Influensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Influensa er ein infeksjonsjukdom som rammar svært mange menneske kvart år i sesongen. Han er ein viktig grunn til akutt sjukdom, og ofte blir det ei tydeleg overdøying i befolkninga i sesongen.

To typar av viruset, Influensa type A og B, gir årlege utbrot eller epidemiar av skiftande styrke hos menneske. Når det vert utvikla nye influensavirus som menneske ikkje har opparbeidd immunitet mot, kan det oppstå verdsomspennande pandemiar; den første vart skildra i 1580.

Symptoma er feber, muskelsmertar, hovudverk, tørrhoste og slappheit. Mageplagar er sjeldne, men ein kan sjå dei hos barn. Sjukdommen varar oftast 7-10 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]