redusert og dermed pengemengda. Til dømes, på starten av 1980-talet, då den føderale fondsrenta steig over 15 %, fall mengda av Federal Reserve-dollar 8,1 %, frå 8,6 billionar dollar ned til 7,9 billionar dollar.

I siste del av 1900-talet var det ein debatt mellom keynesianarar og monetaristar om det passande instrumentet å bruka for å kontrollera inflasjonen. Monetaristar legg vekt på ein låg og jamn vekst i pengemengda, medan keynesianarane legg vekt på å redusera samla etterspurnad under økonomiske ekspansjonar og auke etterspurnaden under lågkonjunkturar for å halda inflasjonen stabil. Kontroll av samla etterspurnad kan ein oppnå ved bruk av både pengepolitikk og finanspolitikk (auka skattlegging eller reduserte offentlege utgifter for å redusera etterspurnaden).

Andre metodar[endre | endre wikiteksten]

Faste valutakursar[endre | endre wikiteksten]

Under eit valutaregime med fast valuta er valutaen i eit land knytt i verdi til ein annan enkeltvaluta eller fleire andre valutaer (eller nokre gonger til eit anna verdimål, til dømes gull). Ein fast valutakurs er vanlegvis brukt for å stabilisera verdien av ein valuta, i høve valutaen han er knytt til. Det kan òg brukast som eit middel for å kontrollera inflasjonen. Men ettersom verdien av referansevalutaen stig og fell, aukar òg valutaen knytt til han. Dette betyr i hovudsak at inflasjonsraten i fastkurslandet er bestemt av inflasjonsraten til landet valutaen er knytt til. I tillegg hindrar ein fast valutakurs ei regjering frå å bruka innanlandsk pengepolitikk for å oppnå makroøkonomisk stabilitet.

Under Bretton Woods-avtalen hadde dei fleste landa rundt om i verda valutaer som var fastsette til amerikanske dollar. Dette avgrensa inflasjonen i desse landa, men utsette dei òg for faren for spekulative angrep. Etter at Bretton Woods-avtalen braut saman tidleg på 1970-talet, gjekk land gradvis over til flytande valutakursar. Men på den seinare delen av 1900-talet gjekk nokre land tilbake til ein fast valutakurs som ein del av eit forsøk på å kontrollera inflasjonen. Denne politikken med å bruka ein fast valutakurs for å kontrollera inflasjonen vart brukt i mange land i Sør-Amerika på den seinare delen av 1900-talet (til dømes Argentina (1991–2002), Bolivia, Brasil, Chile, Pakistan og fleire).

Gullstandard[endre | endre wikiteksten]

Gullstandarden er eit monetært system der det vanlege byttemiddelet i ein region er papirsetlar (eller andre pengesymbol) som normalt fritt kan konverterast til førehandsinnstilte, faste mengder gull. Standarden spesifiserer korleis gullstøtta skal implementerast. Valutaen i seg sjølv har ingen medfødd verdi, men er akseptert av handelsmenn av di han kan løysast inn for tilsvarande bullion. Eit amerikansk sølvsertifikat kan til dømes løysast inn mot eit faktisk sølvstykke.

Gullstandarden vart delvis forlaten via den internasjonale adopsjonen av Bretton Woods-systemet. Under dette systemet var alle andre store valutaer bundne til faste kursar til den amerikanske dollaren, som sjølv vart bunden av den amerikanske regjeringa til gull til en kurs på 35 dollar per unse. Bretton Woods-systemet braut saman i 1971, og fekk dei fleste landa til å bytta til fiat-pengar – pengar støtta berre av lovene i landet.

Under ein gullstandard vil den langsiktige inflasjonsraten (eller deflasjonen) bli fastsett av vekstraten for tilbodet av gull i høve total produksjon.[21] Kritikarar hevdar at dette vil forårsaka vilkårlege svingingar i inflasjonsraten, og at pengepolitikken i hovudsak vil bli fastsett av gullgruvedrift.[22][23]

Løns- og prisregulering[endre | endre wikiteksten]

Ein annan metode som er forsøkt tidlegare har vore løns- og priskontroll («inntektspolitikk»). Løns- og prisregulering har vore vellykka i krigstidsmiljø i kombinasjon med rasjonering. Likevel har bruken av reguleringane i andre samanhengar ført til langt meir blanda resultat. Påfallande feil ved bruken inkluderer innføringa av løns- og priskontroll i 1972 av Richard Nixon. Meir vellykka døme inkluderer pris- og inntektsavtalen i Australia og Wassenaar-avtalen i Nederland.

Generelt reknar ein løns- og priskontroll som eit mellombels og eksepsjonelt tiltak, berre effektivt når det er kombinert med politikk utforma for å redusera dei underliggjande årsakene til inflasjon under løns- og priskontrollregimet, til dømes å vinna ein krig som blir utkjempa. Dei har ofte avvikande effektar, på grunn av dei forvrengte signala dei sender til marknaden. Kunstig låge prisar fører ofte til rasjonering og mangel og motverkar framtidige investeringar, noko som resulterer i ytterlegare mangel. Den vanlige økonomiske analysen er at kvart eit produkt eller ein teneste som er underprisa er overforbrukt. Til dømes, dersom den offisielle prisen på brød er for låg, vil det vera for lite brød til offisielle prisar, og for lite investeringar i brødbaking frå marknaden for å dekkja framtidige behov, og dermed forsterka problemet på lang sikt.

