Informasjonsarbeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Informasjonsarbeid er eit samleomgrep for arbeidet med informasjon andsynes ei målgruppe eller ålmenta. Informasjonsarbeidarar kan vere tilsett i private bedrifter, organisasjonar eller offentlege verksemder, med ansvar for å formidle informasjon internt og eksternt. Bedriftene rekrutterer menneske på ulike felt for å få den beste informasjonen. Dette kan blandt anna vere folk med spisskompetanse, til dømes journalistar, politikarar, juristar og andre.

I motsetnad til journalistar er ikkje informasjonsmedarbeidarar uavhengige og kritiske, men er opptekne av at den ønskte informasjonen skal kome fram og vere mest mogeleg positiv. For at informasjonsmedarbeidarar skal gjere ein god jobb, må dei byggje relasjonar til journalistar og medier. Til dømes prate med journalistar jamleg, halde dei oppdatert om kva som skjer, og heile tida vere organiserte. For å vere ein god og gjennomført informasjonsarbeidar skal ein ikkje lyge, men vere truverdig.

Ei undersøking utført av kommunikasjonsforeningen viser at i 2005 hadde 40% av kommunikasjonmedarbeidarane bakgrunn som journalistar.

Omdømme[endre | endre wikiteksten]

Ein informasjonsarbeidar må ha eit godt omdømme for å vere meir truverdig. Eit godt omdømme trekkjer folk og skapar tillit blandt brukarane. Eit dårleg omdømme kan kome av usann informasjon eller dårleg service. Omdømme oppstår i skjæringspunktet mellom forventningar og opplevingar, som skapast av det aktuelle selskapet eller organisasjonen sin lovnad om levering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]