Mellombels kontrollar kan vege opp for ein resesjon som ein måte å motarbeida inflasjon: Kontrollane gjer resesjonen meir effektiv som ein måte å motarbeida inflasjon (reduserer behovet for å auka arbeidsløysa), medan resesjonen hindrar den slags forvrengingar som kontrollar fører til når etterspurnaden er høg. Generelt er likevel rådet frå økonomar å ikkje påleggja priskontroll, men å liberalisera prisane ved å gå ut frå at økonomien vil tilpassa seg og forlata ulønsam økonomisk aktivitet. Den lågare aktiviteten vil stilla færre krav til kva råvarer som dreiv inflasjonen, anten det er arbeidskraft eller ressursar, og inflasjonen vil falla med den totale økonomiske produksjonen. Dette gjev ofte ein alvorlig resesjon, ettersom produksjonskapasiteten er omdisponert og derfor ofte er svært upopulær blant menneska som får levebrødet sitt øydelagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fleire kjelder:
    • «inflasjon». Nynorskordboka. Henta 12. desember 2021. 
    • «inflasjon». Det Norske Akademis ordbok. Henta 12. desember 2021. 
    • «inflasjon». Store norske leksikon. 26. august 2019. Henta 12. desember 2021. 
  2. Why price stability? Arkivert 2008-10-14 ved Wayback Machine., Central Bank of Iceland, vitja 11. september 2008.
  3. Paul H. Walgenbach, Norman E. Dittrich and Ernest I. Hanson, (1973), Financial Accounting, New York: Harcourt Brace Javonovich, Inc. Page 429. "The Measuring Unit principle: The unit of measure in accounting shall be the base money unit of the most relevant currency. This principle also assumes that the unit of measure is stable; that is, changes in its general purchasing power are not considered sufficiently important to require adjustments to the basic financial statements."
  4. Mankiw 2002, s. 22–32
  5. Diskutert ei rekkje gonger i «History of Economic Analysis» (1954) av Joseph Schumpeter.
  6. Mankiw 2002, s. 81–107
  7. Abel & Bernanke 2005, s. 376
  8. B. Snowdon, Outside the Mainstream: an Interview with Axel Leijonhufvud (2002)
  9. Mankiw 2002, s. 238–255
  10. 10,0 10,1 Hummel, Jeffrey Rogers. "Death and Taxes, Including Inflation: the Public versus Economists" (January 2007).[1] p. 56
  11. 11,0 11,1 "Escaping from a Liquidity Trap and Deflation: The Foolproof Way and Others" Lars E.O. Svensson, Journal of Economic Perspectives, Volume 17, Issue 4 Fall 2003, pp. 145–166
  12. 12,0 12,1 12,2 Taylor, Timothy (2008). Principles of Economics. Freeload Press. ISBN 978-1-930789-05-0. 
  13. Bryan, Michael F., "On the Origin and Evolution of the Word Inflation", Federal Reserve Bank of Cleveland, Economic Commentary, 15. oktober 1997.
  14. «Annual Report (2006), Royal Canadian Mint, p. 4» (PDF). Mint.ca. Henta 21. mai 2011. 
  15. Frank Shostak, "Commodity Prices and Inflation: What's the connection", Mises Institute
  16. Corina, Pons; Luc, Cohen; O'Brien, Rosalba (7. november 2018). «Venezuela's annual inflation hit 833,997 percent in October: Congress». Reuters. Henta 9. november 2018. 
  17. Baker, Gerard (19. januar 2007). «Welcome to 'the Great Moderation'». The Times (London: Times Newspapers). ISSN 0140-0460. Henta 15. april 2011. 
  18. Sjå: The consumer price index measures movements in prices of a fixed basket of goods and services purchased by a "typical consumer".
  19. Bank, European Central (1. juli 2004). «Introductory statement to the press conference». European Central Bank. Arkivert frå originalen 12. august 2015. 
  20. Tobin, James, American Economic Review, march (1969), "Inflation and Unemployment"
  21. Bordo, Michael D. (2002). «Gold Standard». The Concise Encyclopedia of Economics. Library of Economics and Liberty. 
  22. Barsky, Robert B; DeLong, J Bradford (1991). «Forecasting Pre-World War I Inflation: The Fisher Effect and the Gold Standard». Quarterly Journal of Economics 106 (3): 815–36. JSTOR 2937928. doi:10.2307/2937928. Henta 27. september 2008. 
  23. DeLong, Brad. «Why Not the Gold Standard?». Arkivert frå originalen 18. oktober 2010. Henta 25. september 2008. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Abel, Andrew; Bernanke, Ben (2005). «Macroeconomics» (5. utg.). Pearson.  Measurement of inflation is discussed in Ch. 2, s. 45–50; Money growth & Inflation in Ch. 7, s. 266–269; Keynesian business cycles and inflation in Ch. 9, s. 308–348.
  • Barro, Robert J. (1997). Macroeconomics. Cambridge, Massachusetts: MIT Press. s. 895. ISBN 0-262-02436-5. 
  • Blanchard, Olivier (2000). Macroeconomics (2. utg.). Englewood Cliffs, N.J: Prentice Hall. ISBN 0-13-013306-X. 
  • Mankiw, N. Gregory (2002). «Macroeconomics» (5. utg.). Worth.  Measurement of inflation is discussed in Ch. 2, s. 22–32; Money growth & Inflation in Ch. 4, s. 81–107; Keynesian business cycles and inflation in Ch. 9, s. 238–255.
  • Hall, Robert E.; Taylor, John B. (1993). Macroeconomics. New York: W.W. Norton. s. 637. ISBN 0-393-96307-1. 
  • Burda, Michael C.; Wyplosz, Charles (1997). Macroeconomics: a European text. Oxford [Oxfordshire]: Oxford University Press. ISBN 0-19-877468-0. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]